Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
Stundom er det best å sleppa til friske krefter, men den tanken har nok ikkje streifa fersk og frisk. Ingen av dei er blodferske, og ingen av dei ser ut til å trenga forfriskingar. Dei er to røynde friskusar som toler friskt vêr og frisk tale og framleis har mange friske fråspark inne.
Dessutan er fersk og frisk strengt teke to former (lågtysk versch og vrisch) av det same ordet. I målføra våre er endå fleire former i sving. Til dømes kan folk finna på å seia farst, feskt eller fekst for ferskt og frikst for friskt.
Til grunn for alt saman ligg ei indoeuropeisk rot som opphavleg tydde noko slikt som ‘usalta, ugjæra’. I dag er det gjerne fersk me nyttar i desse tydingane. Me har ferskmat som ferskfisk og ferskkjøt, og nokre stader har dei ferskvaredisk. Ikkje minst har me ferskvatn.
Om ein er huga på eit friskt bad, treng ein ikkje hoppa uti ferskvatn: Saltvatn kan vera like forfriskande. Me kan dimed slå fast at jamvel om fersk og frisk har det same utspringet og mange sams tydingar (t.d. ‘ny; uskjemd; nyss hend eller laga’), har dei kvar sine spesialitetar. Når me talar om noko som er opplivande, svalande eller beint fram kaldt, er det frisk som gjeld. Sameleis om me talar om noko livleg og feiande («friske fargar», «frisk musikk», «det brenn friskt»).
Me treng ikkje friska opp dei etymologiske hovuddraga no, sidan me har dei friskt i minne, men det kan leggjast til at italiensk fresco (‘kjølig, frisk’) er lånt frå germansk. Å måla al fresco er å måla «på det friske» (våt murvegg). Fresco har mestsom byrja på ny frisk i norsk, med dei lett oppnorska skrivemåtane freske og fresko.
Til og med folk som er tolleg ferske i norsk, veit at ei av hovudtydingane til frisk er ‘som har god helse, ikkje sjuk’. Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld. Før meinte folk at levra var sete for tankeliv og kjensler, dimed kan me seia «frisk på levra» om dei som er kvike, opplagde og uredde.
Frukta fersken har ikkje fått namnet sitt fordi ho er ferskare enn andre. Fersken har ikkje med fersk å gjera i det heile: Det tyder ‘persisk (eple)’. Men me kan ta ferskentjuvar på fersken eller på fersk gjerning (norrønt at ferskri gjarning).
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB