Tabu på Tunet
Årets nynorske festspel heldt eit høgt fagleg nivå.
Dei nynorske festspela er 25 år i år. Det konsentrerte festivalformatet på fire dagar er perfekt, og det at det meste føregår på eit avgrensa område, gjev festivalen ein heilt eigen, avslappa dåm. Ein kan gå tørrskodd frå det eine arrangementet til det andre: Byrja dagen med den solide festspelfrukosten på Møre folkehøgskule i Ørsta, vitja føredraga og samtalane i Aasen-tunet på føre- og ettermiddagen, gjesta tun-kafeen, der den serbiske tun-kokken Milan Ilic held fram med å imponera, få med seg kveldskonserten i uteamfiet (hugs myggmiddel!), og avslutta dagen der han byrja – med lett underhaldning på Målbar i peisestova på folkehøgskulen. Heilhuga festspelgjengarar skaffar seg gjerne festspelpasset til 1600 kroner, for med det slepp ein å planleggja dagane i detalj og kan droppa innom dei arrangementa ein lystar.
Lågare billettsal
Årets festival heldt eit høgt fagleg nivå. Dei fleste føredraga og samtalane var minneverdige og tok stundom ein annan tematisk veg enn ein venta. Likevel var billettsalet lågare enn budsjettert, for publikumstalet på dryge fire tusen var det lågaste på mange år. Dette heng truleg saman med at der var litt færre arrangement enn i fjor og at regnet den siste festivaldagen gjorde at mange heldt seg heime frå utandørsarrangementa.
Frå tabu til fetisj
Årets festivaltema var «tabu», eit omgrep dei fleste føredraga og samtalane på eitt eller anna tidspunkt var innom. Det beste tabuføredraget fekk me på laurdag. Då gav Øystein Hide, som tek doktorgraden på nynorsk dagboktradisjon, ei grundig innføring i det polynesiske opphavet til omgrepet, og synte kva som i vår vestlege litteraturtradisjon har vore mest tabu, nemleg å skriva om seg sjølv eller til seg sjølv. Dette tabuet hadde òg Ivar Aasen og Olav H. Hauge å stri med; når den blyge Aasen skreiv om seg sjølv i dagbøkene, verka det så framandt for han at han slo over til engelsk. Ser me på vår norske samtidslitteratur i dag, kan me vel slå fast at dette tabuet er overvunne, at sjølvet i litteraturen nærast er blitt fetisj.
Musikalsk signalverk
I år var det éin klassisk konsert på programmet. Det er ikkje mykje, men betre enn då eg sist vitja festivalen for to år sidan. Med klassisk meiner eg her ikkje gamal musikk som Mozart eller Grieg, men kunstmusikk for klassiske instrument skriven i den klassiske tradisjonen. På same måte som Sverre Fehns nybygg på Aasen-tunet er eit ekte signalbygg, treng festspela eit skikkeleg, nyskrive signalverk, til gode nynorske tekstar. Magnar Åms Tarjei Vesaas-opera Kimen, som det blei framført ariar frå i Volda på laurdag, er slik sett ei god byrjing. At denne konserten likevel ikkje innfridde heilt, skuldast ikkje at verket ikkje er ferdigkomponert. Krevjande samtidsmusikk av dette store formatet krev grundig innstudering, ein tidkrevjande prosess som i dette høvet høyrtest ut til å ha vore mangelfull.
Det musikalske høgdepunktet blei difor konserten i uteamfiet i Aasen-tunet på opningsdagen med visesongar og songdiktar Stein Torleif Bjella frå Ål i Hallingdal. Ikkje berre var framføringa lytefri – i den stilsikre country-inspirerte viserocken hans er det som om poesien og musikken er støypte i éi og same form.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid
Festspelas mest vitja arrangement. Til konserten med Stein Torleif Bjella i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet torsdag 29. juni kom det 344 gjester.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det musikalske høgdepunktet var utekonserten med Stein Torleif Bjella, der poesien og musikken var støypte i éi og same form.»
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen