JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Gyv laus på tidsånda

Med albumet Voldelig lyd vil punkbandet Honning-barna skildre kaoset og forvirringa i samtida vår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trommeslagar Nils Jørgen Nilsen (t.v.) og vokalist og cellist Edvard Valberg i det plateaktuelle bandet Honningbarna.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

3421
20171215
3421
20171215

MUSIKK

elovereide@gmail.com

Bandet frå Søgne vart raskt populære då dei entra den musikalske scena i Noreg i 2010. Med sitt røffe uttrykk, raske tempo og tekstar framførte på sørlandsdialekt vann Honningbarna både Spellemannprisen i rockeklassa og bandkonkurransen Zoom Urørt, så vel som publikums gunst. Låtar som «Fri Palestina», «Prinser av Sarajevo» og «Borgerskapets utakknemlige sønner» viser at Honningbarna er uredde og til tider radikale i stilen. I desember er bandet aktuelt med det sjette albumet sitt, Voldelig lyd. Ifølge vokalisten sjølv, Edvard Valberg, skil dette albumet seg mykje frå det førre.

Goldenboy frå 2016 var meir intenst og frenetisk, mens vi prøvde ut andre ting på det nye albumet. No er det valdeleg lyd til ei valdeleg tid.

– Kva vil de formidle med plata?

– Vi vil formidle noko ærleg om korleis det er å leve i tida vi lever i. Trass i at stemninga i verda no er meir giftig, forvirrande, absurd og kald enn ho har vore på lenge, høyrest ho ikkje ut som det. Musikken rundt oss høyrest framand ut, og vi vil gjere noko anna enn det.

– Korleis har Honningbarna utvikla seg sidan 2010?

– Bandet starta ved at vi var ein gjeng 17-årige kompisar på musikklinja som begynte å spele i lag. Eg trur musikarar er meir ømfintlege for utvikling enn andre. Kvar gong ein musikar gir ut ei plate, er plata ein stor del av vedkommande, som ser på det som nyskaping og ei stor forandring, mens det knapt blir fanga opp av andre. Med andre ord er vi ikkje dei rette folka å spørje.

– Kva handlar punk om, meiner du?

– Å skape noko, ha det gøy, lage kaos og å gjere ting sjølv.

– Punk er jo tradisjonelt ein politisk og samfunnskritisk musikksjanger. Norske band som Skambankt og Sløtface tar opp ulike samfunnstema i tekstane. Kva linje legg Honningbarna seg på når det gjeld politiske bodskap, og kva saker engasjerer dykk?

– Sløtface og Skambankt snakkar politikk på veldig ulike måtar. Der Skambankt tar opp tema i retning av partipolitikk, snakkar Sløtface meir om store tankar rundt fridom og feminisme. Vi går heller ikkje inn i partipolitikk. For dersom partipolitikk kunne redda verda, hadde han gjort det for lenge sidan. Og med ein galen mann som leiar av den frie verda, har ikkje partipolitikken akkurat hatt eit kjempeår. Vi vil ta opp det som interesserer oss, nemleg kaos, fridom, tidsånda vår og stemningane rundt oss i ei modig, ny verd.

– Korleis går skriveprosessen føre seg?

– Vi har ein veldig kollektiv skriveprosess. Alt går gjennom alle, og vi lagar ting saman. Det kjennest rett.

– Kva betydning har heimstaden for Honningbarna, sidan de vel å synge på dialekt?

– Dersom Kristiansand hadde vore ein stad i Ringenes Herre-universet, hadde det vore Hobbitun, og vi er alle ganske hardbarka patriotar. Likevel er det eit mørke i Hobbitun som gjer at ungdommar knivstikk kvarandre, arrangerer slåstkampar i skulegarden og er meir destruktive enn andre stadar i landet. Det finst eit mørke i skuggen av korset der, og det er lett for meg å synge om. Vi er no i eksil i Oslo, fram til jul i alle fall.

– Korleis ser nyåret ut for Honningbarna?

– Strålande! Vi legg ut på turné i Noreg på omtrent tretti ulike datoar. Etter lang tid i studio og med plateslepp skal det bli fint å kome seg ut der ein opplever musikk, ikkje berre spelar han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis