Det var mange med rett svar på Klok på bok 1295, og utgåvene av løysingsboka i norsk omsetjing er heller ikkje få. Hjå Gyldendal Norsk Forlag har det vore usemje om Emma Bovary skulle omtalast som Fru Bovary eller Madame Bovary, men dei seinare utgåvene har kome ut med Madame som tiltaleform i tittelen.
Som alle veit, tyder det franske ordet «madame» opphavleg «mi dame», medan ordet «fru» har me frå gammalsaksisk der tydinga var «herskarinne». Eg var ikkje til stades da dei krangla så busta fauk inne hjå Gyldendal, men kan hende var eitt av argumenta for å titulera hovudpersonen Fru Bovary, at det ikkje går lange tida frå Emma Rouault vert gift med Charles Bovary til det ikkje lenger er noko eksklusivt frå ho til han i forholdet. Boklækjaren høyrer gjerne frå lesarar som veit noko meir handfast om vinglinga frå Gyldendal, men eg kan ikkje tilrå fleire ville spekulasjonar. Det er allereie for mange.
Oda Cornelia Knudsen er oppglødd og skriv: «For ei morosam oppgåve! Eg har vore på leit ei lita stund no, så det var stor glede då eg endeleg fann det riktige svaret. Prosessen var som følgjer: Av dei hinta som vart gitt, var det nokre viktige premiss. Det eine var at romanen me skal fram til, kom ut samstundes som ei norsk bok med eit jentenamn i tittelen. Forfattaren av denne boka fekk seinare Nobelprisen i litteratur. Her finn me berre tre norske kandidatar, nemleg Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset. Dinest fekk me vite at forfattaren me skulle finne fram til, ikkje kunne få same pris av «naturlege årsaker». Av desse opplysningane trekte eg følgjande konklusjonar: Forfattaren eg skal finne fram til, er død før året 1901, då dei fyrste Nobelprisane vart delt ut. Forfattaren eg skal finne fram til, har til dels overlappande produksjon med den norske nobelforfattaren. Dette kunne ikkje vere Undset, då ho debuterte i 1907, og truleg heller ikkje Hamsun, som berre skreiv ei bok med jentenamn på 1800-talet, nemleg Victoria frå 1898.
Difor vart det Bjørnson eg fokuserte på. Frå studietida hugsa eg titlane Magnhild (1877) og Synnøve Solbakken (1857). Boka var vidare delt opp i minst tre delar. Difor tenkte eg fyrst at det var Dickens, men Lille Dorrit frå 1857 har berre to delar. Då stod eg berre att med Flaubert, og der var ho, Madame Bovary frå 1857, ei bok eg skreiv ei rasande oppgåve om i studietida.»
Med eller utan bry fann desse fram til Bovary: Torleiv Kløve, Lars Helge Nilsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Jacob Bull-Berg, Per Skjæveland, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Ottesen, Birte Næsheim, Gunnar Bæra, Laurits Killingbergtrø, Jan Alfred Sørensen, Jorunn Øxnevad Lie, Hallvard Kjelen, Inger Anne Hammervoll, Gunder Runde, Anne-Marie Grønhaug, Rannveig Nordhagen, Eli Hegna, Oda Cornelia Knudsen, Laura Killingbergtrø, Ove Bjørkhaug, Olav Holten, Hildur Øvsthus, Gjertrud Fanebust, Bjørn Gjermundsen, Olav Molven, Eva Sunde, Jon Olav Myklebust, John Olav Johnsen, Audun Gjengedal, Tor Inge Myren, Fritjof Lampe, Kirsten Bakke, Asbjørg Apalset, Tvillingene, Pål Amdal, Petter Kristensen, Audun Sjøstrand, Eirik Holten, Robert Øfsti, Folke Kjelleberg, Marta Kløve Juuhl, Turid Tirevold, Eiliv Olsen, Torleik Stegane, Solfrid Vestli, Tove Knutsen og Idar Lind, Ingebjørg Sogge, Dei kvasse på Fana, Iver Røssum, Geir Instanes, Kari Lønning og Ottar Aarø. Bokvinnar denne gongen: Jan Alfred Sørensen. Gratulerer!
Klok på bok 1297
Jeg har lagt boken fra meg på nattbordet og slukket lyset, og idet jeg blir liggende med åpne øyne i mørket, slår det meg at søvnen som holdt på å overmanne meg for et øyeblikk siden, er forsvunnet. Jeg er kommet for sent til søvnen, slik man med et minutt, med noen sekunder, kommer for sent til et tog, og jeg vet at jeg må vente til den kommer tilbake, og at det kan ta timer før den er der.
Sitatet er frå side 119 i utgåva til boklækjaren (2004). På originalspråket kom boka ut i eit år det var folketeljing i Noreg. Forfattaren er fødd i eit år der Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Spania. Filosofane Baruch Spinoza og Jacques Derrida har noko til felles som peikar mot tittelen på boka. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 7. juli.
MEDIKUS LIBRI
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen