JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Du er fjellstova mi

HJERKINN: Dovrefjell er symbol på norsk semje, men for å samla landet har statsforvaltinga i tusen år sytt for varmestover i fjellheimen. På Hjerkinn er eg einaste gjesten, og vertskapet er polsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magdalena Wozniak og Jakub Wojdyga frå Warszawa i Polen driv heilårsfjellstove på Hjerkinn.

Alle foto: Håvard Rem

11304
20220624

Langfjella

Del 1. Hjerkinn

I sumar fer Håvard Rem i Langfjella, frå Hjerkinn i nord mot Sirdal i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i målskilje og kulturskilje, vasskilje og vêrskilje.

havard@dagogtid.no

Det er kveld når eg går av toget på Hjerkinn, den audaste og høgstliggjande stasjonen på Dovrebanen. Ingen møtte fram og ingen gjekk på. Med ljos i glasa og travle bord i kafévogna forsvinn toget i ei kurve nordover. Berre eg gjekk av. Med ein sekk på ryggen står eg på perrongen i høgfjellet, mellom snødekte fjellsider i vest og vidder i aust.

På eit skilt står det: Högd o. Havet 1016,99. På Bergensbanen ligg Finse (1222 moh.) høgare, for no ikkje å nemna Tibetbanen og stasjonane Na Qu (4513 moh.) og Tangula (5068 moh.). Men det var ikkje så kaldt på perrongane der. Kom ein til Hjerkinn om vinteren, berga ein livet berre om ein såg ljos frå ei varm fjellstove. Og det ser eg.

For høg og låg

Før har Hjerkinn vore målet, men denne gongen byrjar ferda her. Eg skal fara gjennom Langfjella, frå Dovrefjell i nord mot Setesdalsheiane i sør. Ikkje til fots. Somme gjer det òg, nær 800 kilometer på ein dryg månad, frå Hjerkinn til Sirdal. Føtene vert nytta i lag med sykkel og bil, buss og tog.

Berre om ein er særs nostalgisk til sinns, treng ein vera fjellklatrar eller polfarar for å ferdast i Langfjella. Tusenår med slit i Dovrefjell enda nøyaktig her for nøyaktig hundre år sidan. Då kom kong Haakon til Hjerkinn for å opna Dovrebanen. Førti kongar hadde vore på Hjerkinn før han. Nokre dronningar òg. Men det var før jarnbanen. Ei av dei var så skremd av ferda over Dovrefjell at ho etter seremonien i Nidarosdomen valde å koma seg til hovudstaden att med skip, som heller ikkje var trygt, og tok tid.

Langfjella har no i hundre år vore for alle. Rørslehemma kjem seg opp på høge tindar i himmelheisar, skylifts, gondol- og kabelbanar i Loen og Åndalsnes, Stranda og Voss, Gausta og Rjukan.

Kjølen

På vegen til Hjerkinn, utanfor Hamar (127 moh.), såg eg eit skip liggja kvolve med kjølen i vêret, som ein Langfjella-metafor: Vikingskipet. «Å dra over Kjølen» er eit moderne munnhell mellom folk som jaktar på lågprisa sideflesk, men sjølve uttrykket er gamalt som Gokstadskipet. Om ein som rømde til Sverige, ikkje under krigen, men i norrøn tid, skreiv Snorre på 1200-talet at han flydi avstr um Kiol, «flydde aust over Kjølen». I Langfjella skal eg både her og der møta Kjølen, i sør og her på Dovrefjell, der namnet på garden Kili, som ligg nær ein fjellovergang, kjem av kjøl.

Fjell dannar ei naturleg grense, store fjell dannar gjerne eit vêrskilje, eit vasskilje, eit målskilje, eit kulturskilje.

Det gjer Langfjella òg, så det monar, men – i motsetnad til Kjølen – ikkje eit landskilje, ei landegrense. Det kunne dei gjerne ha gjort. Mellom kva for land då? Mellom Vest-Noreg og Aust-Noreg.

Kva er grunnen til at Vestlandet og Austlandet kan kjennast som to ulike land? Langfjella.

Magda og Jakub

I høgfjellet byrjar ikkje sesongen før i dag, fredag 24. juni. Så eg stod ikkje åleine berre på perrongen, eg er einaste gjesten i fjellstova. I vindfanget står utstoppa villrein og moskus. Med moskusen på Dovre fekk ein urokse att i urnorske fjell, men historisk kjennest det rett at dei er framande og utlendingar, det unge paret som held liv i den meir enn tusen år gamle fjellstovetradisjonen på Hjerkinn.

Alt frå byrjinga var høgfjellet for dei som laut freista lukka og ulukka ein ny stad. Næraste granne til Hjerkinnhus er Villreinsenter Nord, der dei tilsette er norske. Men dei bur ikkje her. Etter kontortid set dei seg i bilen som danna folk og køyrer E6 til Dombås.

Framande har alltid søkt seg hit. Då det for ti tusen år sidan kom sumrar der Hjerkinn ikkje lenger var dekt av snø, men av lav, vart høgfjellet fylt av langvegesfarande flokkar av firføtte og toføtte.

Magdalena Wozniak og Jakub Wojdyga frå Warszawa i Polen driv Hjerkinnhus, eit snøballkast frå jarnbanestasjonen. Ho fortel på haltande norsk:

–?Me arbeidde i restaurantbransjen i Warszawa då polske vener lokka oss til å vikariera ein sumar på ein utestad i Valdres. Sumaren vart eit heilt år, og då vart me spurde om å ta over drifta av Hjerkinnhus. Hotellverksemd kjende me ikkje til, men eigarane trudde på oss.

Norske var det nok ikkje råd å få tak i.

Kart: Mirjam Clement

Frå Folldal

Neste morgon legg eg tidleg av garde. Nedi vegen ser eg eit skilt: «Folldal 28». Kan det stemma? Folldal (710 moh.) ligg i Østerdalen! Er det ikkje lenger frå hjartet av Noreg til Østerdalen enn frå Liertoppen (230 moh.) til Lysaker (13 moh.)?

I Langfjella møtest dalføre og landsdelar. Den 75 år gamle folldalskvinna Malene «pilta så lett som ei rupje tri mil fram til Hjerkinn», skreiv Aasmund Olavsson Vinje, som gjekk i lag med henne ein sumardag i 1860. Han var på veg frå hovudstaden til kroning i Nidarosdomen. Ferda til Trondheim hadde byrja med toget frå Kristiania til Eidsvoll, Noregs fyrste jarnbane, den gongen berre seks år gamal.

Malene gjekk til Hjerkinn for å sjå kongen, som fór forbi på veg til kroning nummer to –?han var alt krona i Stockholm. Korkje ho eller Vinje tenkte nok at seksti år seinare skulle ein konge koma til Hjerkinn for å ynskja digre damplokomotiv velkomne i høgfjellet.

Drygt hundre år etter at eidsvollsmennene sa seg samde og tru til Dovre fell, fall Dovrefjell. Med jarnbanen vart Langfjella utsette for meir erosjon enn ei heil istid hadde klart. Ferda kunne ein no telja i timar, ikkje døger. For dei mange som frykta fjellet, vart ho både snøggare og tryggare enn sjøvegen.

Fjellstilla

Eg er åleine i fjellet, men det er ikkje stilt. Då eg vakna i tretida, var det heilt stilt, men no går eg i eit tungt ljodteppe frå trafikken på E6. Seinare på Langfjella-ferda kjem eg til ei fjellstove (1013 moh.) i Hemsedalsfjella, der ljodsporet er trafikken på riksveg 52.

Å stå på trammen og lytta har alltid vore ei avgjerande ljodprøve når eg har vore på bustadvising. I jakta på ei skrivestove i høgfjellet, i både Dovre- og Hemsedalsfjella, har eg til sjuande og sist trekt meg på grunn av støyen frå biltrafikken. Eit unnatak er Finse (1222 moh.), dit det ikkje går vanleg bilveg. At det stansar eit tog annankvar time, er noko anna.

Eg er den einaste vandraren på Hjerkinn i dag. Men for å koma meg over på Folldalsvegen lyt eg kryssa E6.

SUNDAG MORGON I DOVREFJELL

Ein morgon er Snøhetta berre mi

Eg vandrar høgt på ein gamal sti

mot Eysteinkyrkja i Hjerkinnli

ein sundag morgon før kyrkjetid

Men pilegrimskyrkja er stengd

Ein tyskskilta bubil knitrar i grusen

Litauiske vogntog i E6-susen

Dei innfødde sjølve ligg i dei tusen

høgfjellspalassa og søv ut rusen

Dessutan er vêret grått

Kalde menneske

– Kan me prata på engelsk, spør Magdalena orsakande når eg kjem attende til Hjerkinnhus.

Ho forklårar:

– Språket er vanskeleg. Det er så mange dialektar her. Men me gjev ikkje opp. No har me drive her i tre år, fyrst i sumarhalvåret, men no er det heilårsdrift. Me bur her. Og vert buande.

Ho nikkar når eg spør om dei har kvitta seg med bustaden i Warszawa.

