Bodberarens infame helsing
Luther-jubileet 2017 har vore eit minnepolitisk kompromiss der delte kyrkjer samla seg om den religiøse makta etter reformasjonen.
I dette rommet heldt ekteparet Luther sine mange bordsamtalar gjennom fleire tiår. Dei nedskrivne samtalane gir kunnskap om mangt som gjeld Luther, også om kona Katharina. Blyvindauga vitnar om velstand, men kakkelomnen er frå 1602.
Foto: Jurij Lipták
Sentrum for Luther-jubileet låg i Tyskland. Med aukande avstand bleikna og visna motstanden mot mytar som europeisk historieforsking har rydda kraftig i sidan 1960-åra. Så stod då preses for Den norske Kyrkja i Nidarosdomen 31. oktober og forkynte for konge og folk at det var på dagen 500 år sidan Martin Luther spikra opp 95 tesar på kyrkjedøra i Wittenberg.
Frankfurter Allgemeine Zeitung rekna seg i juli 2017 fram til at europeiske statar, kyrkjesamfunn og institusjonar til saman ville bruke noko slikt som 4,9 milliardar på Luther-jubileet. Det er prisen for å skrive nokre mytar ut av verdshistoria, beklage hans verdslege forakt for fleire etniske grupper gjennom eit minnepolitisk kompromiss og dermed einast på jubilantens svakaste og mest ubehagelege punkt.
Med eit verdsleg blikk kan ein knapt oversjå den betrevitande intoleransen, motet til handling og evna til å utnytte forvaltningsmakt, teknologi og økonomi til å skape endring. Krafta i desse prosessane var så sterk at den katolske kyrkja ikkje kom utanom å endre eigne system og handlemåtar. Verda tok tilbake makt som kyrkja hadde rive til seg.
Luther kløyvde kyrkja og samla språk. Reformasjonen skapte eit nytt europeisk språkbilde og forsterka utviklinga bort frå latin i retning av dei mange språka. På Luthers tid var Bibelen eller bibeldelar faktisk alt omsette til bortimot 100 språk. I dag er om lag 7100 språk i bruk verda over. Ved utgangen av 2016 var Bibelen eller bibeldelar omsette til vel 3200 av dei – nesten halvparten. Det gjer Bibelen til det mest omsette skriftverket i verda.
Der æva rår, kjem strategisk-taktisk tenking til kort. Ingen økumeniske minnefestar kan løyse Problemet. Ei bannlysing er ei bannlysing. Ho blir svært sjeldan oppheva, og ikkje posthumt. Vatikanet har meint at ei offisiell rehabilitering av Luther er unødvendig av di bannlysinga fell bort når den bannlyste døyr.
Togna tala, og togna fekk vare ved. Då pave Benedikt 16 vitja Tyskland i 2011, sa han at Luther var ein sann truande og eit stort vitne for trua. Med sitt tyske opphav var han den første paven som omtala Luther i rosande ordelag. Kanskje var han også den første paven etter Leo 10 som hadde lese Luthers ord.
Noko av det siste som blei sagt i det andre tusenåret, kom frå den økumeniske leiaren i Vatikanet. Den australske kardinalen Edward Cassidy hadde vore leiar for ei felles erklæring frå lutheranarar og katolikkar om frelselæra, eit stridseple like frå Luthers tid. Cassidy signerte «Felleserklæringen om rettferdiggjørelseslæren» 31. oktober 1999 i Augsburg, og sa at dette nok var det einaste han trygt kunne vise til på Dommedag.
Det året sa Cassidy også noko om reformasjonen. «I den historiske stunda trongst einkvan som framheva at det ikkje er ved våre gjerningar vi blir frelste. På ein slåande måte gjorde Luther det klart at vi var i vanskar.» Så la kardinalen til, med ei av dei mest infame, innskotne setningane i nyare europeisk historie: «Ein kan ikkje gjere noko for Martin Luther no av di Martin Luther, kvar han no enn er, ikkje er oppteken av desse fordømmingane.»
Ottar Grepstad
Serien «Luther-tesar 2017» er blitt trykt i 13 delar 18. august–17. november 2017.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.