Epilog med etterskrift
2019: Epilogar bør lesast like nøye som resten av boka. Det gjeld også Mikael Niemis kloke epos om Lars Levi Læstadius.
NABOEN. Mikael Niemi med røysterett til det svenske Sametinget voks opp hundre meter frå denne prestegarden i Pajala. Her budde Lars Levi Læstadius med si Brita Kajsa og mange barn frå 1849 til han døydde i 1861.
Foto: Stig B. Hansen / A-magasinet
Ein epilog er ein del av romanen, minte Mikael Niemi om i e-post 29. april 2019. Etterord er det ikkje. Det var også Knut Hamsun på det reine med, men det tok tid før lesarane såg kva det innebar. Med epilogen «Glahns Død. Et Papir fra 1861» tvingar spørsmålet seg fram om kven forteljaren i Pan er. Slik er det også i Koke bjørn av Mikael Niemi, utgitt i Sverige 2017 og i Noreg 2019.
Romanen er eit regnbogerikt portrett av Læstadius, tenkt og skrive slik berre ein Edvard Hoem kunne ha gjort det i Noreg. I det ytre er det ei forteljing om fire drap og oppklaringa av dei. Med si blanding av presis naturvitskap, gjennomtenkt kulturkunnskap og sterke tru opplyser Læstadius både folket sitt og den verdslege øvrigheita. Einast han forstår det heile. Den respekten for Læstadius som pregar tidlegare romanar og biografiar om han, fyller kvar ei linje i denne romanen. «Tack för at ni fanns», skriv Niemi til ekteparet Læstadius i eit rørande etterord i den svenske billigutgåva i 2018.
I hovudforteljinga er det den samiske vagabonden Jussi som fører ordet. Bygdefolket kallar han hittebarnet fordi Læstadius tok han til seg i von om å gjere han til ein opplyst predikant. Sjølv drøymer Jussi om å kunne skrive ei bok.
Epilogen er av ein allvitande forteljar som veit meir enn Jussi og like mykje som forfattaren, og som blandar fiksjon og historiske faktum. Denne forteljaren viser til minneskriftet Mu eallin (Mitt liv) av ein ukjend forfattar som blei «publisert i Nord-Norge omkring år 1890». Den skildringa «har i høy grad inspirert denne romanen», står det. Då Martina Montelius melde romanen i Expressen, slo ho fast at «utan denna bakgrund hadde jag läst boken på ett helt annat sätt». Truleg hadde ho lese heile boka før ho fekk vite dette, men la no det vere.
Koke bjørn er også ein idéroman om det å kunne lese og skrive. Den kunna får direkte og uventa følgjer i kriminalforteljinga. Setningane i epilogen får lesaren til å fabulere om at det kan ha vore Jussi som skreiv Mu eallin. Slik låner fiksjonen autentisitet frå den faktiske historia på fleire nivå. Så sant lesaren kan stole på forteljaren i epilogen.
Mest av alt handlar bokhistoria om kor viktig lese- og skrivekunsten er. På ei av dei vakre sidene i den historia held Jussi til. I mangel på papir sit han med sin flyktige skrivesand, viskar ut, byrjar på nytt, som bibelsk jag etter vind, og set i gang noko der skrifta jamvel kan trumfe Skrifta. Det som er skrive, kan ikkje gløymast – berre nokon les historiene.
Ottar Grepstad
Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.
Serien Bokhistorier er trykt i
22 delar i perioden 8. februar–
12. juli 2019.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.