Høyrsle

Høyrespel

Eg vart mistenkt for å høyra dårleg, og tok saka i eigne øyro.
 

Publisert Sist oppdatert

Du må få testa høyrsla di, sa ei veninne.

Me var i ein svær hall i København, på konsert med artisten Sturgill Simpson, stod langt framme til venstre for scena. Rundt oss var dongerikledde menn i cowboyhattar som skåla og song med.

Det me ikkje hadde fått beskjed om, var at konserten skulle vara i over tre timar. Alt etter halvannan byrja me å trekkje til sida og snakka. Me bur ulike stadar i landet og hadde litt å ta tak i.

Medan ho høyrde alt eg sa, høyrde eg lite av det veninna mi fortalde.

Gjennom livet har eg vore bestemt på éin ting: Vert eg skulda for å høyra dårleg, skal eg ta grep. Få meg hjelpemiddel om naudsynt.

Ein ting er å høyra tungt. Ein annan ting er å ikkje vedgå at ein er tunghøyrd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement