Leon – og Håvard
Fornuftige folk som les Dag og Tid kvar veke, kjenner godt til Håvard Rem. Han er ein særs språksikker skribent og har ei imponerande liste med utgjevingar å vise til. Ein favoritt som boklækjaren med ujamne mellomrom tek fram frå bokhylla, er løysingsbok denne gongen. Me skulle fram til eit utval der Rem har gjendikta Leonard Cohen, noko han gjer med overtydande dugleik.
I tillegg til dei fine dikta har Håvard Rem skrive ein slags minibiografi som innleiing til utvalet. Der finn ein fleire pussige anekdotar, mellom anna får me vete at då Cohen møtte Janis Joplin i heisen på Chelsea Hotel, presenterte han seg som Kris Kristofferson. Janis var munnrapp og svara at ho var Brigitte Bardot. Etter denne introduksjonen vart «Kris og Brigitte» verande nokre døgn på same hotellrom i New York, noko som resulterte i den nydelege songen «Chelsea Hotel No. 2».
Gunder Runde skriv: «Leonard Cohen (1934–2016) er sjølvsagt best kjend for sine musikalske fulltreffarar – han har alltid vore særs populær her i landet, og har hatt konsertar i Noreg ca 15 gonger. Men Cohen var også ’rein’ forfattar, dvs. at han skreiv både dikt og (to) romanar som står på eigne bein. Eit utval av dikta hans vart utgitt på norsk i 1988 under samletittelen Kjærlighet og hat (same året som den best kjende plata til Cohen vart utgitt, nemleg I’m your man). Det var Håvard Rem som stod for utgjevinga, og som har omsett dikta i denne samlinga. Diktet vi har fått gjengitt i Dag og Tid, stod i samlinga Flowers for Hitler (1964), og diktet har på norsk fått tittelen ’Musikken krøp forbi oss’. Leonard (fødd som Eliezer) Cohen var frå Canada (Montreal), han hadde jødisk bakgrunn, men var også påverka av det katolske nabolaget i heimbyen. Seinare vart han også svært interessert i zenbuddhisme, og budde nokre år i eit buddhistisk kloster. Han har også hatt påverknad frå Aust-Europa, der nokre av forfedrane hans kom frå. Han har vorte kalla ’håpløshetens gudfar’ (ifølgje Wikipedia), og tekstane hans har høg litterær kvalitet. Mange nordmenn vil nok knytte han til sambuaren hans gjennom 8 år, Marianne Ihlen (som var gift med Axel Jensen).»
Rett svar på oppgåve 1314 fekk eg frå: Laurits Killingbergtrø, Tove Knutsen og Idar Lind, John Olav Johnsen, Nils Ottesen, Vigdis Hegna Myrvang, Gunn Bull-Berg, Ragnhild Halsen, Gunder Runde, Petter Kristensen, Ingebjørg Sogge, Robert Øfsti, Tor Inge Myren, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Per Olav Skjevdal, Bjørn Myrvang, Else Bovim, Torleiv Kløve, Per Skjæveland, Olav Holten, Gunnar Bæra, Ove Bjørkhaug, Torleik Stegane, Asbjørg Apalset, Rolv Stølen, Turid Tirevold, Rannveig Nordhagen, Audun Gjengedal, Nils Farstad, Eli Hegna, Anne-Marie Grønhaug, Tvillingene, Charlotte Gulbraar, Bjørn Gjermundsen, Laura Killingbergtrø, Solfrid Vestli, Folke Kjelleberg, Kirsten Bakke, Christopher Messelt, Hallgeir Dale, Inger Margrethe Berge, Fritjof Lampe, Truls Johan Horsberg Hoff, Jorunn Øxnevad Lie, Sjur Joakim Fretheim, Inger Anne Hammervoll, Dei kvasse på Fana, Jon Grepstad, Eva Sunde, Eirik Holten, Olav Molven og Gjertrud Fanebust. I dag er Sjur Joakim Fretheim bokvinnar. Gratulerer!
Audun Gjengedal var bokvinnar for nokre veker sidan, og han skriv: «Elles er eg svært glad for bokpremien. Eg har stor sans for Johannes Gjerdåker. Boka har eg hatt, men greier ikkje å finna ho att. Så korleis de kunne skjøna at eg svært gjerne ville ha ho att, er ei gåte for meg!»
Til sist ein takk til alle innsendarar som ynskte meg god betring frå feberfantasiane. Ein takk også til Petter Kristensen som skriv: «Boklækjaren må gjerne ha feberfantasier flere ganger dersom det blir så gode oppgaver ut av det.»
Klok på bok 1316
Mennesket har til oppgåve, kan hende den einaste, å finne råd. Ikkje gjeva opp. Spenne mot brodden, same kor kvass han er. Spenne mot brodden til sjølve dauden så han trengjer igjennom og råkar hjarta. Det er oppgåva til mennesket.
Sitatet er frå side 79 i ei bok som det høver godt å lesa i tida som kjem. Me skal fram til ein nordisk forfattar som er fødd same året som ein kjend tysk filosof. Forfattaren har eit etternamn som inneheld heile førenamnet. Løysingsboka er rekna som eit høgdepunkt i forfattarskapen. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 8. desember.
MEDIKUS LIBRI
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.