JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Salaam salamander

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3652
20171117
3652
20171117

Boklækjaren har vore sjuk med høg feber dei siste dagane. Kontoret er stengt, her kjem ikkje nokon inn før eg er frisk som ei fele, kva no det tyder. Men Klok på bok-spalta er vel ikkje smittefarleg, så eg får gjere eit forsøk på å kreista ut nokre ord og ei oppgåve til dykk, vyrde lesarar og oppgåveløysarar.

No er ikkje det å liggje sjuk med feber det verste eg veit. Det er mykje god underhaldning i feberfantasiar, og ein kjem snøgt fram til stadar og folk ein ikkje har vitja på lange tider. I ein fantasi eg hadde her i føremiddag, var eg forresten omringa av salamandrar. Det einaste eg fekk meg til å seie i situasjonen var: «Salaam salamander». Eg vonar Dag og Tid har eit solid fond som dekkjer yrkesskade.

Gunnar Bæra skriv: «Den tsjekkiske forfattaren Karel Capek har skrive oppgåveboka Salamanderkrigen (1937), ein visjonær roman om den veksande trusselen frå nazismen. Sidan eg har romanen ståande i bokhylla mi, slo eg opp i siste kapitlet og fann ut at forfattaren her sat og prata med seg sjølv. Han innførte ordet robot i skodespelet R.U.R. (Rossums Universal Robots) i 1921. Året etter åtvara han om atomkraft på ville vegar og i romanen Krakatit (1924) skreiv han om atombomba. Som så mange som hadde opplevd første verdskrigen, hadde han nok vona på litt meir fred og ro til Et år i min hage (1929). Han skreiv også den fine Reisen til Norden med eigne illustrasjonar (1936).»

Else Gjesdahl Sørensen kan mykje om familien Capek: «Ukens navn er Karel Càpek, innflytelsesrik tsjekkisk forfatter og journalist, født 09.01.1890 i Malè i Østerike-Ungarn og døde 25.12.1938 i Praha i Tsjekkia. Karel hadde to søsken, søsteren Helena, forfatter og broren, den kjente kunstneren Josef. I likhet med sin bror var Karel flink til å tegne og illustrerte flere av bøkene sine med artige motiver. Som unge dro de to brødrene til Praha som begynte å bli preget av intellektuelle. Karel begynte å studere filosofi og estetikk, samtidig som han publiserte humoristisk og informative prosa sammen med broren under navnet Càpek-brødrene.

Karel studerte senere germansk kultur ved Sorbonne i Paris. Han lærte seg å snakke fem språk flytende.»

Desse kom uskadde gjennom krigen med salamandrane i oppgåve 1312: Jon Grepstad, Torleiv Kløve, Skeisebibliotekaren i LASK, Eirik Holten, Per Skjæveland, Nils Ottesen, Inger Anne Hammervoll, Marit Lindberg, Gunder Runde, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Truls Johan Horsberg Hoff, Petter Kristensen, Sjur Joakim Fretheim, Jan Alfred Sørensen, Tor Inge Myren, Olav Holten, Per Trygve Karstensen, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Halsen, Christopher Messelt, Ove Bjørkhaug, Anne-Marie Grønhaug, Rannveig Nordhagen, Folke Kjelleberg, Else Gjesdahl Sørensen, Turid Tirevold, Kirsten Bakke, Tvillingene, Audun Gjengedal, Jacob Bull-Berg, Amund Hesbøl, John Olav Johnsen, Torleik Stegane, Gunnar Bæra, Olav Molven, Robert Øfsti, Tove Knutsen og Idar Lind. I dag er Audun Gjengedal bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1314

Jeg vil gjerne

gjøre ledelsen oppmerksom på

at drinkene er blandet ut med vann

og at garderobedamen

har syfilis

og at orkesteret er satt sammen

av tidligere SS-uhyrer

Men ettersom det nå

er nyttårsaften

og jeg har leppekreft

vil jeg sette

papirhatten

på min hjernerystelse og danse

På originalspråket kom dette diktet ut første gong i 1964, men sitatet er frå ei samling utvalde dikt som kom ut på 1980-talet. Omsetjaren kjenner me frå avisa du les no. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha namn på forfattar, originalverk frå 1964 og omsetjar av det norske utvalet. Send løysing til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 24. november.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis