JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ellen og dei 85.000

Ellen Wisløff har på få år vorte den fremste poesiformidlaren i Noreg. Sundag byrjar diktprogrammet hennar i NRK P2.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Kvar lever poesien i 2017? Det er spørsmålet Endre Ruset og eg har hatt som utgangspunkt for kvart program, seier Ellen Wisløff.

Foto: Håvard Rem

8163
20171117

Bakgrunn

ELLEN WISLØFF

Tidlegare utgåvesjef og redaktør i KK

Grunnleggjar av Ren poesi
– ein Instagram-konto og diktantologiar

Aktuell i haust med antologien Skitten poesi

Programleiar i P2 for Ordet fanger, saman med Endre Ruset

Programmet har premiere sundag kl. 10.00

POESIFORMIDLING

post@rem.no

Ren Poesi, Instagram-kontoen hennar, nærmar seg eit sekssifra tal følgjarar. Ein av diktantologiane hennar har selt i meir enn 30.000 eksemplar.

– Det byrja i 2014, fortel ho.

– Eg var langt nede. Som sliten og nyskild tobarnsmor mista eg konsentrasjonsevna. Eg var lesehesten som ikkje lenger klarte å lesa. Eg orka ikkje meir enn nokre få liner. Difor tydde eg til dikt. Og når eit dikt hjelpte meg, hende det at eg delte det med nokre vener.

– Korleis?

– I dag er «alle» på Instagram. Så eg delte dei der. Heilt utan ambisjonar, heilt privat. Og anonymt. Eg ville vera anonym av di eg til dagleg var redaktør i KK, etter å ha vore utgåvesjef.

GUNVOR HOFMO

Ho har eit etternamn som skin i kyrkjehistoria. Teologiprofessoren og den lågkyrkjelege hovdingen Carl Fredrik Wisløff (1908–2004) var ein fetter av morfaren.

– Jau, i slekta har eg prestar og misjonærar. Men òg ein spritsmuglar: tippoldemora mi. I forbodstida vart ho aleine med fleire born, og ho brødfødde dei med å ro til Sverige etter brennevin.

– Men ho var ikkje ein Wisløff då, legg ho til og ler høgt.

Sjølv voks ho opp i særs gode kår. Som born budde ho i eit av verdas fattigaste land, Sierra Leone på den afrikanske vestkysten, der far hennar var økonomisjef i reiarlaget Sierra Leone National Shipping Company.

– Ein privatsjåfør køyrde meg til skulen. Båe hadde me uniform. Kvar morgon bad eg til Allah. Det var mange tilsette i det store huset vårt. Sierra Leone er eit muslimsk land, og når dei heldt morgonbøn, tok vesle eg del.

– Kva tid kom diktinteressa?

– Eg hadde ei farmor og ei mormor som drog kring og framførte dikt. Ikkje saman. Kvar for seg. Dei las Astrid Hjertenæs Andersen, Herman Wildenvey, Arnulf Øverland. Eg har ei mor som las Nordahl Griegs «Sykkelstyret» høgt for oss før russevenninnene mine og eg drog på fest. Eg studerte litteraturvitskap på Blindern. Etter eit mellomfag med mykje Gunvor Hofmo, byrja eg på hovudfag, men slutta då eg kunne leva av å skriva, mellom anna for Det Nye. Det var journalist eg ville vera.

Ho gjorde karriere i Aller Media. I ein motbakke fekk ho auge på diktet att.

– Diktet vart aldri borte for meg. Sidan studietida har eg vore med i lesesirklar der me tek føre oss verdslitteraturen, og der framlegga mine om å dela eit dikt vart nedrøysta. Men no godtek dei dikt.

TERSKELJUSTERING

Me sit i nabolaget på austkanten i Oslo, på Galgeberg. Inn døra kjem endå ein nabo, songpoeten Erlend Ropstad, med eit heilt ferskt og uvanleg tiljubla album, Alt som har hendt. Wisløff vil invitera han som gjest til eit av programma i den nye poesiserien hennar i P2. Ho fortel:

– Kvart program er på ein time, med eitt tema og fleire gjestar. Det er tema som kunst og poesi, barnepoesi, poesi og sosiale medium, dialekt og språkforvandling, og sjølvsagt songlyrikk – med Erlend Ropstad, vonar eg.

Songpoeten nikkar. Når han fortel at han følgjer Wisløff på Instagram, tek ho fram telefonen og ber han framføra eit dikt. Han les ei strofe frå songen «Det store blå». Ho legg ut snutten. Ein time seinare har fleire tusen sett framføringa.

– Eg er ein amatør. Og eg skriv ikkje dikt sjølv. Medprogramleiar er lyrikaren Endre Ruset. Han er den poesifaglege eksperten. Då gjer det ikkje noko om eg uttalar namnet på ein utanlandsk poet feil, eller at eg ikkje veit så mykje om Ellen Einan og automatisk skrift. Eg vil ikkje ha eit akademisk tilhøve til dikt. Det kan andre ha.

– Prosjektet ditt har sytt for ei naudsynt terskeljustering i poesifeltet, seier Ropstad, og legg til før han dreg vidare:

– Stundom går eg inn for å sjå kven som likar og kommenterer eit dikt. Ofte vert eg overraska. Ren Poesi bind meg saman med menneske eg ikkje trudde eg hadde noko sams med.

Wisløff fortel:

– Eg lærte ei lekse av gudmora mi. Ho har undervist i litteratur på universitetsnivå, og på vidaregåande bad eg henne om hjelp med ein diktanalyse. «Kva meiner poeten?» spurte eg henne. «Det er det same kva poeten meiner», svarte ho, «Spør heller: Kva gir diktet deg?». Fasiten finst ikkje, meinte ho. Eg er samd. For meg kutta ho navlestrengen mellom diktet og diktaren.

FØLGJARANE

– Kven er så dei 85.000 fylgjarane?

Aldersgruppa mellom 25 og 34 år er den største. Eit fleirtal bur i Oslo, Bergen og Trondheim. 87 prosent er kvinner og 13 prosent er menn. Den siste veka har kontoen hatt nær ein million «eksponeringar», som det heiter i «SoMe»-terminologien.

Det er i åttetida om kvelden Ellen Wisløff deler eit dikt. Etterpå renn det inn 40–50 reaksjonar og kommentarar i minuttet, eit tal som kan kome opp i 9000 før ho legg ut eit nytt dikt neste kveld.

Frå næringslivet har fleire spurt om å få annonsera på sida hennar, men det har ho takka nei til. No er ho i dialog med utestader som vil skipa til diktkveldar for følgjarane, Ren poesi-samlingar.

– Men utan høg stett. Eg vil ha låg terskel: pils, pizza og poesi. Eg vil nå nye grupper. Eg vil gjera døra høg og porten vid, hjelpa folk opp dei nedste trinna. Derfrå kan dei gå vidare, dei som vil det. Instagram-terskelen er låg. Dei høge tersklane overlèt eg til andre. Men for meg er det viktig at det òg finst rom for den krevjande poesien. Eg var ein fast lyttar til P2s poesiprogram Diktafon.

Ellen Wisløff gjev meg hovudtelefonane og lèt meg prøvelytta på det fyrste Ordet fanger-programmet som vert sendt no sundag, i timen før kyrkjetid. Tema er den munnlege poesien som gjerne vert kalla spoken word og slam. Ho og Ruset tek i mot Fredrik Høyer, den unge slampoeten som skreiv ein monolog, Grønlandsutraen, som enda på hovudscenen til Nationaltheatret, og Evelyn Rasmussen Osazuwa, som i mai vart kåra til verdsmeister i slampoesi under GrandSlam i Paris.

– Kvar lever poesien no i 2017? Det er spørsmålet som Endre og eg har hatt som utgangspunkt for kvart program.

VEGEN VIDARE

– Poesien gjer meg audmjuk, held ho fram.

– Eg veit så lite. Eg kan så lite. Eg vil berre dela med andre. Eg vil utvikla eit poesiprosjekt i samarbeid med norske fengsel. Eg brenn for barnepoesien. Eg vert oppmuntra når heile skuleklassar følgjer kontoen og melder attende til meg.

Ho tenkjer seg om og seier:

– Det er eit mørker i poesien. Då Facebook kom for om lag ti år sidan, laga eg ein reportasje der ekspertar fortalde korleis ein skulle lukkast i sosiale medium. «Lag gladsaker», var omkvedet. Men slik er det ikkje med poesien. Det er motsett. Legg eg ut eit gladdikt, slår det ikkje an. Men dikt om utanforskap og angst utløyser skred av reaksjonar. Stundom spør eg meg kor mykje mørker dei toler, dei unge følgjarane mine. Er eg nevrotisk? Men mange av dei har det ikkje greitt. Dei unge i dag er flinkisar, men samstundes er det mykje psykisk liding. Dei sender meg dikt, mange dikt. Eg legg dei ikkje ut, eg legg berre ut publiserte poetar, men eg svarar dei og kommenterer dikta. Eg har eit ansvar.

– Du er ikkje anonym no?

– Når eg i eit middagsselskap vert identifisert med Ren poesi, har det hendt at gjestar har byrja å gråta. Eit dikt har hatt noko å seia i ei krise. Andre har bretta opp skjorteermet og synt ei tatovering av eit dikt eg har delt.

Den nyaste antologien ho har redigert, heiter ikkje Ren poesi, men Skitten poesi. Der har ho samla dikt av yngre og uetablerte, men publiserte poetar. Nyleg fekk ho melding om at boka kjem i nytt opplag.

– Men eg veit ikkje kvar vegen går no. Eg er god på idear, men ikkje på drift. Stundom tenkjer eg at eg berre lyt gje alt frå meg. Det tek mykje tid, og det finst vel ikkje stønad for slikt. Dessutan har leselysta kome attende. No sluker eg tjukke bøker slik eg gjorde før. Men eg vil aldri gløyma dei stadene der det er så trongt at ein berre kan ta til seg nokre få liner.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Heile skuleklassar følgjer kontoen og melder attende til meg.

Ellen Wisløff, poesiformidlar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis