JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kunst- krigaren

I kunsten tøyer ho grensene for kva kroppen toler. Verdas mest kjende performancekunstnar kjem til Noreg denne månaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå «The Artist is Present»: I tre månadar sat Marina Abramovic stille i åtte–ti timar for å kome i kontakt med publikummarar.

Foto: Mary Altaffer / AP Photo / NTB scanpix

7999
20171117

Bakgrunn

Marina Abramovic

Fødd 30. november 1946 i Beograd

Dotter av jugoslaviske krigsheltar

Følgde kunstkarrieren i Amsterdam og New York

Blir i dag rekna som ein av verdas mest kjende performancekunstnarar

Abramovic er særleg kjent for Rhythm 0 (1974) og The Artist is Present (2010)

24. november opnar den retrospektive utstillinga The Cleaner på Henie Onstad Kunstsenter

Kunst

elovereide@gmail.com

Den jugoslavisk-fødde Marina Abramovic er kanskje verdas mest kjende performancekunstnar. I 1974 gjorde ho ein performance kalla Rhythm 0. Ho stilte seg opp på ei scene med eit skilt. 76 objekt låg framfor henne på to ulike bord. Nokre av objekta var for glede og nyting: eit glas vatn, ei rose, ei fjør. Andre var for smerte: ein kniv, eit barberblad, ein pistol, ei kule. «De kan gjere som de vil med meg dei neste seks timane. Eg tar fullt ansvar for det som skjer», stod det på skiltet.

Dei første timane behandla folk henne fint. Dei gav henne vatnet og rosa. Så byrja dei å bere henne rundt, stakk kniven mellom beina, reiv av henne kleda og kutta henne med barberbladet. Til slutt tok ein mann kula inn i pistolen og sikta på henne.

– Der og då var eg villig til å døy, fortel Marina Abramovic til Dag og Tid over Skype.

– På den tida tenkte eg ikkje så mykje på det, eg var berre 23 år gamal. Du må utvikle deg gjennom erfaring. I ettertid ser eg at livet er viktigare enn kunsten. Eg ville ikkje tatt det same standpunktet i dag, seier kunstnaren, som no er 70 år.

Tøff barndom

Då performancen var over, var Abramovic naken og dekt av blod. Andledet var dekt av tårer. Ho byrja å gå rundt publikum, men dei unngjekk augekontakt og forsvann. Då ho kom tilbake til hotellrommet, hadde ho fått ei grå stripe i håret.

– Trur du dette seier noko om at folk gjer fæle ting så lenge dei får lov?

– Ja. Eg forstod at om du gjev eit verktøy til folk, så vil dei bruke det. Så det er eit godt døme på at du kan gje menneske høvet til å leve ut eigne kjensler. Det tok meg 25 år å forstå dette.

Marina vart fødd i Beograd i det tidlegare Jugoslavia. Ho fortel at foreldra var krigsheltar. Dei blei kjærastar etter å ha berga kvarandre under krigen. Etter at dei gifte seg og fekk to barn, Marina og veslebroren, vart idyllen øydelagd. Kranglane var intense, og mora slo dottera. Borna voks etter kvart opp hjå besteforeldra. 29 år gamal forlét Marina heimlandet og flytta til Amsterdam.

– Jo verre barndom, jo betre kunst. Det har gitt meg noko å jobbe med. Glede bringar ikkje mykje arbeid, for av motgang lærer du å løyse problem og å gå vidare. For meg har dette vore ein stor læreprosess. Det var vanskeleg, men eg enda opp som ein OK person.

Sat stille i tre månadar

I Amsterdam møtte Abramovic ein kunstnarkollega og partnar, tyske Frank Uwe Laysiepen, betre kjend som Ulay. Dei to gjorde ei rekkje performancestykke saman medan dei budde i fjellheimen og levde av jorda. Etter tolv år i lag bestemte dei seg for å gå kvar til sitt, men ikkje på ein tradisjonell måte. Dei skulle gå 90 dagar over den kinesiske muren, frå kvar si retning. På midten møttest dei, klemde kvarandre og gjekk vidare.

I 2010 gjorde Marina den kanskje mest kjende performancen sin. På Museum of Modern Art i New York sat ho stille på ein stol med ein tom stol mot seg. Publikum kunne setje seg ned på den tomme stolen og få blikkontakt med kunstnaren. Slik sat ho, mellom åtte og ti timar i strekk, utan å ete eller å reise seg frå stolen, i tre månadar.

– Vi tenkte at travle amerikanarar ikkje ville ta seg tid til å sitje, men vi tok feil. Det vart timelange køar, og éin person sat der i sju timar.

Ein dag sat Ulay seg på den tomme stolen, og Marina brast ut i gråt. Dei to hadde ikkje sett kvarandre på 21 år, siste gongen på den kinesiske muren. Den sterke augneblinken er lagd ut på nettet og har blitt sett av fleire titals millionar menneske. Totalt fekk stykket, kalla «The Artist is Present», 850.000 besøkande.

– Kvifor har du valt performancekunst som kunstform?

– Ein tradisjonell kunstnar målar måleri som folk kan henge på veggen. Eg bruker kroppen til å uttrykkje kunst. For meg er performance den beste måten å arbeide med idear på.

– Redde for smerte

– I mange performancestykke utset du deg sjølv for smerte og stundom fare. Du har mista medvitet to gongar. Korleis klarer du det?

– Det er ikkje så vanskeleg. Det vanskelege er det mentale, for det krev viljestyrke og uthald å eksponere seg for fysisk smerte. Vi er alle redde for smerte. Redd eller ikkje redd, eg gjer det uansett. Når eg står på ei scene og viser publikum kva kroppen kan tole, viser eg korleis ein kan frigjere seg sjølv frå frykta for smerte, til det punktet der smerte ikkje lenger eksisterer, seier ho og legg til:

– Smerte er likevel ingenting samanlikna med å sitje stille gjennom tre månadar. Når eg sit framfor publikum, blir eg ein spegel, og folk får ta aktiv del i kunsten. Alle kunne setje seg på stolen. I dag har vi eit stort behov for å vere ein del av noko, ikkje berre vere observatørar. Behovet for å få kontakt med eit anna menneske er stort.

Antimaterialistisk

Abramovic er den første eks-jugoslavaren som har utført performancekunst på Museum of Modern Art. Den serbiske ambassadøren held til tre kvartal bortanfor museet, men har aldri kome på besøk.

– Det er ikkje lett å kome frå eit land som ikkje eksisterer lenger. Det einaste minnet vi har, er då alle landa var samla til eitt. Du kan seie at eg har ikkje det beste forholdet til Serbia i dag.

Kunstnaren har også eit dårleg forhold til kommunisme, som ho voks opp med i Jugoslavia.

– Eg trur ikkje på kommunisme. Eg tenkjer på det som korrupsjon og som eit krigssystem. Mennesket er så avhengig av materialisme og rikdom. Vi blir aldri nøgde, same om vi har éin eller tre bilar. Det meste av kunsten eg har laga, er antimaterialistisk. Du kan ikkje henge han på veggen, men du kan skape eit minne av han.

– Full timeplan til 2022

I ein alder av 70 er Abramovic like aktuell. I 2010, etter «The Artist is Present», etablerte ho Marina Abramovic Institute, som ein omreisande læreplass for performancekunst. I november kjem kunstnaren til Oslo, før ho reiser vidare til India, Tyskland, Belgia og Spania.

– Likar du alle delar ved det å vere kunstnar?

– Eg kunne aldri gjort noko anna. Eg bestemte meg tidleg for å ikkje få barn, ikkje ha det normale kvardagslivet. Hotell er huset mitt. Eg kan ikkje gå til jobben, eg er jobben. Min største draum er å berre sitje i sola og drikke kaffi, men eg jobbar alltid. Eg elskar å jobbe. Timeplanen min er full heilt fram til 2022.

– I ein performance et du ein heil lauk medan du klagar over einsame hotellrom?

– Sjølvsagt hatar eg einsame hotellrom, men så bur eg i dei om att og om att. Éin dag hatar du noko, ein annan elskar du det. Planeten er det beste studioet. Eg ville ikkje hatt det på nokon annan måte.

– Men du har budd i New York ei stund?

– Ja, men eg kom hit i går, og eg drar igjen i morgon. Alle land er så forskjellige. I Italia stoppar folk på gata, klemmer meg og græt. I dei nordiske landa er menneska rolegare, men framleis emosjonelle. Eg trur at arbeidet mitt er ganske emosjonelt.

Krigaren

Ofte blir Abramovic kalla «bestemora til performancekunsten», men den tittelen vil ho helst ikkje ha.

– Det var noko eg sa for 20 år sidan, men avisene held fram med å skrive det. Eg vil ikkje vere ei bestemor lenger. Eg vil vere ein krigar. Fordi nesten ingen i min generasjon lagar performancekunst. Dei har anten pacemaker eller så er dei daude. Eller så har dei gitt opp livet, seier ho.

– Performancekunst handlar om å skape menneskelege reaksjonar?

– Performancekunst er ikkje føreseieleg, det viser at livet sjølv er lite føreseieleg. Ein asteroide kan når som helst ta livet av oss alle saman. I mellomtida skal eg jobbe til eg døyr.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det meste av kunsten eg har laga, er antimaterialistisk.

Marina Abramovic

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis