JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Hjarteøya

UUMMANNAQ: Ved foten av eit hjarteforma fjell ligg barneheimen som er den eldste på Grønland og den nordlegaste i verda. Her bur borna så lenge dei har trong for det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Uummannaq sett frå eit frose hav.

Uummannaq sett frå eit frose hav.

Alle foto: Ilona Wisniewska

Uummannaq sett frå eit frose hav.

Uummannaq sett frå eit frose hav.

Alle foto: Ilona Wisniewska

9987
20170630
9987
20170630

ilona_wisniewska@interia.pl

Eit menneske bør høyre til omgjevnadene sine. Men kva hender om omgjevnadene endrar seg? Kva skjer då med eit menneske? spør ei grønlandsk kvinne i ilmen Inuk. Filmen er frå 2010 og fortel om guten Inuk som voks opp i Nuuk, Grønlands største by, fylt med grå blokker, junk food og sosiale kontrastar. Inuk vert teken frå den alkoholiserte mora og send 800 kilometer nordover til ein barneheim i Uummannaq. I det veglause landet er det ei einvegs reise. Inuk finn livsvegen gjennom å lære seg å bruke hundepiska som han arva etter den døde faren, den vidgjetne fangstmannen.

Uummannaq er ein stad med 1300 innbyggjarar, på ei tolv kvadratkilometer stor øy, 460 kilometer nord for polarsirkelen. Rørslefridommen vert monaleg utvida i alle månadene då havet er dekt med solid is. Då fartar innbyggjarane mellom dei små bygdene med hundesledar, snøskuterar og ikkje minst bilar. Ifølgje ruteplanen skal helikopter kome frå fastlandet eit par gonger i veka. Dukkar det ikkje opp på grunn av dårleg vêr eller tekniske problem, dreg innbyggjarane gjerne over isen med ein av dei åtte drosjane i byen.

Uummat tyder «eit hjarte». Uummannaq er ein stad ved hjartet. Her ved foten av eit fjell med form som eit hjarte, ligg barneheimen som er den eldste på Grønland og den nordlegaste i verda. Institusjonen vart etablert i 1929 som sanatorium for foreldrelause og sjuke born. Dei aller fleste av dei 37 borna som i dag oppheld seg i barneheimen, er ungdommar. Den yngste er sju år, del eldste over 20. Ingen vert kasta på dør idet dei fyller 18 år. Filosofien er at barneheimen er ein heim sjølv for ungdom som kan røyste ved val eller kjøpe alkohol legalt. Her bur ein så lenge ein har trong for det. Barneheimen eig mange bygningar i bygda, slik at ungdommar som ynskjer det, kan få prøve å bu for seg sjølve.

Dei som bur på barneheimen, kjem frå heile Grønland: frå Thule lengst nord til Ittoqqortoomiit i aust. Grønland er delt inn i tre store område: Avannaa i nord, Kitaa i vest og Tunu i aust. Kvart område har sin variant av det grønlandske språket og sin måte å leve med naturen på. I Uummannaq vert det undervist i alle tradisjonar slik at borna ikkje skal gløyme kvar dei kjem frå, sjølv dei som ikkje har kontakt med foreldra sine.

– Det finst eit barn i oss alle, seier Ann Andreasen, karismatisk færøyværing og direktør for barneheimen.

Ho kom til Uummannaq som nyutdanna pedagog for over 20 år sidan.

– Ingen tok vare på foreldra til desse borna. Foreldra vart passa så dårleg at dei ikkje lærte korleis dei skulle passe eigne born. Viss du ikkje får vere barn, veit du heller ikkje kven du er som vaksen, seier ho.

I Europa, og særleg i Skandinavia, vert Grønland stort sett omtalt i negativ samanheng. Vi høyrer om eit land prega av sjølvmord, seksuelt misbruk av born og høgt forbruk av alkohol og hasj. Årsaka til dette vert gjerne forklart som eit resultat av danske utviklingsprogram som vart sette i verk i all hast etter den andre verdskrigen då Grønland vart ein del av det danske kongeriket.

Grønlendarane vart flytta frå torvhus til moderne husvære, frå fangstfelt til oppvarma matbutikkar, frå naturlege vasskjelder til kranvatn og frå bålplassar til radiatorvarme. Den gjengse oppfatninga var at naturfolket burde kunne leve herrens glade dagar med alt dette i tillegg til gratis utdanning og gratis helsevesen. Europeisk modernitet har endra det opphavlege grønlandske samfunnet på det familiære nivået, der alle tidlegare levde tett på kvarandre og der kunnskapen kom frå naturen sjølv, ikkje frå bøker. Foreldra til ungdommane i barneheimen høyrer til generasjonen som ikkje fann seg til rette innafor rammene til moderniteten.

– Dei to viktigaste tinga for oss er grønlandsk kultur, som borna kan vere stolte av, og naturen, som er røtene deira, seier Ann Andreasen.

– Vi legg vekt på daglege rutinar, god mat, nærleik, klare reglar og ikkje minst kaos.

Direktøren trivst i kaos. Ho likar ikkje å planleggje. Gjer ho likevel det, endrar ho alltid planane.

– Slik er den grønlandske mentaliteten. Difor er tolmod nøkkelordet til godt samarbeid, forklarer ho.

Ann Andreasen brukar ikkje klokke. På Grønland er det nemleg vêret som styrer. Ein kjem når ein kan kome. Europearane irriterer henne med å vere så opptekne av å vere punktlege og trongen dei har til å gje råd.

Barneheimen som opphavleg vart bygd av danskane, står i dag tom i sentrum av Uummannaq. Den nye heimen stod ferdig for eit par år sidan, med tre kjøkken og fire stover. Bygningen er planlagd for at borna skal ha det romsleg, med jentene i éin del og gutane i ein annan. Romma er måla i fine fargar. Borna har mange bøker og er utstyrte med fine klede. Ann er meir enn vanleg oppteken av senger, og sørgjer for at alle som måtte finne vegen til barneheimen, får mat og ein stad å sove.

Ifølgje direktøren treng ein ikkje meir for å overleve.

– Borna kjem til oss for å bu her fast, forklarer Ann.

– Dei skal ikkje adopterast bort. Dei fleste har familiar, og vi vil ikkje at dei skal skiljast. Vi ynskjer heller ikkje å fjerne dei frå den grønlandske levemåten. Foreldra skjønar at borna har det betre i barneheimen enn heime. Dei kjem gjerne på besøk til jul og konfirmasjon. Det hender òg at dei tek borna med heim att på besøk, men transport er ekstremt dyrt på Grønland, og dei fleste har sjeldan råd til å reise.

Borna møter gjerne nye tilsette ved barneheimen med eit smil, men held ein viss avstand ut frå erfaringa om ikkje å lite på vaksne. Eg arbeidde i vår som friviljug i barneheimen i tre månader og opplevde at somme born aldri ville ha noko med meg å gjere.

På Grønland er det heilt normalt at det går ei viss tid før innbyggjarane introduserer seg sjølve. Å presse seg inn på andre med namn og historie vert gjerne oppfatta som uhøfleg. Dei seier at alle menneske har eit namn og ei historie, men at ikkje alt må formidlast med éin gong. Når det gjeld borna, kjenne berre nokre få fast tilsette bakgrunnen deira.

Erfarne pedagogar ser straks korleis eit barn er skadd. Andre som arbeider på barneheimen, må lære av eigne feil, få kjeft rett etter ein hyggjeleg klem, verte knuffa utan grunn eller få fingeren som takk for hjelpa med leksene. Pedagogane seier at borna gjev signal om tillit, og at det er dei vaksne som har i oppgåve å kjenne att desse teikna. Signalet vert gjeve berre éin gong, og som uerfaren er det fort gjort å oversjå det.

På Grønland bur om lag 56.000 menneske. På kvar stor stad finst det minst éin barneheim. Heimen i Uummannaq er vidgjeten over heile landet som staden der mareritt vert jaga vekk med musikk.

Ann fortel at borna kjem med traume og ho har høyrt om absolutt alt, mellom anna foreldre som har stengt barnet sitt inne i frysaren.

– Musikk er motgift for dårlege tankar.

Alle borna spelar eit instrument, frå fløyte til kontrabass. Sofia Hernandez Mejia frå Venezuela er musikklærar, og øver dagleg med elevane. Ungdommane framfører både klassiske og eigne komposisjonar, øver inn tradisjonelle song- og dansenummer og lyttar til undergrunnshiphop på mobiltelefonane om kvelden medan dei dansar dab.

Då Ann kom til Uummannaq, fanst det ingen instrument der. Ho voks opp i ein musikalsk og kunstnarleg familie, men kan sjølv ikkje spele noko instrument eller lese notar. Trass i det er ho i stand til å dirigere orkesteret av tilsette, friviljuge og tilfeldige gjester. Alt må verke perfekt, og det er ingen plass til klager.

Barneheimen i Uummannaq er ein kulturell institusjon som trekkjer til seg kunstnarar og artistar frå heile verda. Ann vil at borna hennar skal møte ulike menneske. Difor er det alltid nye andlet rundt bordet. På to månader, til dømes, var den norske ambassadøren til Danmark, den vidgjetne kinesiske målaren Liu Xiaodong, den danske performancekunstnaren Aviaja Lumholt, fransk fjernsyn, journalistar og fotografar frå Australia, Tyskland og andre europeiske land på besøk.

Konsertar vert haldne med gjester både som publikum og utøvarar, eller i samband med bornas fødselsdagar og gravferder i bygda.

Sjølvmordsraten er høg hos unge menn på Grønland. Tradisjonelt krevst det at menn skal vere sterke og ikkje vise kjensler. Ann er stolt av at ingen har teke livet av seg i barneheimen, sjølv om heller ikkje Beethoven er i stand til å skjule lyden av gråt.

Det finst minne frå heile verda i barneheimen, utmerkingar frå musikkfestivalar og alle slags kunstgjenstandar. I eit av dei største romma heng ein variasjon av Salvador Dalis målarstykke «Christ of Saint John of the Cross», der Kristus heng over hav og land. I denne versjonen er den spanske landsbyen i bakgrunnen erstatta av vestgrønlandske isfjell.

– Det er Jesus frå Uummannaq, slik at vi veit av vi er ein del av verda, seier Ann og flirer.

Verda får borna erfare heile tida. På ei vising av filmen Inuk i Tyskland for eit par år sidan spurde ein journalist ein av gutane korleis det var å forlate heimlandet for første gong. Guten såg på henne og byrja å telje: «Hawaii, Alaska, Sør-Afrika, Venezuela» og så vidare, til han ikkje hadde fleire fingrar å rekne på.

Kritiske røyster påstår at barneheimen skaper falske bilete av livet dei vaksne har. Ann på si side meiner at sjølv om borna vert fiskarar, vert dei fiskarar som har sett verda. Dei lever ikkje på Grønland fordi dei ikkje har noko val, men fordi dei har teke eit val. Det er òg ungdommane sjølve som vel om dei skal bruke lommepengane sine på sigarettar eller Snapchat. Det viktigaste er at dei er trygge og elska.

Mange av ungdommane reiser vekk for å studere. Hovudproblemet, ifølgje grønlendarar, er ikkje at dei unge får utdanning, men at dei ikkje kjem att. Dei unge frå barneheimen tek opp att at dei alltid vil heim att, der hjartet ligg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Barneheimen i

Uummannaq er ein

kulturell institusjon
som trekkjer til seg kunstnarar og artistar

frå heile verda.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis