Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Kanskje har eg høyrt den polske nasjonalsongen fleire gonger enn den norske. Då eg enno spela i internasjonale juniormeisterskapar, var det ei naturlov at minst eitt polsk lag under avslutningsbanketten kunne gå opp på pallen og hauste medaljar, til dei misunningsverdig lystige tonane i «Dąbrowskis masurka».
Polen har i årevis hatt eit rikt tilfang av unge spelarar. I mi tid snakka dei lite engelsk, og mange verka alvorstyngde der dei sat og filosoferte over neste bod i det endemiske, til dels ugjennomtrengelege meldesystemet sitt, polsk kløver. Men dette har venteleg endra seg med åra, og opp av den polske underskogen har det vakse mange briljante spelarar, med den fylgja at Polen i fleire tiår har vore i verdstoppen.
At vestlege motspelarar har vore mest opptekne av å latterleggjera alle c-ane og z-ane i namna deira, har ikkje forringa prestasjonane til korkje Jacek Pszczoła, Jerzy Skrzypczak eller Wojciech Strzemecki, snarare tvert imot. I London vart eg kjend med ein ung polsk bridgespelar eg aldri fekk vita kva heitte: Alle kalla han berre «Saucepan», altså «Kasserolle», då det ordet hadde ein viss bokstavlikskap med namnet hans, som ingen eingong orka å prøve å uttala.
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires. Dei kom seg lett vidare frå grunnspelet og slo ut Irland, Kina og Sveits i høvesvis åttandedels-, kvart- og semifinalen.
I finalen mot Italia såg dei fortapte ut, men dei snudde kampen og vann. Det høver bra, for Józef Wybicki var i Italia i 1797 då han skreiv tekst til ein gamal masurka til ære for general Jan Henryk Dąbrowski, som leidde dei polske legionane i dei italienske felttoga under dei franske revolusjonskrigane. «Polen er enno ikkje tapt» er ein meir formell tittel på songen.
No greidde eg forresten å spore opp namnet på polakken i London. Szczepan Smoczynski, heitte han. Det var ikkje verre.
Erlend Skjetne
Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.