Dei rosa trekantane
Før den andre verdskrigen fanst det møtestadar, klubbar og tidsskrift for homofile både i Oslo og i Berlin. Trond Vernegg vil fortelje krigshistoria til dei homofile.
Eit minnesmerke i Tel Aviv over dei homofile og lesbiske som leid under krigen.
Foto: Oded Balilty / AP / NTB scanpix
Bakgrunn
Trond Vernegg
Vernegg jobbar som forretningsadvokat og har vore journalist.
Han er tidlegare formann i Riksmålsforbundet.
Granatsjokk er den tredje boka hans.

Kultur
elovereide@gmail.com
Trond Vernegg skulle eigentleg studere historie, men studerte jus i staden. Ein regnfylt feriedag greip forretningsadvokaten likevel til tastaturet og byrja å skrive om krigen. I haust er han aktuell med boka Granatsjokk, ein spenningsroman som tar for seg okkupasjonshistoria og forholdet mellom nazistar og homofile.
Sjølv om boka er oppdikta, har Vernegg basert mykje av forteljinga på historiske fakta.
– Det finst nesten inga forsking på korleis homofile hadde det under krigen. Difor ønskte eg å skrive om dette med eit mest mogleg historisk korrekt bakgrunnsbilde.
Sjølv om det var homofili var forbode både før og etter andre verdskrigen, trur Vernegg at nazismen gjorde det vanskelegare å vere homofil.
– Eg trur dei vart reddare. Før eg skreiv boka, snakka eg med mange som levde under krigen, og som har fortalt om legninga si først som gamle. Dei levde med ei konstant frykt for å bli avslørt.
– Levde under radaren
Runar Jordåen er den einaste norske historikaren som har skrive ein vitskapleg artikkel om homofili under krigen. Han er fagleg leiar for Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
Jordåen fortel at det fanst ei blomstrande homorørsle i Tyskland før nazistane kom til makta. Homofile møttest på barar, stifta foreiningar og gav ut tidsskrift. Den berømte bokbrenninga på Bebelplatz inneheldt mange bøker frå instituttet til Magnus Hirschfeld, leiarfiguren i den tyske homorørsla frå og med 1897.
– Etter at Hitler kom til makta, vart forbodet mot homofili skjerpa. Eit tidobla tal, rundt 50.000. vart dømde for homofili. Mellom 1933 og 1945 hamna mellom 5000 og 15.000 i konsentrasjonsleir, der over halvparten døydde. Likevel var det ikkje nokon systematisk utryddingspolitikk, fordi mange levde under radaren, seier Jordåen.
Diskresjon
Historikaren fortel at okkupasjonsmakta forsøkte å innføre homopolitikken sin i Noreg, men berre eit fåtal norske menn vart dømde.
– Kvifor har ikkje krigshistoria til dei homofile fått meir merksemd?
– Mellom anna fordi homofile generelt ikkje har vore eit tema for historikarar. Det var dessutan noko ein ikkje snakka om. Dette var diskresjonsgenerasjonen. Nokon burde absolutt ha intervjua overlevande homofile om dette, etter at temaet kom meir på bana utover 1970-talet. Då kom dei første historiene, og homorørsla tok opp tråden.
«Tysklands kloakk»
Sjølv om vi veit lite om korleis dei homofile hadde det under krigen, veit vi at det finst døme på kastrering og medisinske eksperiment, i forsøk på å «kurere» dei.
– Homofili var ein trussel mot det tyske bildet av korleis ein familie skulle vere. Det var klarare uttala at avvikarar ikkje vart aksepterte. Samstundes fanst det homofile både i det tyske statspolitiet og i Nasjonal Samling, fortel Vernegg.
Han fortel om mange møtestadar for homofile, som han også nyttar som scener i boka.
– Like ved Uranienborg kyrkje var det eit hemmeleg møtepunkt frå og med 1920-talet. Dessutan møttest mange på Kafé Norrøna i Grensen i Oslo. Den mest liberale staden for homofile var i Berlin, også kalla «Tysklands kloakk» av nazistane. Med Hitler døydde desse miljøa ut.
Rosa trekant
Straffelovsparagrafen som forbaud homofili i Noreg, gjaldt berre for menn. Med ein rosa trekant på brystet vart homofile forfølgde og drepne i mange konsentrasjonsleirar, særleg dersom det vart avdekt forhold mellom nordmenn og tyskarar.
– Då gjaldt den tyske lova, og sju–åtte nordmenn, som vi veit om, vart dømde og sende i konsentrasjonsleir. Men eg tippar at det er mange mørketal. I statspolitiet var det dødsstraff for å vere homofil.
Forbode til 1970-åra
Forfattaren trur at det først på 70- og 80-talet vart allment akseptert å vere homofil. Vernegg er sjølv gift med ein mann.
– Homofili har kanskje vorte utelate av norsk krigshistorie fordi det var forbode etter krigen og heilt fram til 1972. Eg kjenner folk som er 20 år eldre enn meg som aldri vil vedgå at dei er homofile. Sjølv gifta eg meg i 2009.
– I mange land ser vi no ei skjerping av lovene og massearrestasjonar av homofile. Vi lever i eit liberalt land, men du skal ikkje lenger enn til Russland og dei baltiske statane før du ser at kampane er langt frå over.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Homofili var ein trussel mot det tyske bildet av korleis ein familie skulle vere.
Trond Vernegg, forfattar
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.