JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Advent

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4656
20171215
4656
20171215

Det er triveleg med advent. Det finst det ikkje to meiningar om her på lækjarkontoret. Me har det så hyggjeleg, Hamsun og eg, no når nissehuva er på plass. Litt småkjekling vert det sjølvsagt, men for det meste er det ein småløyen tone mellom oss. Eitt døme er når eg her om dagen gjekk og prata med meg sjølv: Eg kom til å mumla noko om at no var alt berre fryd og gammen, då det kvakk frå gamlingen på veggen: «Det er jo ravgalt, det de går og sier, Medikus! Det heter ikke fryd og gammen.» Eg vart perpleks og bad Knut om å forklare korleis han meinte uttrykket var. I forkorta form var svaret: «Uttrykket stammer fra Æventyrland, fra viddenes folk, nord i landet. Og i sin korrekte form heter det: Fryd i gammen.» Eg vart tagal og skrelte meg ein klementin.

No er det ikkje berre hjå boklækjaren det er god stemning. Innsendarane denne gongen var òg jamt over i godt humør. Ingen klaga over at oppgåva var for vanskeleg. Eller for lett. Kan hende er Hallgeir Dale inne på noko når han skriv: «Advent er forresten den finaste av alle årstider.»

Mange innsendarar hadde lese løysingsboka, og hjå desse var det berre «fryd i gammen». Kari Ingebjørg Todal skriv: «Tenkte det straks ... at dette kunne vere Advent! Ei perle av ei bok. Vakker. Og dette sitatet kjennes som ei fin og nødvendig påminning. Det seier alt.»

Eva Smith-Meyer er òg begeistra: «Boka heiter Advent, og er skriven av Gunnar Gunnarson. Det er berre ei fantastisk bok, og når ein som norsk har fått Island under huda, følgjer ein leitaren både i tankane og i naturen. Det gjer ikkje gleda over boka mindre!»

Ingunn Hildonen Teigland: «Dette trur eg må vera Advent av Gunnar Gunnarsson. Eg les helst gode bøker som handlar om sauedrift, og denne stod på vent i bokhylla mi med voner om at eg fekk betre tid etter paringa. Hin dagen fall det seg slik at eg gav vekk eksemplaret til grannen min. Ho driv også med spælsau. Eg kan difor ikkje gå heilt god for at dette er rette svaret, men eg skulle likt å vita kva bok som passar betre til løysingshinta.»

Korrekt svar på oppgåve 1316 fekk eg frå: Skeisebibliotekaren i LASK, Tove Knutsen og Idar Lind, Laurits Killingbergtrø, John Olav Johnsen, Nils Ottesen, Gunn Bull-Berg, Ingebjørg Sogge, Bjørn Myrvang, Gunder Runde, Eli Hegna, Jon Grepstad, Else Bovim, Per Trygve Karstensen, Jorunn Røyset, Per Skjæveland, Sjur Joakim Fretheim, Hallgeir Dale, Kirsten Bakke, Eva Smith-Meyer, Audun Gjengedal, Arild Jakobsen, Eva Revheim, Jorunn Øxnevad Lie, Vigdis Hegna Myrvang, Cyno Grassator, Jan Alfred Sørensen, Sverre Bungum, Else Gjesdahl Sørensen, Aslak Thorsen, Jarle Fanebust, Eirik Holten, Tor Inge Myren, Ingunn Hildonen Teigland, Eva Sunde, Inger Anne Hammervoll, Kari Ingebjørg Todal, Folke Kjelleberg, Anne Marie Grønhaug, Olav Molven, Rannveig Nordhagen, Ottar Aashamar, Marianne Dahl, Petter Kristensen, Turid Tirevold, Inger Margrethe Berge, Inger Sandanger, Geir Instanes, Bjørn Gjermundsen, Fritjof Lampe, Jens Erik Romslo, Rolv Stølen og Tvillingene. I dag er Inger Sandanger bokvinnar. Gratulerer!

Til sist tar eg med eit pussig tilfelle. Arild Jakobsen skriv: «Ved sida av Dag og Tid på fredag var det i postkassa ei lita pakke som skulle vise seg å innehalde boka Advent av Gunnar Gunnarson. Ein ven, ein annan medikus, hadde sendt ho som ei førjulshelsing med von om at det var noko eg kunne setje pris på. Ja, det var retteleg eit sjeldan samantreff – og eit høve til å sende inn eit svar for første gong til Klok på bok.»

Klok på bok 1318

Vi kan da ikkje berre forsvinne sånn utan vidare, seier han. Vi har da gjestar, seier han. Vi bryr oss ikkje om det, seier eg, og eg hører kva eg sjølv seier, og eg frydar meg slik over det eg seier. Vi sett oss berre inn i bilen og kjører, seier eg, og eg hører kva det er eg seier, eg ser for meg Egil og meg når vi kjører av garde, og eg kjenner eg har lyst til å gjere alvor av det, eg kjenner at det ikkje vil koste meg nokon ting å gjere alvor av det, og eg ser på han og smiler, og eg løftar handa og nappar bort eit laushår ifrå dressjakka hans, og han står der berre og ser på meg, og eg nappar bort enda eit hår, og det går ei lita stund, og han stotrar litt, og så ristar han oppgitt på hovudet igjen.

Sitatet er frå side 236 i boklækjarutgåva (2014). Første utgåva kom i eit år som byrja på ein måndag, og boka fekk fleire litterære prisar. Forfattaren er frå ein by som har brunne ned fleire gonger.

I sitatet er det ein person som vil køyre av garde med Egil, og denne gongen vil eg ha førenamnet på mora til denne personen før eg godkjenner svaret. Send namn på mor, forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 22. desember.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis