JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Då Vesten endra retning

Reformasjonen i Europa var ei verdshistorisk hending som gav opningar i retning av det moderne demokratiet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Astronomen Nikolaus Kopernikus levde på same tida som Luther; astronomen Tycho Brahe blei fødd det året Luther døydde. Då Brahe bygde observatoriet Stjerneborg (bildet) på øya Ven nord for Malmö i 1584, henta han noko av steinen frå eit av mange kloster som var under avvikling – Selje i Nordfjord.

2885
20171110
2885
20171110

Pave Julius 2 la ned grunnsteinen til den nye Peterskyrkja i Roma i 1506. For å skaffe pengar trongst nye avlat. «Når pengane i kassa kling, sjela ut frå skirselden spring», var mottoet til avlatshandlaren Johann Tetzen. Underteksten var ein kollektiv angst for helvete, og denne angsten styrte mang ein kvardag gjennom mellomalderen.

Men: Tida fram mot 1500-talet var også prega av dei vestlege oppdagingane av verda bortanfor eigne grenser, eit oppbrot i retning av moderne vitskap, eit gjennombrot for naturvitskapleg tenking og ei gjenoppdaging av antikken, oppsummerer statsvitaren Ulrich Sarcinelli.

Livet handla om meir enn æva på hi sida. Den verdslege makta utfalda seg og skulle handterast gjennom ei sekularisering som ikkje oppheva det religiøse, men som heller ikkje blei universell. Denne prosessen gjorde seg mest gjeldande i Europa og i Vesten, med reformasjonen som ei av fleire årsaker. Knapt nokon stad blei reformasjonen gjennomført i strid med verdslege styresmakter. Såleis vedtok det danske riksrådet 30. oktober 1536 å innføre reformasjonen – året etter også i Noreg.

Det tok til i det religiøse og enda i det politiske. Altfor ofte blir reformasjonen forstått som ei innleiing til opplysning og toleranse. Der går nok inga direkte linje frå reformasjon til demokrati, men den reformerte kyrkja gav både etiske og politiske impulsar i den retning. Modernisering og sekularisering er heller ikkje alltid to sider av same sak, men med Luther følgde ei individualisering av samvitet. Det var eit openbert moderne element og heilt ulikt den katolske forståinga av tradisjon og autoritet.

Den osmanske herskaren Suleiman I den store var ein viktig grunn til at Luther og hans folk raskt kunne oppnå mykje. Suleimans hær erobra land og folk, og keisar Karl 5 trong den støtta han kunne få frå fyrstane i det tyske keisarriket, til å stå imot. I denne situasjonen framheva Luther det kollektive på ein annan arena. Han kunne ikkje fri seg frå tenesta han skulda «mitt Tyskland», sa han i Worms. Det ulma blant bøndene, og i bondekrigen som følgde, snudde Luther kappa etter vinden. Slik viste opprørarane kvar grensa for Luthers reformasjon gjekk.

Luther hadde lite til overs for folk som meinte noko anna enn han sjølv. Han fekk seg til å seie at tyrkarane var ein fiende av Gud og forfølgde alle kristne. Språket han hadde utvikla, misbrukte han også til eit brutalt jødehat. Fleire av tiltaka som Luther tok til orde for mot jødar kring 1540, fekk dessverre si endelege løysing 400 år seinare. Luther skreiv, Hitler handla.

Så var han likevel på mange vis også ein mann av gamletida. Reformasjonen han utløyste, verka i fleire retningar enn den positive.

Ottar Grepstad

Neste og siste: Bodberarens infame helsing

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis