Grunn til uro
Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Menneskerettar
I Dag og Tid nr. 44 reiser Ida Hauge Dignes spørsmålet om unge funksjonshemma er på veg tilbake til institusjonane. Ho peikar på svak og usikker kommuneøkonomi framover, noko som vil føra til reduksjon i tildelinga av brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Dette er truleg det viktigaste likestillingsvirkemiddelet for at menneske med nedsett funksjonsevne i Noreg skal kunna bu og delta i samfunnet på lik linje med andre.
Vidare peikar ho på at statsråd Vestre har trekt tilbake eit pågåande lovarbeid om å lovfesta at kommunane ikkje kan busetta personar under 50 år på institusjon eller i omsorgsbustader mot deira eigen vilje.
Det er all grunn for funksjonshemma med store assistansebehov til å vera uroa over denne utviklinga. Me har i fleire år høyrt Erna Solberg uttala at Noreg skal vera eit «fyrverkeri for menneskerettar» med henne som statsminister. Av Hurdalsplattforma til regjeringa Støre går det fram at politikarane vil arbeida for å inkorporera konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk lov.
Noreg ratifiserte CRPD i 2013. Sjølv om det har gått 11 år sidan dette, er denne konvensjonen framleis den einaste av dei sentrale menneskerettskonvensjonane som ikkje er inkorporert i menneskerettsloven. Artikkel 19 i CRPD er særleg sentral, då han handlar om retten til eit sjølvstendig liv og til å vera ein del av samfunnet. Det går fram av artikkelen at menneske med nedsett funksjonsevne har høve til å velja bustad og kor og med kven dei skal bu, på lik linje med andre.
Dersom konvensjonen vert inkorporert i menneskerettsloven på lik linje med andre menneskerettskonvensjonar, vil han få ei trinnhøgd over alminneleg norsk lov i kollisjonstilfelle. Døme på slike tilfelle er at CRPD kan gje rett til høgare standard og omfang av BPA enn det norsk lov gjev i dag, eller rett til å nekta å bu på institusjon.
Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.
Eit døme er omhandla i ein fersk og ikkje rettskraftig dom av Hordaland tingrett 25. oktober 2024 (23-064889TVI-THOD/TVIS). Saka handla om kor høg erstatning ni år gamle Arvid skulle ha etter ein alvorleg fødselsskade. Staten hevda at Arvid hadde plikt til å ta imot ein institusjonsplass frå kommunen sin når han vart vaksen, og at han ikkje hadde nokon rett til sjølv å velja kor han ville bu. Arvid forklara seg for retten og sa mellom anna at han gjerne ville bu i eigen bustad når han vart vaksen.
Retten gav Arvid fullt medhald i dette og uttala: «I Skoland-dommen fra 1993 fant Høyesterett det tilfredsstillende at en 29-årig mann skulle bo på et sykehjem med i all hovedsak eldre beboere. Etter tingrettens oppfatning er det tvilsomt om vurderingen i dag ville ha falt ut på samme måte. Slik retten ser det, har således samfunnet, og dermed også rettsordenen, over tid endret sitt syn på innholdet i alminnelig livsutfoldelse for personer med funksjonsnedsettelse.»
Det er mogeleg at dei sentrale politikarane og staten ikkje har fått med seg det «paradigmeskiftet» som retten her peikar på. I så fall kan det ligga an til at rettane til funksjonshemma i aukande grad må sikrast gjennom rettslege avgjerder.
Carl Aasland Jerstad er advokat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.