Kunst

Grotesk i Vatikanet

ROMA: Då Rafael i 1517 smykka ut loggiaane i Vatikanpalasset, la han grunnlaget for den mest ynda dekorasjonsforma i renessansen.

Utsyn vestover mot Englebrua som sidan antikken har ført romarane over Tiberen til Vatikansida av elva. Ragande i horisonten ser me Michelangelos kuppel på Peterskyrkja.
Utsyn vestover mot Englebrua som sidan antikken har ført romarane over Tiberen til Vatikansida av elva. Ragande i horisonten ser me Michelangelos kuppel på Peterskyrkja.
Publisert Sist oppdatert

SERIE: Sjur Haga Bringeland vitjar italienske byar på jakt etter kunst og arkitektur som representerer det ypparste innan sin epoke.

Vatikanstaten

Pavens suverene område i Roma

Verdas minste sjølvstendige stat, oppretta i 1923

0,44 kvadratkilometer areal med 600 innbyggjarar

Absolutt monarki med paven som statsleiar

Det er med ei uroleg, lett nervøs kjensle i kroppen eg vaknar denne siste sundagen min i Roma. For det eg skal i dag, opplever ein berre éin gong i livet: ei vandring gjennom Vatikanpalasset.

Kva er så spesielt med det, tenkjer du kanskje? Vatikanmusea med Det sixtinske kapellet blir då vitja av mange millionar turistar kvar år? Det er ikkje denne turistifiserte delen av palasset eg er invitert til å sjå, men den lukka delen av det 55 mål store komplekset – delen som er pavens private, der berre Vatikanets tilsette eller spesielt inviterte gjester eller forskarar har tilgjenge. Eg har difor freista å førebu meg godt. Men korleis førebur ein seg til eit palass med over tusen rom?

Morgonstemning

Eg skyv att den tunge, lærkledde barokkdøra bak meg – døra som fører inn til klosteret ved kyrkja San Silvestro in Capite, der eg bur – og ruslar gjennom Marsmarka mot Pantheon. Det er ein sjarmerande bydel, dette – ein typisk mellomaldersk blandingsskog av hus av ymse slag. Dei har liksom vakse opp på slump. Mindre sjarmerande er den mellomalderske lukta som oppstår no som sola har byrja verma. Grunnen er den uskjønelege renovasjonspraksisen til romarane: Søppeldunkar skal dei ikkje ha. Nei, søpla frå hushald og serveringsstadar pakkar dei heller i store, tynne posar som dei knyter grannsamt saman i toppen og set ut på gata – til stor glede for Den evige stadens rotter, måkar og kråker på jakt etter lekkerbiskenar å gnafsa i seg.

Før søppeltømarane er på plass om morgonen, har dyr og fuglar sjølvsagt rive hol i posane og fordelt søppelet utover gata. Men meirarbeidet med å plukka opp det spreidde boset tek søppelmennene med sydlandsk ro. Ein skulle tru Romas kommune opererte med same slagord som Kaffistova i Oslo: «Her skal ingenting forandrast.»

Morgonstemning i Romas gater.

Soltempel

San Silvestro-kyrkja er elles eit eksempel på noko av det mest fascinerande med Roma, nemleg kulturkontinuiteten som har vore her dei siste to tusen åra, og som har prega oss alle. Kyrkja blei på 800-talet bygd over eit heidensk tempel vigd Sol invictus, «Den uovervinnelege sola». Kontinuiteten kjenner me òg frå Noreg; mange kyrkjer blei reiste over norrøne hov, noko som avla namn som Hove kyrkje (i Vik i Sogn) og Hov kyrkje (i Søndre Land og på Sunndalsøra).

Ferda mot Vatikanet går over Piazza Navona, Romas fremste folkeplass, og mot Tiberen, som eg kryssar på Englebrua. Grunnen til at eg får høve til å vitja Vatikanet denne dagen, er rein flaks: I Roma har eg møtt ein amerikansk prest som kjenner ein prest som for tida er sekretær hjå ein framståande kardinal. Denne presten skal eg møta, rett nord for Petersplassen, ved St. Anna-porten, som markerer grensa mellom republikken Italia og det absolutte monarkiet Vatikanstaten – ja, eg skal faktisk utanlands, jamvel til eit einevelde.

Sjølv om eg ikkje har sett presten før, har eg blitt fortalt at han er trill rund. Eg legg difor straks merke til han, der han står og pratar med ein sveitsargardist – dei har kasernen sin her ved porten.

Blid prest

Presten er ein godlyndt, smilande kar i midten av femtiåra, i kolsvart dress og vest, og ein prestesnipp like kritkvit som håret. Kor lang tid har eg, spør eg. Han har ingen planar før om tre timar, får eg vita; då skal han møta ein kollega på ein restaurant like utanfor St. Anna-porten, der dei har ein stor thaibuffé. Maten i kantina i Vatikanet er nemleg ikkje alltid spanande. Me spaserer opp Via di Belvedere, forbi det runde, festningsaktige tårnet som hyser Vatikanbanken, statens sentralbank som eigentleg har det underlege namnet «Instituttet for religiøse verk».

Vatikanpalasset, òg kjent som Det apostoliske palasset, er pavens residens i Roma og ligg kloss inntil nordsida av Peterskyrkja. Det blei påbyrja kring 1300, men utvikla seg gjennom stadige utvidingar og endringar dei fylgjande to hundreåra til eit staseleg renessansepalass. Ein heis som er bygd diskret rett inn i ein liten, prydefull renessanseportal, tek oss opp til dei vidgjetne loggiaaene. «Loggia» er her namnet på dei tre lange galleria som går gjennom tre etasjar i Vatikanpalasset mot den såkalla Damasus-gardsplassen i midten av bygningskomplekset. Tak og vegger er her dekte med stukkatur og freskomålarstykke, og kvar etasje har sitt tema.

Enorm Trondheimsfjord

Fyrst stig me ut i den tredje og øvste loggiaen, som blir kalla Loggia della Cosmografia. Her er veggene nemleg dekte med svære kart over den delen av verda som var kartlagd på 1500-talet. Eg er sjølvsagt rask med å finna veggen som syner Skandinavia. Det er alltid morosamt å sjå på gamle kart, for dei speglar sjeldan den geografiske røynda, men syner heller kva kartografane meinte var viktig å få med. Her er til dømes heile Nordland teke ut, og Lofoten går nesten ned til Fosenhalvøya. Trondheimsfjorden må ha blitt sett på som viktigare, for han er enorm, dobbelt så lang som Sognefjorden.

Eg kikkar nærare på Vestlandet, på området på høgd med Bergen. Hardangerfjorden har dei faktisk lukkast bra med, bortsett frå at dei har kutta Sørfjorden, sjølv om han heilt sikkert var oppdaga på det tidspunktet. Bergen er sjølvsagt med, likeins Lysekloster i Os.

I Loggia della Cosmografia er veggene dekte med kart.

Høgdepunktet

Rafaels loggiaar i Vatikanpalasset. Øvst ser ein den dramatiske syndeflodscena.

Så ber det ned ein etasje til den desidert viktigaste av loggiaane, dei såkalla Rafaels loggiaar. For eit syn dette galleriet er – ein fullkomen symbiose av dekorative element og forteljande seriar med målarstykke som saman med arkitekturen gjev straks inntrykk av perfekt balanse.

Kunstnaren Rafael (1483–1520) heitte eigentleg Raffaello Santi og kom til verda i Urbino. Som 25-åring blei han engasjert av pave Julius II i Roma, der han i Vatikanet utførte målarstykka som er blitt heitande Rafaels stanzer. (Desse er opne for publikum.) Dette var starten på ein kometkarriere: I 1514 overtok Rafael som arkitekt for Peterskyrkja, og året etter blei han Romas fyrste byantikvar. Dekorasjonen av loggiaen eg står i no, utførte han frå 1517 til 1519, året før han døydde. Det vil seia: Det var elevane hans som stod for sjølve realiseringa. Men meisteren laga svært detaljerte teikningar for arbeidet, difor blir dei rekna som hans.

Berre for paven

«Her slepp ingen inn, dei er laga eine og åleine til hugnad for paven», skreiv ein 1500-talskronikør om denne 64 meter lange og fire meter breie loggiaen, som opphavleg blei nytta som galleri for antikke statuar. Gangen er delt opp av 13 bogar som spenner over rommet, og mellom dei er der kvelv i taket. Søylene som held bogane oppe, er dekorerte med ei mengd fantasifulle figurar, medan kvart av kvelva syner fire freskomålarstykke med bibelscener.

Grottekunst

Måten Rafael utsmykka søylene på, skulle bli epokegjerande: Ornamentforma blir kalla «groteskar» og består av plantemotiv kombinerte med fantastiske menneske- og dyrefigurar i kombinasjon med lysestakar, vasar og anna. Slike ornament går attende til den romerske antikken – Rafael lærte dei å kjenna då han klatra ned i dei den gongen nyoppdaga romma til keisar Neros palass, der veggene var dekorerte på denne måten. Desse romma, som var hamna under jorda, kalla ein grotter. Det er dette som er opphavet til nemninga «groteskar» på denne fantasifulle dekorasjonsforma, og òg grunnen til at me i kvardagsspråket kallar absurde og grovt overdrivne påfunn og veremåtar for «groteske». Rafaels groteskar i Vatikanet var dei fyrste i eit slikt omfang sidan antikken, og dei danna skule for det som skulle bli den mest ynda pryden i renessansen.

Fortvila dreg han kona si opp etter håret – opp or det stadig stigande vatnet.

Desperat kamp: Syndeflodscena i taket i Rafaels loggiaar.

Dei til saman 52 bibelske scenene i taket er òg fascinerande. Dei er så fulle av liv, rørsle og dramatikk. Særleg merkar eg meg scena som syner syndfloda: Fortvila kjempar menneska mot flaumen; mannen til venstre har nett nådd land, der han held barnet sitt under den eine armen, medan han med den andre dreg kona si opp etter håret – opp or det stadig stigande vatnet som skal koma til å utsletta dei. Håp er det berre for menneska og dyra i Noas ark lengst bak i biletet.

Sala Regia

Eg har for lengst mista retningssansen når ferda gjennom palasset går vidare gjennom tallause salar og kapell, mange av dei uhorveleg utsmykka. Rett som det er møter me sveitsargardistar som helsar med handa til baretten når me trer inn. Inne i den lukka delen av Vatikanet er dei ikkje væpna med hellebardar, slik dei er ute, men med sverd som heng elegant ned på sida av pludderbuksene – ballongaktige renessansebukser som er det mest karakteristiske ved den raud-, gul- og blåstripa drakta, som må kunne kallast det motsette av kamuflasje.

Ferda endar – og toppar seg grandiost – i den drustelege Sala Regia, seremonihallen som ligg vegg i vegg med Det sixtinske kapellet og som er staden der paven tek imot statsbesøk. Enorme freskomålarstykke som syner blodige slag, pryder veggene. Eg skulle hatt meir tid til å studera dei, men i Italia der ute ventar no thaibuffeen på presten min.

Fantasifulle groteskar pryder søylene i Rafaels loggiaar.

Lite dialogbasert

Éin detalj får eg likevel med meg, frå målarstykket Sjøslaget ved Lepanto av Giorgio Vasari (1511–1574), som skildrar den blodige striden i Hellas i 1571, då «den heilage ligaen», som Kyrkjestaten var del av, stoppa ekspansjonen til Det osmanske riket i Middelhavet. Tilhøvet til «tyrken» var ikkje mykje «dialogbasert» den gongen: Nede til venstre sit den kvinnelege personifiseringa av kristentrua med ein kross over aksla. Ho blir krona med ein gyllen krans medan ho – med foten støtt plassert på ein turban – tronar på ein stabel av knebla tyrkarar. Med venstrehanda held ho nattverdens brød og vin, og med høgrehanda held ho ein fakkel mot turban nummer to på bakken. Kvinner var visst best på multitasking i renessansen òg.

På veg heim går eg innom Pantheon. For her inne, i ein av nisjane på austsida av det runde rommet, er Rafael lagd til kvile. Sarkofagen hans ber den vakre innskrifta: «Her kviler Rafael. Medan han levde, frykta naturen å bli overgått av han. Då han døydde, frykta naturen sjølv å døy.»

Detalj frå målarstykket «Sjøslaget ved Lepanto» i Sala Regia, seremonisalen til paven.