Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10050
20241122

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

«Eg visste at noko frykteleg kom til å hende», sa svigerinna mi da eg ringde henne for å høyre korleis dei hadde det. «Korleis visste du det», spurde eg. For meg kom missilåtaket laurdag natt – det første av ein slik storleik sidan sommaren – som ei overrasking.

«Det var fullmåne den natta», forklarte Larisa. «Vampyrar går alltid til åtak når det er fullmåne.»

Ho tøysa ikkje. Ho trur verkeleg at Vladimir Putin er ein vampyr – Putin og heile Russland.

Søndag morgon, etter åtaket med 120 rakettar og 90 dronar sikta inn mot heile landet, var det full straumstans i Odesa og mange andre byar, og det brann i kraftverk og bustadblokker. Det ukrainske telefonnettet kunne knapt handsame belastinga da alle freista kontakte sine kjære.

Fredagen før åtaket lova Lada, ei venninne, å kome til Sens, ein bokhandel i Krestsjatyk, i samband med presentasjonen av ei ny bok av den italienske kokken som har gjort det italienske kjøkenet populært, Marco Cervetti. Lada kom ikkje, men ho sende ei melding dagen etter. Ho skreiv at ho hadde fått eit lite hjerneslag.

«Kan eg hjelpe deg på noko vis?» spurde Elizabeth, kona mi.

«Drep Putin!» var det knappe svaret. Lada, til liks med Larisa, tøysa ikkje.

«Å velje Zelenskyj som den som 'øydela fredsprosessen', vil fri USA frå å måtte ta vanskelege politiske eller finansielle avgjerder i framtida.»

Diverre drap Putin minst ti personar søndag kveld, inkludert to jernbanearbeidarar. På grunn av åtaket vart jernbanetransporten i den austre og søraustre delen av Ukraina stogga.

Kona mi og eg var denne fryktelege natta om bord på toget til Mukatsjevo i Zakarpatska.

Klokka seks om morgonen vart toget ståande i den vesle byen Stryi, mellom Lviv og Karpatane. Etter eit langt opphald der heldt vi fram, for så å stogge i landsbyen Pavsjyno i Karpatane. Dette var eit stopp som ikkje stod på køyreplanen. Eg gjekk inn på nettet og såg at russiske missil hadde eksplodert like i nærleiken.

Da vi endeleg var komne til Mukatsjevo, var det ikkje anna å gjere enn å setje seg på ein kafé og lese alle detaljane om øydeleggingane denne natta, talet på døde og skadde, men alle reportasjane mangla referansar til den nye politiske og historiske konteksten det første store bombardementet av Ukraina på lang tid gjekk føre seg i.

Donald Trump er vald til president, men har enno ikkje teke over embetet. Sjølv om Biden framleis er president, freistar Trump og laget hans allereie å innverke på verdspolitikken med kunngjeringar, telefonsamtalar og – truleg – andre ikkje-offisielle tiltak.

Trump lova å få slutt på den russisk-ukrainske krigen i løpet av eit døgn. Det er klart at det er snakk om eit døgn frå augeblinken da han tek over som president. Men for å oppfylle løftet må han «preparere» Putin og Volodymyr Zelenskyj for krigsavslutninga på førehand, slik at dei – 21. januar 2025, 24 timar etter at han har svore eiden som president – skriv under på ein avtale om å gjere slutt på krigen.

Ingen i verda kan unnlate å sjå det fantastiske preget ved denne planen. Men Trump trur på seg sjølv med same kraft som ein av rakettane til Elon Musk. Difor kan vi gå ut frå at krinsen kring Trump alt arbeider 24 timar i døgnet for å gjere mirakelet til røyndom. Nokre av dei har utan tvil kontakta folka til Putin med spesifikke idear og råd om korleis dei kan ende den russiske aggresjonen.

Rykte om direkte samtalar mellom Trump og Putin kan gjerne vere falske, men det har temmeleg sikkert vore kontakt på eit eller anna nivå.

Som svar på denne «utstrekte handa» frå amerikanarane, byrja dei viktigaste russiske TV-kanalane å sende uvenlege reportasjar om den komande førstedama i USA, Melania Trump, med bilete frå tida hennar som modell der ho poserer halvnaken.

Var massebombinga av Ukraina òg eit svar på ein telefonsamtale frå USA til Kreml? Eller var bombinga kan hende eit svar på telefonen frå kanslar Scholz til Putin? Den telefonsamtalen fann stad, det er sikkert, og vara i om lag ein time.

Mykje kan diskuterast på ein time. Kan hende var bombinga svar på så vel tyske som amerikanske framstøytar?

Kan hende vil nokon flykte frå Russland til USA og skrive bok om det. Det var så å seie den einaste måten Vesten kunne få innsideinformasjon frå Kreml på under sovjetæraen.

Kva skjer om Trump mislukkast i å få slutt på den russisk-ukrainske krigen i løpet av 24 timar eller til og med 24 dagar? Da vil han måtte forklare inkompetansen og korleis han overvurderte sin eigen innverknad og sine eigne evner, for veljarane og alle oss andre.

Han vil, utan tvil, setje i gang med å dele ut skuld for ein manglande avtale. Valet av skuldige er nokså avgrensa: Det er anten Zelenskyj eller Putin. Slik det ser ut i dag, er den opplagt skuldige for eit mislukka amerikansk «fredsinitiativ» Putin, men å skulde han for å undergrave fredsprosessen inneber innføring av nye sanksjonar mot Russland og auka militærhjelp til Ukraina.

Dette kjem på kant med synet til Elon Musk, som de facto har blitt ein nøkkelrådgjevar for Trump og snart vil leie det nye effektivitetsdepartementet. Dessutan verkar det som om Musk har hatt ei meir positiv røynsle med telefonsamtalar med Putin, så han kan få ei avgjerande rolle når det gjeld påverknad på både Trump og Putin.

Samstundes kan det hende at Putin lèt Musk påverke russiske avgjerder, dersom han ser på Musk som ein nøkkel til påverknad på amerikansk politikk i framtida.

Dersom Musk overtyder Trump om at USA ikkje er tent med eit forverra forhold til Russland, kan Trump velje president Zelenskyj som den som har skulda for samanbrotet i fredstingingane. Det vil vere enkelt. Zelenskyj vil nekte å vurdere territoriale konsesjonar, og Trump kjem til å heve armane og seie: «Eg prøvde, men president Zelenskyj er mot fredsprosessen.»

At Ukraina skal gje frå seg Krym, Donbas og det sørlege Ukraina, er Putins krav for å avslutte den russiske aggresjonen. President Trump kan freiste å få det til å sjå ut som hans plan, men kven vil bite på det?

Å velje Zelenskyj som den som «øydela fredsprosessen», vil fri USA frå å måtte ta vanskelege politiske eller finansielle avgjerder i framtida. Det vil faktisk gjere det mogleg for USA å fjerne Ukraina frå den politiske agendaen sin.

Da vil lagnaden til Ukraina avhenge av EU og andre demokratiske land som skjønar det geopolitiske aspektet ved denne krigen, som er ein krig mellom globalt einevelde og globalt demokrati.

Da vi kom til Mukatsjevo, lytta kona mi og eg til luftvernsirenene og gløtta på andleta til dei som gjekk forbi. Dei lokale var forbausande sinte over det nattlege åtaket og la ikkje fingrane imellom da dei snakka om Putin. For første gongen på to år eksploderte to russiske missil i denne grenseregionen.

«Korleis kan han gjere dette», klaga ho som stod i baren på kafeen. «Han lova å ikkje skyte på venene sine!»

Da eg høyrde dette, makta eg ikkje å halde tilbake eit trist smil. Ho såg reaksjonen min og trudde at eg ikkje forstod henne. «Orbán vart einig med han om at Russland ikkje skulle bombardere Transkarpatia», la ho til. «Og dei er vener!»

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

Var missila som eksploderte i den vestlege grenseregionen, der det bur mange etniske ungararar, eit teikn på at venskapen mellom Putin og den ungarske statsministeren Viktor Orbán er slutt?

Dersom venskapen tek slutt, vil talet på misnøgde menneske i Transkarpatia, som bartenderen, auke monaleg. Transkarpatia har vore sett på som den sikraste regionen i Ukraina til no. Titusenvis av rike ukrainarar har kjøpt husvære her i løpet av dei siste to og eit halvt åra, hundretusenvis av ukrainarar har flytta hit i von om å overleve på denne «øya av tryggleik» ved grensa. Mange verksemder har flytta produksjonen hit, vekk frå dei sentrale og austlege regionane som jamt blir bomba. Kvar skal dei dra no?

Orbán har enno ikkje kome med noka utsegn om bombinga av Zakarpatska. Kan hende kan vi ikkje vente at «Putins ven» vil kritisere det han gjer. Kan hende er det likevel slik at Orbáns besøk i USA og møtet med Trump, der Trump omtalte Orbán som sin viktigaste europeiske ven, har fått Putin til å endre haldninga til den ungarske statsministeren?

Orbán er no ein «tenar for to herrar», og dei to herrane har vesentlege klagemål mot kvarandre.

Var den russiske bombinga av Transkarpatia også eit signal til Orbán om slutten på den ungarsk-russiske venskapen? Dette kjem vi tidsnok til å få vite meir om. Dersom innbyggjarane i det transkarpatiske grenseområdet høyrer eksplosjonar når neste rakettåtak kjem, veit vi at Putin har stroke Orbán frå venelista si.

Lista kjem til å bli enda kortare: leiarane i Nord-Korea, Iran, Venezuela og kan hende Slovakia. Lengst nede kan kanskje namnet til den kinesiske leiaren vere skrive inn med blyant. Xi Jinping må snart ta nokre vanskelege avgjerder i kommunikasjonen med den nye presidenten i USA. Han kan bli nøydd til å avgjere kva som er viktigast for han økonomisk: marknaden for dronar og lette militære køyretøy til det russiske militæret eller den amerikanske marknaden for alle andre varer.

Det einaste gode nyhendet vi las på kafeen i Mukatsjevo, var at Biden endeleg har gjeve Ukraina høve til å bruke amerikanske våpen mot russiske militærinstallasjonar inne på russisk jord. Ja, det er godt nytt, men vi kjenner på risikoen. Froda står kring kjeften på Putin, og kven veit kva ein rasande vampyr kan finne på?

For å vere på den sikre sida undersøkte eg månefasane i almanakken. Neste fullmåne kjem 15. desember, men det vil neppe bli så gale som ved fullmånen 25. januar, som er kalla «ulvemånen». Eg går ut frå at vi ikkje kan vente noko godt frå Russland den dagen. Dessutan vil ulvemånen stige opp på himmelen den femte dagen etter at Donald Trump har teke over som president i USA.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis