Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Bilderberg-møta
Årlege møte for gjester med bakgrunn frå politikk, næringsliv, forsvar og embetsverk i USA og Europa.
Det første møtet vart halde i Nederland i 1954.
Målet med møta var å styrke den transatlantiske alliansen.
For at deltakarane skal få snakke fritt, kan ingen ta referat eller fortelje offentleg om kva som blir sagt.
Møta blir finansierte av storselskap i USA og Europa.
Jens Stoltenberg blir ny leiar for styringsgruppa til Bilderberg-konferansane.

Kommentar
peranders@dagogtid.no
Denne veka vart det kjent at Jens Stoltenberg har fått seg ny jobb. Han skal leie styringsgruppa som arrangerer dei eksklusive årlege langhelgene kalla Bilderberg-møta, ein 70 år gammal diskusjonsklubb for europeiske og amerikanske politikarar, konsernsjefar, militærtoppar og andre med makt.
Takk vere referatforbodet og teieplikta for deltakarane – den såkalla «Chatham-regelen» – er Bilderberg-møta innhylla i løyndom. I kombinasjon med dei mange mektige deltakarane har dette gjort institusjonen elska av konspirasjonteoretikarar verda over, ikkje minst i USA. Blant deltakarane gjennom åra er leiarar frå Rockefeller-familien og dei svenske Wallenbergane, CIA-sjefar, forsvarssjefar, sentralbanksjefar, EU-kommissærar, toppsjefar for oljeselskap, farmasiselskap og våpenprodusentar, statssjefar og avisredaktørar. Mange blir berre inviterte til eitt møte, medan somme er stamgjester. Fremst blant dei var Henry Kissinger, som var på sitt første Bilderberg-møte i 1957 og på sitt siste i 2022, 99 år gammal.
Bilderberg-fenomenet inneheld det meste ein konspirasjonsteoretikar kan ønske seg.
Konspirasjonsmat
Bilderberg-fenomenet inneheld det meste ein konspirasjonsteoretikar kan ønske seg. Somme trur at desse møta er del av ei jødisk samansverging, somme meiner målet er å undergrave nasjonalstatane og innføre ei verdsregjering, og så vidare.
Men Bilderberg-møta får òg substansiell kritikk, særleg på grunn av hemmeleghaldet. Dette skil desse samankomstane frå det langt større World Economic Forum i Davos, der media er til stades og refererer frå arrangementa. Bilderberg er ein arena der leiarane og eigarane i verdas største selskap kan påverke statssjefar, statsrådar og leiande embetsfolk i USA og Europa, utan at nokon på utsida får vite om det. I dag er rett nok deltakarlista og den overordna dagsordenen offentleg. (Blant emna på møtet i Madrid i år var mellom anna kunstig intelligens, klima, framtidas krigføring, det geopolitiske landskapet, økonomiske utfordringar, Ukraina og verda, Midtausten, Kina og Russland.) Men referatforbodet står ved lag.
Problemet med Bilderberg-møta er ikkje at folk frå same bransje møtest der for å konspirere mot samfunnet, slik økonomen Adam Smith åtvara mot på 1700-talet, men det motsette: Mektige menneske frå heilt ulike sfærar, folkevalde leiarar og folk med sterke næringsinteresser, kjem saman på desse møta – utan offentleg innsyn.
Ein demonstrant frå det høgreradikale tyske partiet NPD utanfor Bilderberg-konferansen i Dresden i 2016. Dei årlege møta har vore gjenstand for konspirasjonsteoriar frå både høgre- og venstresida.
Foto: Jens Meyer / AP / NTB
Samansveising
«Bilderberg-gruppen er kanskje det fremste eksempelet på udemokratisk samrøre i den vestlige makteliten. Hvorfor i all verden skal statsledere og storkapitalister sitte i hemmelige møter med referatforbud for å diskutere de store spørsmålene», sa til dømes Bjørnar Moxnes, utanrikspolitisk talsmann i Raudt, denne veka.
Rett nok blir det visstnok ikkje gjort vedtak av noko slag på Bilderberg-møta. Deltakarane lagar ingen felles resolusjonar. Dei avlegg ikkje nokon truskapseid (anna enn lovnaden om å teie om det som blir sagt), og dei forpliktar seg ikkje til nokon felles standpunkt. Dette er ikkje nokon brorskap, knapt nok ein organisasjon: Bilderberg har visstnok ikkje noko charter og berre eit minimalt sekretariat, og er meir som eit laust nettverk å rekne, finansiert av storselskap i USA og Europa.
Like fullt kan slike møtestader skape lojalitet og ei sams forståing. Og ei slik samansveising av deltakarane har vore mykje av poenget med Bilderberg-treffa heilt sidan byrjinga.
James Bond
Namnet stammar frå hotellet der det første møtet i sitt slag vart halde i 1954: Hotel de Bilderberg var eit diskré familiehotell på landsbygda utanfor Arnhem i Nederland. Blant initativtakarane var den polske eksilpolitikaren Jozef Retinger, som var uroleg over veksande antiamerikanisme i Europa og frykta at USA og Vest-Europa skulle gli frå kvarandre. «Lagnaden til den vestlege sivilisasjonen avheng av samhaldet mellom Europa og USA», hevda Retinger.
Han fekk med seg prins Bernhard av Nederland, som vart styreleiar for Bilderberg-møta i over 20 år (inntil ei korrupsjonssak felte han i 1976). Retinger og Bernhard ville lage ein konferanse der folk skulle få tenke fritt og høgt utan å uroe seg for å bli siterte i media.
Bernhard var vand med løyndomar. Han var gift med den nederlandske tronarvingen Juliana, som vart dronning i 1948. Han kom frå ein tysk adelsfamilie, og hadde vore medlem i det tyske nazipartiet og SS på 1930-talet, men kjempa mot Tyskland etter invasjonen av Nederland i 1940. Bernhard arbeidde for britisk etterretning under krigen, og stilen og dametekket hans skal ha vore ei inspirasjonskjelde for forfattaren Ian Fleming da han skapte James Bond.
Blant samarbeidspartnarane før det første møtet på Hotel de Bilderberg var CIA-sjefen Walter Bedell Smith (som Bernhard vart kjend med under krigen), bankmannen David Rockefeller, fleire europeiske toppolitikarar og sjefen for Unilever-konsernet. Malen var lagd.
Prins Bernhard av Nederland var samlingsfiguren for Bilderberg-møta fram til 1976. Da vart det avslørt at han hadde teke imot over ein million dollar frå det amerikanske Lockheed-konsernet for å påverke nederlandske flykjøp.
Foto: Yousuf Karsh / Wikimedia Commons
Fredsprosjekt
På konferansen i 1954 møtte 50 delegatar frå 11 europeiske land og 11 deltakarar frå USA – politikarar, forretningsfolk, diplomatar og andre notabilitetar. Dette skulle ikkje vere eit forum med for mykje politisk slagside: Intensjonen var at kvart land skulle stille med ein konservativ og ein liberal delegat. Frå Noreg kom til dømes skipsreiar Leif Høegh og Finn Moe, stortingsmann frå Ap, til møtet i 1954.
Somme av dei tidlege deltakarane har framstilt Bilderberg-konseptet som eit fredsprosjekt. Den britiske Labour-politikaren Dennis Healey, som var med frå starten, sa i eit intervju i 2001: «Å seie at vi arbeidde for ei verdsregjering, er overdrive, men ikkje heilt feil. Vi meinte at vi ikkje kunne halde fram med å kjempe mot kvarandre for ingenting og drepe folk (...) Så vi følte at eit slags verdssamfunn ville vere ein god ting.»
Maktsfære
Dei fleste deltakarane på Bilderberg-møta gjennom åra har neppe vore fullt så idealistiske som Healey. Desse konferansane kunne nok bidra til meir forståing og tillit Nato-landa imellom, og kanskje var dei til hjelp for å utvikle samarbeidet i EF og seinare EU. Men Bilderberg har ikkje vore noka fredsrørsle, og dei aller fleste land i verda har aldri vore representerte. Dette er ikkje eit mini-FN, men eit forum for den nordatlantiske maktsfæren. Møta har vore haldne for dei politiske og økonomiske elitane i USA og Europa, ispedd nokre akademikarar og med svært få innslag frå sivilsamfunnet.
Deltakartalet har dei siste åra vore ein stad mellom 120 og 150 kvart år. Ifølge norsk Wikipedia skal minst 90 nordmenn ha vore på Bilderberg-møte gjennom tidene, inkludert kronprins Harald i 1984 og kronprins Haakon i 2011. Dei fleste politikarane på gjestelista gjennom åra har kome frå dei tradisjonelle styringspartia, som i Noreg vil seie Arbeidarpartiet og Høgre. Men desse har som regel blitt inviterte når dei har vore i opposisjon. Den einaste sitjande norske statsministeren som har vore på Bilderberg-treff, var truleg Kåre Willoch, som stilte da møtet vart halde på Rica Park Hotel i Sandefjord i 1982.
Talentspeidarar
Arrangørane av Bilderberg-møta har til tider hatt teft for leiartalent når dei har sett opp gjestelista si. Margaret Thatcher vart invitert første gongen i 1975, før ho vart partileiar for Dei konservative. Ifølge Dennis Healy skal ho ha gjort eit mektig inntrykk på Henry Kissinger, noko som opna dører for ho i USA seinare. Bill Clinton var Bilderberg-gjest på møtet i 1991, medan han berre var guvernør i Arkansas. Tony Blair vart invitert som meinig parlamentarikar før han vart Labour-leiar. Emmanuel Macron var Bilderberg-gjest i 2014, tre år før han vart fransk president. FN, EU-kommisjonen, Det internasjonale pengefondet og Nato har alle hatt toppsjefar som har vore på Bilderberg-møte før dei vart utnemnde.
Slike fakta har fått somme til å mistenke Bilderberg-nettverket for å ha meir uformell makt enn godt er: Kontaktane folk knyter på desse møta, hjelper dei med å få maktposisjonar i etterkant. Andre meiner dette berre viser at det er eliten i Europa og USA som blir invitert, den same eliten som fyller dei høgaste verva på båe sider av Atlanteren.
Nye vilkår
Kva så med Jens Stoltenberg, som no skal leie styringsgruppa og lage gjestelister? Ei mogleg tolking er slik: Han tok jobben for å streve vidare med å halde Nato-alliansen samla, pleie den dyrebare kontakten med USA og sikre tryggleiken for Europa. Det vil i så fall vere tett opp til den opphavlege intensjonen med Bilderberg-møta. Men vilkåra for dette strevet er langt dårlegare i dag enn dei var i 1954. Ikkje berre var den felles kampen mot nazismen i friskt minne den gongen. Den kalde krigen mot Sovjetunionen var på sitt mest intense, og frontlina gjekk midt i Europa.
Men no er vi i 2024. USA har igjen valt ein president som har kalla Nato «overflødig» og vil at Europa skal ta ansvaret for eigen tryggleik. Og uavhengig av kven som er amerikansk president, har strategane i Washington lenge vore meir opptekne av rivaliseringa med Kina enn dei er av Europa. Den transatlantiske alliansen er langt svakare enn han var, og verdsbileta i USA og Europa blir stadig meir ulike.
Multipolar
Mykje anna er òg endra dei siste 70 åra. I 1954 var dei vestlege landa heilt dominerande i verdsøkonomien, med USA i ei særstilling. For deltakarane på dei første Bilderberg-møta var det eit realistisk mål å sikre at denne heldige tilstanden skulle halde fram. Men i dag er verda multipolar. Kina er ei økonomisk supermakt som tek innpå USA, India er på veg opp, og det er vanskeleg å sjå for seg at Vesten igjen skal kunne dominere verda i same grad som i 1950-åra.
Tidsånda er imot Bilderberg-ideologien også på andre måtar. Desse møta har ikkje berre handla om å styrke den transatlantiske alliansen diplomatisk og militært. Dei har òg prøvd å fremje frihandel og globalisering. Bilderberg-møta har hatt som føremål «å bygge ein konsensus om frie marknader, vestleg kapitalisme og kapitalistiske interesser verda over», sa Andrew Kakabadse, medforfattar av boka Bilderberg People, til BBC i 2011.
Ikkje minst vart dette sentralt etter at den kalde krigen var over og trusselen frå Sovjetunionen forsvann. På 90-talet passa marknadsliberalismen som hand i hanske med interessene til USA og Vest-Europa, sidan dei var dei sterkaste industrilanda i verda. Dette var ei tid for nye frihandelsavtalar og stadig tettare integrasjon i EU – ei god tid for Bilderbergarane.
«Bilderberg-møta skal bygge ein konsensus om frie marknader, vestleg kapitalisme og kapitalistiske interesser verda over.»
Andrew Kakabadse, forfattar av «Bilderberg People»
Nye tider
I dag seier den påtroppande amerikanske presidenten at «toll» er det vakraste ordet han veit. Også EU-landa reiser tollmurar for å stagge importen av kinesiske elbilar, og britane har forlate EU for lengst. Den liberalistiske Bilderberg-bodskapen kling ikkje særleg godt i folket verken i USA eller Europa lenger. Og Bilderberg-møta er sjølve krondømet på elitenettverka og samrøret som har skapt så mykje sinne og desillusjon blant veljarar i Vesten, og som har styrkt høgrepopulistar på båe sider av Atlanterhavet.
Det er ikkje gjeve at toppfolka i den komande Trump-administrasjonen kjem til å vere like ivrige som forgjengarane til å delta på Bilderberg-utfluktene. (Rett nok var både utanriksminister Mike Pompeo og Trump-svigerson Jared Kushner til stades på møtet i 2019.)
Desillusjon
Kanskje er ein annan dimensjon av Bilderberg-konseptet òg i ferd med å kome under press. Gjennom mange tiår vart koplinga mellom kapitalisme og demokrati rekna som sjølvsagd av mange i vest. Frie marknader og frie samfunn vart rekna som to sider av same sak, og den tenkinga var òg tydeleg blant arrangørane av dei første Bilderberg-møta. Men ikkje alle kapitalistar er opptekne av koplinga mellom folkestyre og marknadsfridom.
Også i styringsgruppa som Jens Stoltenberg skal leie, finst det folk som er desillusjonerte over demokratiet. Dollarmilliardæren Peter Thiel, som vart rik gjennom investeringane sine i PayPal og Facebook, har skrive at han ikkje trur demokratiet lèt seg sameine med verkeleg fridom. Thiel reknar seg som libertarianar, til liks med den nære Trump-allierte Elon Musk, men er meir radikal. Han har tidlegare støtta Trump og den komande visepresidenten J.D. Vance økonomisk, men han ser no ut til å ha gjeve opp politikken, og vil ha disrupsjon av heile systemet.
Illiberal
Thiel er rett nok berre ein av 34 i styringsgruppa for Bilderberg, og vi treng ikkje lese for mykje inn i medlemskapen hans. Men til liks med Musk er han døme på ei rørsle i illiberal retning i delar av teknologibransjen i USA, ei næring som har blitt stadig meir sentral på Bilderberg-møta i takt med den veksande økonomiske makta til nett- og KI-gigantane. Data er den nye oljen. Og sjølv om han har gjeve opp politikken, ser Thiel seg tent med å vere med i styringsgruppa for Bilderberg.
Nok om Peter Thiel. Erfaringane og kontaktnettet frå Nato-åra kjem truleg til å tene Jens Stoltenberg godt i det nye vervet, og det er ingen grunn til å tru at han ikkje skal skjøtte vervet sitt greitt. Men det er heller ingen grunn til å tru at han får mange høve til å praktisere det mottoet mange hugsar han for frå tida som folkevald: «Mer demokrati, mer åpenhet og mer humanitet.» Det er ei tid for alt.
Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen