Diktet er ein tapar i bokbransjen, men ein vinnar i andre samanhengar
bakgrunn
post@rem.no
I få land har diktsamlinga på papir hatt betre tilhøve enn i Noreg. Den statlege innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur, mellom anna lyrikk, vart oppretta i 1965, og på dei drygt 50 åra har det vore gjeve ut om lag 5000 diktsamlingar i Noreg. Dei har vore tilgjengelege i hundrevis av bokhandlar som har teke inn eit rabattert fyrsteeksemplar, med plikt til å ta inn nye eksemplar om og når det fyrste vert selt.
Dette systemet er no i ferd med å bryta saman. Færre og færre bokhandlar tek inn eit fyrsteeksemplar, og om dei gjer det, og om det vert selt, tek dei ikkje automatisk inn eit nytt. Med andre ord er ei ny diktbok ofte ikkje i vanleg sal.
Det statlege støtta innkjøpet til biblioteka har òg vorte nedbygt dei siste åra. Talet på innkjøpte eksemplar er gått ned, refusjonsprosenten til forlaga har vorte avkorta, og om ei diktbok vert underkjend og ikkje kjøpt inn, er det ikkje lenger høve til å anka avslaget eller «nullinga».
Samstundes med at dei fleste diktsamlingane på papir forsvinn frå eller vert marginaliserte i bokhandel og bibliotek, vert dei òg meir og meir usynlege i ålmenta. Det har vore ei kraftig nedgang i talet på diktsamlingar som vert melde i avisene. Medan ei ny samling kunne få 30–40 meldingar i aviser over heile landet på 1970-talet, kjem det no diktbøker som ikkje vert melde i det heile teke.
Denne tendensen råkar òg romanar og novellesamlingar i fysisk format, men det er særleg diktsamlinga på papir som peiker seg ut som ein tapar i ein meir og meir straumlineforma bokbransje.
Samstundes har diktet dei siste åra synt seg som ein vinnar i andre format og offentlege stader. Fleire og fleire poetar har profesjonalisert munnleg framføring av dikta, gjerne i ein musikalsk kontekst, og dei samlar mykje folk på litterære kveldar og festivalar over heile landet. Medan det kan vera vanskeleg og unaturleg å framføre ein roman munnleg, høyrer diktet like gjerne heime på ein scene som i ei bok.
På liknande vis har dei nye sosiale media, som Twitter, Facebook og Instagram, synt seg å vera meir eigna plattformer for dikt enn for romanar. Den etablerte boklyrikaren Helge Torvund har dei siste åra hatt så mange følgjarar i sosiale medium at salet av samlingane han gjev ut på papir, har auka og gjerne kjem i fleire opplag. Mellom yngre poetar, som Aleksander Fallo og Hedda Lilleng, fødde på 1980-talet, kjem no dei som ikkje tek vegen om ein bokdebut, men som fyrst og fremst etablerer seg i sosiale medium, stundom med både fem og ti tusen følgjarar.
Poesien klarar seg. Utanfor boka finn dikta attende til den sentrale plassen dei hadde mellom folk i tida før bokindustrien. Men for dei neste 5.000 norske diktsamlingane som skal koma på papir, er situasjonen ikkje berre dyster, men òg absurd: Dei bokhandlane som ikkje lenger held diktsamlingar i sal, er eigde av dei forlaga som gjev ut samlingane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.