Kva vil du ha
for å bli glad?
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Helene Uri
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Helene Uri
– Så kva med gleda, då, Helene? Kva gjer deg glad?
– Språk! seier forfattaren og språkvitaren.
– Språk heilt generelt, meiner du? Kan du sitte på ein benk eller eit trikkesete og høyre folk bable i veg og bli i godt humør?
– Ja. Men eg er som regel alltid i godt humør.
– Er du?
– Det er eg, seier Helene.
– Eg burde ha hengt meir med lingvistikklikken, skjønar eg.
– Det er i språket det skjer, samtykker Helene.
Vi sit på Blindern, sjølvsagt. Kvar vår særs gjennomsnittlege kopp kaffi i handa. Studentar rundt omkring og overalt. Ikkje for mykje støy. Litt som eksistensiell musak, føreslår eg. Tja, seier Helene. Før me snakkar om nyordet av året, kåra av språkrådet: falske nyhende.
– Er vel eit uttrykk heller enn eit ord, seier eg.
Helene er einig.
– Og om ikkje det burde vere forfalska nyhende? Falsk er kanskje betre oversett med «phony»? Ein fake Picasso er vel forfalska heller enn falsk?
Helene er ikkje einig: – For meg fungerer adjektivet falsk heilt fint i eksempelet med Picasso: eit falskt måleri eller eit forfalska eit. Nyansane går vel snarare på at ved bruk av forfalska blir prosessen framfor resultatet framheva. Ifølge Bokmålsordboka er dette gjengs bruk.
Seier ho og viser meg ordboka på nettet. Kor falsk, heilt riktig, kan bety både uekte og imitert.
– Men kven veit om ikkje Bokmålsordboka er falske nyhende, spør eg.
Helene ler ikkje i det heile.
– Dagens dummaste, seier ho. – Du vinn påfyll.
Eg synest uansett det er eit noko uinspirerande vinnarord, seier eg. – Oskefast var mykje betre, i si tid.
Helene er einig. Trekker fram kvardagsintegrering og høgdehus. Retronym og mem. Og ikkje minst, seier ho, imamsleiking. Då det slår saman eit gamalt norsk ord med ein ny import. Sånt kan ho like.
– Eg har laga eit nyord, forresten, seier eg.
– Å? Helene lys opp.
– Radioaktig, fortset eg. – Som eit adjektiv: det radioaktige.
– Korleis fann du på det? spør Helene.
– Det var ei feilskriving, seier eg. – Eg sat på toget og skreiv. Brukte penn og papir. Og nett då eg skulle skrive «det radioaktive» kasta vognsettet litt på seg, og pennestreken tok ei uventa retning. Sånn blei det «det radioaktige». Som gav meg ideen til det som blei min første roman.
– Korleis blei han mottatt?
– Ja, sei det, seier eg. – Forlaget trudde dessutan at eg meinte «det radioaktive».
– Dei trudde rettskrivinga som vart fødd av ei feilskriving, var ei feilskriving? Herleg, smiler Helene.
– Men ordet finst jo, seier ho så til trøst. – Det lar seg google, ikkje sant?
Eg nikkar: – Vil tru det, ja.
– Det skal du vere nøgd med, seier Helene.
Så ser vi tilbake på studentane rundt oss. Og sola inn vindauga. Ei verd på fire minus der ute. Kvifor heiter det eigentleg bikkjekaldt, spør eg, og Helene tar med ei gong til å svare.
Nils-Øivind
Haagensen
Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggjar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Maja Lunde har skrive om korleis teknologien tek over barndommen.
Foto: Agnete Brun
Skjermbruksvett
Skjermen er den nye synda i tilværet. Og debatten rullar.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.