«Den danske stormeisteren Bent Larsen (1935–2010) er det næraste vi kjem eit flogvit i nordisk sjakk.»
Flogvitet Bent Larsen var poly-litt-av-kvart. Her spelar han sjakk mot Bobby Fischer i Piatigorsky Cup i California i 1966.
Foto via Wikimedia Commons
Å vera poly
Sidan eg er språkmann, nyttar eg av og til ordet «polyglott», særleg når eg skriv eller talar om Giri og Hübner (meir om dei seinare). Eg veit ikkje om det gjeld Dag og Tid-lesarar, men eg har registrert at sjakkspelarar ofte ikkje kjenner ordet. «Polyglott» kjem frå gresk og tyder «mange tunger», altså ein som kan mange språk.
For 40 år sidan las eg eit intervju i Norsk Sjakkblad som gjekk om lag slik: Norsk journalist: Korleis vil du karakterisera Bent Larsen? Dansk intellektuell: Han er vår siste polyhistor. Norsk journalist: Hæ? Dansk intellektuell: Der ser du!
Ordet «polyhistor» – ein som veit mykje om mykje – gjorde inntrykk på meg, men eg har ikkje nytta det før no, og det er ikkje noko vanleg ord i norsk (slik som moteordet «polyamorøs»). Om verdsmeister Lasker (matematikar, spelteoretikar, bridgespelar, filosof, dramatikar osb.) seier ein gjerne at han var eit «universalgeni». Det nynorske «flogvit» er heller ikkje dårleg.
Den danske stormeisteren Bent Larsen (1935–2010) er det næraste vi kjem eit flogvit i nordisk sjakk. Han var den beste turneringsspelaren i verda i 1967, men framfor alt ein stor intellektuell. I 1986 fekk eg og nokre vener i Oslo eit brev frå Larsen då vi laga eit lite sjakkblad. Larsen skreiv både for små og store.
Mot slutten av livet fekk han eit brev frå den leiande sjakkhistorikaren Edward Winter. Winter undrast om det var sant at Larsen var polyglott. Larsen skreiv på den gamle skrivemaskinen sin at han kunne spansk (han budde i Argentina), russisk, tysk, litt fransk, nederlandsk og kan henda nokre til. Men så skreiv Larsen i svaret til Winter: «Norwegian? The Norwegian of Ibsen, yes, that is a variant of Danish. That of Garborg, no.» Eit fantastisk svar – verdig eit flogvit.
Er russisk-nederlandske Anish Giri (30) polyglott? Tja, sjølv seier han rett nok at han ikkje har høyrt om alle språka folk meiner han snakkar. Men papyrologen dr. Robert Hübner (76), den beste tyskaren etter krigen, kan nok eit dusin språk. Då han spela mot Karpov og Agdestein i Oslo i 1984, gjekk han rundt med ei norsk Donald-pocketbok. Han ville ikkje kasta bort tida på fjas, men læra seg det lokale språket!
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonalmeister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.