– No har me vener her. Det tok tid. Den fyrste sumaren i Fagernes sa eg kvar dag hei til stamgjestene. Etter ein månad svara ein av dei: Hei.

Vrange dialektar og menneskeleg fråstand. Kva skal eg seia? Trø meg inkje for nære? At me er eit grisgrendt land, og at me har vore slik i 750 år av di me vart så hardt råka av svartedauden? Andre land vart like hardt råka.

Men andre land har ikkje Langfjella som deler landet i bitar. Jau, Polen har alpane kring Zakopane, der eg har ete griseknoke og køyrt slalåm, men dei ligg på ein kant av landet. Langfjella er sentrum i Sør-Noreg. Er dei grunnen til det nær uoverstigelege den polske kvinna peikar på?

Dei skilde menneska og målføra, utfordringane me står og diskuterer her øvst i Langfjella – kjem dei av Langfjella?

Vel, dei store dialektskilnadene kjem òg av at me på 1500-talet, etter reformasjonen, ikkje fekk normert skriftspråket gjennom ei bibelomsetjing, slik andre land i Nordvest-Europa fekk. Men kvifor fekk me ikkje det? Av di landet på dei to hundre åra etter svartedauden fall frå kvarandre, av di me ikkje lenger hadde ein statleg overbygning her i landet, men i grannelandet, i København.

I så høve: Kvifor fall landet frå kvarandre etter pesten? Eit tidleg døme på statsdanning var – om lag som leidangsplikta i låglandet, ut mot kysten ­–?ei plikt til å halda eit nettverk av fjellstover i Langfjella.

Ja, slik står eg og tenkjer utanfor ei fjellstove. Utan fjellstovene kunne ein ikkje fara frå ein landsdel til ein annan. Utan dei fall landet frå kvarandre. Utan dei kunne Langfjella ha vorte ei landegrense som Kjølen.

Og korleis gjekk det med nettverket av fjell­stover i hundreåra etter svartedauden? Med audegardar i dalsidene hjelper det ikkje med ei varm stove i høgfjellet. Frå ferda til Folldal i fjor hugsar eg at etter pesten vart dalen liggjande folketom i hundreår.

Kolbein Falkeid

Polakken som driv fjellstove på Hjerkinn, spør:

–?Så kvifor snakkar de så rare dialektar, og kvifor er de så vanskelege å koma innpå?

– Av di fjellstovene forsvann, svarar eg, medan noko som kan henda kunne vorte eit dikt, byrjar å forma seg:

Du er fjellstova mi

Du har det kaldt kring deg

Og varmt innom døra

Eit eller anna i den duren, men linene vert snøgt forstyrra av eit kjent og kjært dikt om fjell­stover og varme. «Det er langt mellom venner» av Kolbein Falkeid (1933–2021), frå samlinga Opp- og utbrudd (1978). Finst det i polsk attdikting?

DET ER LANGT MELLOM VENNER

Det er langt mellom venner.

Mellom venner står mange bekjentskaper

og mye snakk.

Venner ligger som små lysende stuer

langt borte i fjellmørket.

Du kan ikke ta feil av dem.

Eivind Astrup

Fjellstova er eit godt bilete. Ho bergar liv. Men noko i det norske vil meistra livet utan fjellstove. Galningar som Nansen og Kagge har drege inn i den ukjende kulda der inga varm fjellstove ventar. Men varmen slår mot dei om og når dei vender heim som nasjonalheltar.

Den unge polarforskaren og grønlandsfararen Eivind Astrup (1871–1895) feira jol på Hjerkinn i 1895, ein mannsalder før jarnbanen nådde hit. Han var då berre 24 år, men alt innehavar av St. Olav-ordenen. Om kvelden tredje joledag spente han på seg skia utanfor den varme fjellstova og la av garde åleine. Han var godt rusta, for han hadde studert overlevingsteknikkar hjå inuittane. Men han hadde òg fått ein sjukdom som stogga alle planar om nye ekspedisjonar. Ein månad seinare vart han funnen i fjella kring Hjerkinn.

Ferda mi går vidare mot Lesja. Det eg vil finna ut, er kvifor og korleis Langfjella kom til å leggja seg som eit platå tusen meter over havet. Slikt er ikkje lett å lesa seg til, så frå Hjerkinnhus tek eg kontakt med geologane som har forska mest på feltet. Vonleg kjem eit svar i neste episode.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

At dei fastbuande på Hjerkinn er utlendingar, kjennest rett.

Utan fjell­stovene kunne Langfjella vorte ei landegrense.

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis