Debattid
Sjølv når det er politikk og debatt – ikkje berre økonomi og databehandling – som heng over oss som ein mørk dott, må vi tenke positivt: Hausten, og særleg valkamptida, skjenker oss ikkje berre raudvin i staden for kvitvin, men ei rekke nye, lekre omgrep. Nyorda under er henta frå avisene Dag og Tid og Stunder, Natt og Dag og Tid og Stad:
Hjorteplagedebattant
Terroristutleverings-
avtalegrunnlag
Vaffelhjartepolitikar
Byplanleggingsdebattsvin
Debutantdebattnettroll
Flotte ord vi enno ikkje har sett, derimot, verken i verdsveven eller avisene, er:
Statsfinansspekulasjons-
akrobatikk
Donormorskjærleiks-
kompleks
Skyformasjonsfantasi-
foster
Vernepleierobotprototype
Kjønnskifteorgan
Kyrkjelydspredikant-
dotterdotter
Denne herren, som heiter Richard, går hausten i møte utan sko. Her er han på konsert på ein av dei 7893 festivalane norske festivalarrangørar arrangerte i sommar. Richard er britisk, og snakkar fint lite norsk, men han gjorde eit forsøk til ære for oss, og laga eit flott nyord vil alle kan ta med oss inn i mørketida: pissregnkonsekvens.
Ny vitsversjon
Du veit den gamle vitsen: «’Vil du ha eit eple’, spurde fruktskåla juicekartongen. ’Nei, eg er eplenektar’, svarte kartongen.» Den nye versjonen går slik: «’Vil du ha ein iPhone?’ spurde Lefdal ein kunde. ’Nei, eg er Apple-nektar’, svarte kunden.»
Hugs det, når du bannar over elektroniske dingsar og klagesaker og fascinerande kølappsystem: Det finst ikkje dårlege vitsar, berre dårlege dagar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Debattid
Sjølv når det er politikk og debatt – ikkje berre økonomi og databehandling – som heng over oss som ein mørk dott, må vi tenke positivt: Hausten, og særleg valkamptida, skjenker oss ikkje berre raudvin i staden for kvitvin, men ei rekke nye, lekre omgrep. Nyorda under er henta frå avisene Dag og Tid og Stunder, Natt og Dag og Tid og Stad:
Hjorteplagedebattant
Terroristutleverings-
avtalegrunnlag
Vaffelhjartepolitikar
Byplanleggingsdebattsvin
Debutantdebattnettroll
Flotte ord vi enno ikkje har sett, derimot, verken i verdsveven eller avisene, er:
Statsfinansspekulasjons-
akrobatikk
Donormorskjærleiks-
kompleks
Skyformasjonsfantasi-
foster
Vernepleierobotprototype
Kjønnskifteorgan
Kyrkjelydspredikant-
dotterdotter
Denne herren, som heiter Richard, går hausten i møte utan sko. Her er han på konsert på ein av dei 7893 festivalane norske festivalarrangørar arrangerte i sommar. Richard er britisk, og snakkar fint lite norsk, men han gjorde eit forsøk til ære for oss, og laga eit flott nyord vil alle kan ta med oss inn i mørketida: pissregnkonsekvens.
Ny vitsversjon
Du veit den gamle vitsen: «’Vil du ha eit eple’, spurde fruktskåla juicekartongen. ’Nei, eg er eplenektar’, svarte kartongen.» Den nye versjonen går slik: «’Vil du ha ein iPhone?’ spurde Lefdal ein kunde. ’Nei, eg er Apple-nektar’, svarte kunden.»
Hugs det, når du bannar over elektroniske dingsar og klagesaker og fascinerande kølappsystem: Det finst ikkje dårlege vitsar, berre dårlege dagar.
Fleire artiklar
Maja Lunde har skrive om korleis teknologien tek over barndommen.
Foto: Agnete Brun
Skjermbruksvett
Skjermen er den nye synda i tilværet. Og debatten rullar.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.