Døyande dialektar
Mens mange i Telemark går over til bokmål, held NRK-veteran Anne Lognvik fast på dialekten.
Journalist i NRK Telemark, Anne Lognvik, får Kringkastingsprisen 2017 for språktrygg journalistikk.
Foto: Inger Størseth Haarr / Kringkastingsringen
NRK-veteranen Anne Lognvik fekk i slutten av november Kringkastingsprisen 2017, ein pris kjende personar som Arild Riise i TV 2 og Ingunn Solheim i NRK har fått i tidlegare år. Sidan 1980 har Lognvik vore ein del av kanalen, og ho arbeider dagleg med TV og radio i NRK Telemark. Når Lognvik får den 40. Kringkastingsprisen, er det fordi ho er ein språktrygg journalist som held fast på dialekten i ein region der han er trua.
– For meg er dialekten min og det nynorske skriftspråket den kulturelle grunnmuren min. Men eg kjenner mange som har lagt om, og eg synest utviklinga i Telemark er trist. Språket er viktig for forteljarrøysta og for røtene våre. Også i heimbygda mi, Rauland, blir dialekten pressa ut for det eg kallar bymål. Når du først har skifta dialekt, er det vanskeleg å skifte tilbake.
– Du ønskjer å stå imot trenden?
– Til og med turistnæringa og kommunen legg om til nesten konservativ bokmål. Sjølve seier dei at det er på grunn av innvandrarane. Det er eit stort press frå storsamfunnet som gjer at foreldre og skular som ønskjer å ta vare på dialekten, tapar kampen. Eg skulle ønskje det var ei meir offensiv haldning mot majoritetspresset. Dersom alle tenkjer og snakkar likt, får vi eit kjedelegare samfunn.
– Kva betyr dialekten din for deg som journalist?
– Dialekten min er røtene mine. Intensjonen med å etablere distriktskontor var å spegle landet og kulturen. Språk er ein del av kulturen vår, og fleire dialektar gir betre TV. Det er ikkje slik at alle bur i storbyar på Austlandet. På 80-talet måtte eg legge meir om på dialekten min, eg måtte snakke meir normalisert. Det gjer eg framleis, men toleransen for å høyre ulike dialektar er større.
– Kva er den største forskjellen mellom å vere journalist i 1980 og å vere journalist i dag?
– Det er eit heilt anna mangfald i dag og eit mykje større tempo. No publiserer vi laupande, men i starten produserte vi stoff til neste morgon. I tillegg publiserer journalistar i dag på fleire plattformer. Når det gjeld språk, skjedde det ei positiv endring då TV 2 kom, for det auka konkurransen i breidda og i språkbruken generelt. NRK har opna for meir moderat bruk av dialektar.
– Du får pris for å vere ein særs språktrygg journalist. Kva råd har du til unge journalistar frå distriktet?
– Eg har vore med på å påverke ungdommar som har kome tilbake til Telemark og vakla i eigen dialekt. Etter ei mild form for press går dei attende til dialekten sin og er nøgde med det. Ikkje alle skriv nynorsk, dei synest det er vanskeleg. Eg trur det berre er ei omstilling i hovudet. Dei må tenkje gjennom om det er viktig for dei å farge regnbogen, eller om dei vil forlate røtene sine og ta den breiaste vegen. Viss dei ikkje får den og den jobben fordi dei skriv nynorsk, er det kanskje ikkje verdt det?
– Korleis ser kvardagen din ut, og kva metodar nyttar du?
– Eg er allroundjournalist og gjer det meste. For tida følgjer eg den nye reforma som gjeld samanslåing mellom Telemark og Vestfold. Eg jobbar som journalistar flest, kjenner fylket godt og har eit stort nettverk. No er det dessutan opne portar inn til databasar og offentlege etatar. Eg kan aldri seie at eg har ein dag på jobben der eg lurer på kva eg skal gjere.
– Skal du halde fram i NRK Telemark?
– I alle fall til eg blir pensjonist, og det er jo ikkje veldig lenge til. Eg har det moro og gler meg til jobb kvar dag. Det er stadig nye endringar og utfordringar. No er det nettet som gjeld. For ikkje så mange år tilbake var ikkje internett så viktig. Slik endrar journalistikken seg konstant. Gjennom godt teknisk utstyr kan eg vere til stades kor som helst på direkten. Eg håpar at NRK held fram med å dekkje heile landet – også distrikta.
Elise Løvereide
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.