Skrifthistorier
Bøker av sau og geit
Pergament var svaret på tunge leirtavler og skjøre rullar av papyrus. For første gong var eit materiale i bruk som kunne brukast om att – til meir enn å skrive på.
PERGAMENT. I Rafaels freske «Skulen i Athen» (utsnitt) frå 1511 i Vatikanet ber Platon på ein dialog frå ca. 355 f.Kr., Aristoteles har Etikken frå ca. 330.
Foto utsnitt: Wikimedia Commons
Ordet pergament skriv seg frå byen Pergamon nord for Izmir i Tyrkia. Kong Eumenes 2. regjerte i Pergamon 197–158, og det heiter seg at han gav ordre om å finne ei erstatning for papyrus. Svaret var reinsa, skrapa og tørka dyreskinn. Dette var nok alt kjent i både Egypt og Assyria, og overgangen frå papyrus til pergament tok fleire hundre år.
Pergament-æraen 200–1450 er den nest lengste perioden i skrifthistoria. Dyreskinn tolte meir enn papyrus, og dei kunne brettast og skjerast til ark. Det gjekk mest i geit og sau og svin, men finast og dyrast var kalveskinn. Trass i at dette var dyre saker, blei pergament svært utbreidd frå 400-talet og mykje brukt i kristne miljø. Dei første trykte eksemplara av Bibelen var i kalveskinn.
Nytt format for skrift
Med pergamenta kom eit nytt format for skrivne dokument etter ein omveg om treplater med voks som ein kunne skrive i. Slike plater og seinare ark av skinn erstatta rullane. På ark av skinn var det mogleg å skrive på begge sider, og ei samling av ark kalla romarane codex, ‘trestamme’. I germanske språk blei nemninga variantar av bok.
Som pergamentrullane var kodeksane svære og tunge, men å snu ark i staden for å rulle gjorde det lettare både å skrive og lese. Dessutan, å finne att. Behovet for kodeksar var stort, men ikkje større enn at etterspurnaden etter skinn blei dekt.
I Skandinavia blei runekjevle og pergament nytta om kvarandre. Runer – med like rettlinja strekar som i kileskrifta – og latinsk skrift var to svært ulike skriftsystem, og dei to materiala gjorde sitt til at desse skriftsystema blei brukte ulikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.