JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

«Få mor med ære begravet…»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Harald vitja Yanomami-indianarar i Brasil i 2013.

Foto: ISA Brazil / Regnskogfondet / Det Kongelige Slott / NTB scanpix

3865
20180518
3865
20180518

Det er Peer Gynt som kjem med denne oppmodinga etter at han med dikt og løgn har losa mora ut av det fattigslege livet hennar.

Døden gjer levande menneske om til døde kroppar. Alle kulturar har reglar, ritual og lover om korleis denne døde kroppen skal handterast. Gravfunn er av dei beste kjeldene vi har til farne tider. Dei fortel om tru og tankar.

Noko av det første arbeidarrørsla gjorde då ho byrja å organisere seg, var å skipe gravferdskassar slik at kvar og ein kunne vere sikre på at dei kom i jorda på anstendig vis. Framleis er det folk som set av pengar i testamentet for å vere sikra ei ærefull gravferd.

På våre kantar er det blitt meir og meir vanleg å kremere dei døde. Den første lova om dette kom hos oss i 1913. I katolisismen var kremering ulovleg fram til 1963.

Og her skaper moderne kirurgi eit lovtolkingsproblem. Kva er det som skal gravleggjast?

I Sverige har dei no lovverket om gravlegging og kremering oppe til revisjon. Og tolkingsproblemet og definisjonsproblemet har meldt seg.

Den gamle lova sa at alt skulle i urna, som så skulle i jorda. Sidan denne lova vart laga, har kirurgien gjort enorme framsteg. No vandrar det tusenvis av menneske rundt oss med kroppen full av fint metall, hofteskåler, kne og lemmer, metall som held dei unna rullestolen og sjukesenga. Dette metallet brenn ikkje i kremasjonsomnen.

I samband med lovrevisjonen bed kremasjonsindustrien om at det skal bli lovleg å plukke desse metallbitane ut og sende dei til omsmelting. I dag er dei vanskelege å få på plass i urna. Problemet er stort og konkret. I Sverige er det er snakk om mange tonn i året.

Historisk er det tenkt mange og dyre tankar om kva dei døde skal få med seg ut av livet. Rike gravfunn er det mange av. Men at dei skal måtte levere frå seg nyttige hjelpemiddel før dei kjem i jorda, er ein ny og moderne tanke.

Den såkalla spanskesjuka i 1918 og 1919 drap fleire menneske enn noko anna utbrot i historia, mange fleire enn den verdskrigen som akkurat var i ferd med å bli avslutta. Katastrofen utfordra forskarane. Ingrid Torp fortel om dette i bladet Forskningsetikk. Og det var blodet dei fokuserte på. Blodet til eit individ fortel mykje av den medisinske historia til individet, kva infeksjonar individet har vore utsett for, og kva antistoff infeksjonen då har lagt etter seg. Med omfattande prøvetaking kan ein så finne den medisinske historia til heile samfunn.

I 1958 kom WHO på banen med eit stort globalt prosjekt om blod og immunologi. Det skulle gi historisk kunnskap, men også nyttig kunnskap for vaksineprodusentar, om gamle virus som kunne dukke opp igjen.

Sidan då har denne blodinnsamlinga halde fram, og ho varer framleis. Fleire hundre millionar frosne prøvar ligg lagra i biobankane i verda, fortel Ingrid Torp.

Denne innsamlinga var først og fremst retta mot ulike inuitfolk, som var «levande laboratorier for studiar», som det vart sagt. Det handla om amerikanske og afrikanske urfolk og øyfolk. Det vart murra om vitskapleg rasisme, der urfolk vart rekna som leivningar frå fortida.

Med nye kommunikasjonsformer vart det etter kvart kjent kva som var blitt gjort, og at desse enorme blodlagera fanst.

Urfolk protesterte og ville ha blodprøvane sine ut av fryselagra for å gravleggje dei. Det vart årelang strid. I 2015 fekk Yanomami-folket i Amazonas blodprøvane sine tilbake, slik at dei kunne handtere dei på sømmeleg vis. I kulturen deira blir ingenting tatt vare på etter kremeringa. Slik skil dei verda til dei levande frå verda til dei døde. Og blodet i fryselageret rota dette til. Noko av den døde var att i livet, om så berre i eit fryselager.

Forsking er ikkje ein gud som veit kva som er best for alle, sa talsmannen deira. Det er vi som veit om forsking er bra for oss eller ikkje.

Så fekk, omsider, dei døde den siste blodskvetten sin med seg ut av livet.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis