JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Arktisk eller eksotisk?

HARSTAD: Kva er arktisk og med interesse utanfor seg sjølv? Det må Festspela i Nord-Noreg og direktør Maria Utsi finne ut av viss dei skal skape seg ein truverdig arktisk identitet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå kunstutstillinga Subsistence under Festspela i Nord-Noreg, som utforskar korleis det er å leve og overleve i Arktis.

Foto: Pernille Ingebrigtsen / Arctic Arts Summit 2017

3178
20170630
3178
20170630

Kommentar

Agnar Kaarbø

Festspela denne veka var første høvet for Utsi, som tok over direktørstillinga i 2015, til å vise korleis ei vending mot nord skal prege programmet. Vi kan sjå ei klar dreiing mot det arktiske, kva no dette omgrepet måtte tyde.

Det er mange kunstnarar i programmet som på ulikt vis lèt den nordlege dimensjonen prega det dei gjer. Men nytt er det ikkje. La meg minna om Nils-Aslak Valkeapääs opningsprolog i 1991. Multikunstnaren er ein av dei største kunstnarane som har vitja Festspela gjennom meir enn 50 år. Valkeapää var rotfesta i det samiske, men bodskapen var universell og sprengde seg ut av den nordlige ramma.

Det er denne krafta, og ein slik personlegdom, eg har sakna på Festspela. Til dømes blei to sentrale innslag, opningsframsyninga Nyoperaen Neoarctic og kunstutstillinga Subistence, for eindimensjonale.

Føreseieleg

Neoarctic er ein samproduksjon mellom danske Hotel Pro Forma, kjent for performance, installasjonar og opera, og det verdskjente Latvias radiokor. Det er ein kunstnarisk kommentar til klimadebatten. Det latviske koret var imponerande. Musikken var krevjande, tidvis spennande, men der ein vanleg opera byr variasjon, blei dette massivt, mørkt og stilleståande. Kanskje var det intensjonen, men undergangsskildringa blei for føreseieleg.

Noko av det same kan ein innvende mot kunstutstillinga, Subistence. Her utforskar kunstnarar frå dei arktiske landa korleis det er å leve og overleve i Arktis. Sjølvsagt har utstillinga kvalitetar. Mellom anna er fotografi av inuittar med utfyllande tekstar, signert amerikanske Brian Adams, verknadsfulle. Også norske Ingeborg Annie Lindahl inviterte til fin refleksjon om natur og endring med kolteikningane sine. Men totalt sett er det ikkje overraskande eller provokativt nok.

Heile nordkloden

Så vil nokon innvende at alvoret i korleis klimaendringane påverkar livet i Arktis, mellom anna for urfolka, er nok i seg sjølv. Og som det blei sagt på konferansen om arktisk kunst og kultur, Arctic arts summit, før Festspela starta: Det som skjer i Arktis, blir ikkje verande i Arktis.

Sant nok, og det er spennande at Utsi vil femna heile nordkloden, det som gjerne blir kalla det sirkumpolare området, med festivalen. Men gjev det meining å snakke om eitt Arktis når skilnadene er enorme og forteljingane mange og til dels i strid med kvarandre?

Som kulturarbeidaren Andreas Hoffmann, basert i Kjøllefjord, åtvara mot på Arctic arts summit: Arktisk kunst og kultur kan ende som innpakkingspapir for andre interesser. Jakta på nye finansieringsmåtar kan gjere at kunsten endar som lettfordøyelege bilete som reproduserer mytane om nord.

Hoffman har eit poeng. Ingen er tent med at vi gjer det arktiske til eksotiske kulissar i isaudna og reduserer det som er sårbart til noko stakkarsleg. Det er makta i nord – ikkje avmakta – som er interessant.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ingen er tent med at vi gjer det arktiske til eksotiske kulissar i isaudna og reduserer det som er sårbart til noko stakkarsleg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis