Restaurering
Nytt og umoderne
– Inga såpe på tredisken, takk!
Kjøkenrommet måler 3,55 x 4,25 meter og kosta meg i alt 475.000 kroner å pussa opp frå botnen av. Seksjonen til venstre har far min laga. Her har eg alt av større kjøkenutstyr.
Foto: Eric Clement
Det er ikkje lett å eiga eit nytt kjøken. Eg vil helst at det skal vera nytt så lenge som råd, men må bita det i meg: Det er berre nytt éin gong. Og det var i mars.
Den 11. mars, klokka 15.36, vart vatnet kopla til, og kjøkenet mitt var offisielt nytt. Dagen etter sa Erna at alle skular og barnehagar skulle stengjast, og kjøkenet vart omgjort til heimekontor. Fredag 13. mars kom den fyrste flekken på benkeplata i eik, og frå no av gjekk det slag i slag.
Kor flekkane kjem frå, veit eg ikkje, men eg vert skuffa om dei viser seg å koma frå såpe. For er det éin ting eg har sagt til alle som har våga seg inn på kjøkenrommet mitt, er det at benkeplata i eik ikkje skal vaskast med såpe.
– Difor har me to klutar: éin med såpe og éin utan. Den kvite kluten skal det aldri vera såpe på.
Somme tek slike beskjedar på alvor. Eg seier det éin gong, og dei skjønar det. Dei viser forståing og respekt. Kjøkenet er nytt, sjølvsagt vil eg halde det fint. Andre gjev blaffen. Eg må liksom gå etter dei å minna dei på toklutsregelen. Ingenting er kjipare enn å måtta gjenta for gjestar at eikedisken ikkje skal vaskast med såpe.
Sjølve monteringa av kjøkenet gjekk over to dagar. To bergensarar kom med fyrste ferja ein morgon og sette i gang med sirkelsag og boremaskin. Eg trur dei var brør, eg trur til og med dei var einegga tvillingar, men eg spurde ikkje. Når dei snakka om seg sjølve, sa dei ikkje eg, dei sa me. «Me er oppvaksne med hytte her i Austevoll, så det er kjekt å koma att.» «Me vil bli ferdige i dag, for me skal til Hemsedal i morgon.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.