JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kva vil du ha for å bli glad?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2771
20171117

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Christine Meyer

2771
20171117

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Christine Meyer

– Så kva med gleda, då, Christine?

– Kva meiner du? Gleda generelt? I ei gruppe? For eit enkeltindivid? For meg? Kan du anstrenge deg for å vere noko meir nøyaktig?

– Vi sit på Café Sorgenfri på Bryggetorget i Oslo. For sjølv om det, ifølge Christine, ikkje finst noko statistisk grunnlag for å tru at namnet på staden der ein sit, kjem til å påverke sinnsstemninga, kan ein jo aldri vite, ikkje sant?

– Jo, ein kan det, seier Christine.

– Kan kva då?

– Vite.

– Og du veit?

– Eg veit. Namnet har ikkje noko å seie.

Det er ikkje mange timane sidan Christine fekk beskjed om at ho ikkje lenger har tillit hjå finansministeren.

Tillit er eit ganske morosamt ord, seier eg. – Same forlengs som baklengs.

– Men ikkje ovanfrå og ned, seier Christine.

Palindrom, heiter det, seier eg.

– Eventuelt møte med Jensen, seier Christine.

– Vi drikk fort av glasa våre.

– Visste du at Siv betyr anten brud eller vennskap? spør eg.

Christine må le:

– Ikkje i mi verd.

– Og at det reint statistisk er 0,9 prosent sjanse, eller der omkring, for at ei jente blir kalla det i dag? seier eg.

– Noko lågare i min krins, seier Christine.

– Så kva med ein putekrig? spør eg.

Christine set eit veldig ikkje-inkluderande blikk i meg.

– Statistisk sett er det den aktiviteten som jamt over gir folk største glede, seier eg.

Christine seier ikkje noko.

– Eg trur det ligg ein interiørbutikk nedi vegen. Vi kan kjøpe eit par av dei lange hotellputene deira. Kva trur du?

– Eg trur ikkje det, seier Christine.

– Vi trengt sjølvsagt ikkje sitje i ei seng. Eg vil berre du skal bli glad.

– Trur ikkje det, repeterer Christine.

– Trur eller veit?

– Veit.

– Kva med ein jakttur, då? Jakt skårar også høgt, statistisk sett. Kven skulle tru, ikkje sant? Og eg har ein kompis som har ei god bikkje vi sikkert kan låne.

– Du vil eg skal dra på jakt med deg, medan resten av verda jaktar på meg?

– Er ikkje det poetisk?

– Er det? Har du skrive mange dikt om jakt?

– Eg må tenkje, seier eg, men eg må eigentleg ikkje det, eg veit svaret: – Nei, det har eg ikkje.

– Så reint statistisk sett er ikkje dikta dine særleg gode på å spreie glede.

– Det kjem vel an på, seier eg.

– Kva gjer ikkje det, seier Christine.

Så drikk vi frå glasa våre. Ein drikk som statistisk sett plar få folk i betre humør.

– Og du veit, byrjar eg, reint statistisk sett skårar også fritid særs høgt når det gjeld glede og trivsel. Så om ting ikkje skulle ordna seg, kan du jo trøyste deg med at du, igjen reint statistisk sett, går lysare tider i møte.

Så sit vi stille ei lita stund og ser ut vindauget. Klokka er ikkje mykje, men kvelden er alt på veg. Vinteren er komen.

Nils-Øivind Haagensen

Nils-Øivind Haagensen
er forfattar og forleggjar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis