«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samferdsel
Johan-Kristian Tønder tek i Dag og Tid nr. 45 til orde for å greia ut ein alternativ Nord-Noregbane der traseen vert lagd austover frå Fauske i retning Inlandsbanan i Sverige og vidare til Kiruna, og han spør: «Er det for mykje å be om ein ’mulighetsstudie’ av dette alternativet?»
Svaret er nok ja. Aust om Fauske/Fuossko/Fuassko ligg det store nasjonalparkar på svensk side: Padjelanta, Sarek, Stora Sjöfallet. Det synest vonlaust å be svenskane ofra desse for å løysa ut ein norsk jarnbane, langt mindre samane som driv reindrift i området.
Dalføra på austsida av Kjølen går dessutan frå nordvest til søraust, og skal ein dra ein jarnbane kortast mogleg veg mot Kiruna/Giron, må det byggjast ikkje få tunnelar. Å følgja til dømes den allereie utbygde Silvervägen forbi Arjeplog/Árjepluovve til ein møter Inlandsbanan ved Arvidsjaur/Árviesjávrrie, vil gi ei meiningslaus lang sløyfe mot sør før ein kan venda seg nordover att.
Tønder har derimot grunnleggjande rett i at det er uakseptabelt at den dyre strekninga Fauske/Fuaskko–Narvik/Áhkánjárga skal bli eit evig hinder for bygging av jarnbane til Tromsø/Romsa/Tromssa, og nøkkelen er samarbeid med svenskane. Inntil vidare må ein leggja vekt på å rusta opp Ofotbanen og å byggja strekninga Narvik–Tromsø – eller om så Bjørnfjell/Bonjuvárri–Tromsø. På denne strekninga går landskapet – dalar og fjordar – meir eller mindre i beint nordleg lei.
Omsyn til både natur og reindrift og anna må takast også her, og ein kjem ikkje unna tunnelar og bruer og jamvel viaduktar, men strekninga er allereie kraftig utbygd med vegar og forsvarsanlegg som det er.
Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny. Internasjonal rådgivar Einar Sørensen har peikt på dette i snart to tiår no i mangfaldige innlegg i mellom anna Nordlys og Nordnorsk debatt. Med Tromsbanen kopla til det svenske jarnbanenettet er ikkje vegen til Oslo/Oslove stort lengre i kilometer – og neppe i tid – enn om ein skal tøffa nedover Nordland/Nordlánda og Trøndelag/Trööndelage, og for transport til kontinentet spelar det inga rolle.
Fylkespolitikarane i Nordland vil ha elektrifisering og oppgradering av Nordlandsbanen frå Trondheim/Tråante til Bodø/Bådåddjo/Buvda før noko anna. Det kan ein forstå, men denne nordnorske splittinga vert brukt som eit av fleire argument på nasjonalt nivå for å skuva Nord-Noregbanen ut i æva.
Berre ved å halda strekninga Fauske–Narvik utanom diskusjonane kan ein komma vidare. Nærings- og sikkerheitspolitisk er det viktig å få tog til Tromsø, og løysinga er openberr.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.