JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Haakon Aase (1949–2024)

Han pusta nytt liv i muring med stein

Haakon Aase (1949–2024).

Haakon Aase (1949–2024).

Kultur

Haakon Aase (1949–2024)

Han pusta nytt liv i muring med stein

Haakon Aase (1949–2024).

Haakon Aase (1949–2024).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5019
20240607
5019
20240607

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Den nasjonale arven etter Haakon Aase står reist i stein. Gråstein, det folk bygde mangt og mykje av før. Arven ligg òg inne i dei som har lært av Haakon å vøle steingardar, støttemurar, kisteveiter (dreneringsgrøfter), jordkjellarar og mangt anna.

Ei ny kvelvingsbru etter gamal skikk på Nes sør i Kvam i Hardanger. Ferdig 2018.

Ei ny kvelvingsbru etter gamal skikk på Nes sør i Kvam i Hardanger. Ferdig 2018.

Foto: Haakon Aase

Eit vidsveimt liv

Haakon Aase frå Litlebergen i Meland i Nordhordland døydde 75 år gamal den 21. mai, etter sjukdom i lengre tid. Bak seg hadde han eit vidsveimt liv. På Universitetet i Bergen studerte han historie, sosialantropologi og norsk. Så var han i mange år platearbeidar i den same byen. I 1996 flytta han og kona, Kristine Fluge, inn i nytt hus heime på garden der Haakon vaks opp.

Barndomen tok farge av at Haakon som tiåring fekk sitt første trekkspel. Det bar til Bergen for å lære, ein omstendeleg veg med båt og buss og instrumentet på ryggen. Trubaduren Johannes Kleppevik høyrde langt seinare spelet og bad han med som musikar på ein turné i USA. Samarbeidet mellom dei to vart det meir av.

Etter kvart fekk Haakon taket på folkemusikk og eit stadig vidare repertoar. I 27 år song han i det lokale koret «Måltrastena», som han og kona, songar og kordirigent, skipa. For nynorsk kjempa han som leiar i Meland mållag og styremedlem i Noregs mållag.

«Tørrmuring er 90 prosent arbeid med hovudet.»

Haakon Aase

Landskjend for tørrmuring

Men det var med tørr med tørrmuring Haakon Aase gjorde seg landskjend. Slik muring er å byggje med stein i mange former og dimensjonar utan mørtel mellom dei. Steinane må høve til kvarandre slik at alle ligg stødig. Han vaks opp i kjerneområdet for slike murar i landet, Nordhordland. I tillegg låg det nok i han; alt som liten unge leika han med stein og la dei oppå kvarandre.

Som 51-åring stod han arbeidslaus etter konkurs på skipsverftet. Igjen tok han eit år på universitetet og nokre oppdrag. Så, i 2003, kom han med i prosjektet Tørrmuring i Nordhordland, finansiert av Norsk handverksutvikling, no Norsk handverksinstitutt. Dei har til oppgåve å ta vare på og føre vidare tradisjonelle handverk som held på å bli borte.

Her kom han i kontakt med tradisjonsmurarane Birger og Arvid Reigstad. Lokalt gjekk dei med tittelen kongemurarane fordi dei hadde hatt eit oppdrag for Slottet. Også Ragnar Hjertås hadde mykje å lære frå seg.

Av desse tre fekk Haakon i siste liten vite korleis skikken og knepa var for å få steinar av varierande form i hop til ein stødig mur. Resten er øving, mengdetrening, seier Berit Bruvik etter 17 år i yrket. Det gjeld å sjå kva for stein i røysa som høver i hop med dei som sist kom på plass, ha steinauge. Tørrmuring er 90 prosent arbeid med hovudet og 10 prosent med resten av kroppen, sa Haakon ein gong.

Haakon Aase midt i flokken av deltakarar på kurs i Botnane i Bremanger, 2023.

Haakon Aase midt i flokken av deltakarar på kurs i Botnane i Bremanger, 2023.

Foto: Magni Øvrebotten

Opplæring i restaurering

Institutt-prosjektet vart i stor grad å gjennomføre konkrete restaureringar. Haakon fekk i stand arbeidsplassar der han og fleire urøynde gjekk i lag for å byggje. Det kom i gang 30 tiltak på ulike stader og med ulike oppgåver. Rundt 300 deltakarar var innom denne opplæringa i kortare eller lengre tid. For 15 personar vart steinmuring seinare inntektsgjevande arbeid, heilt eller delvis.

Interessa for å setje i stand slike byggverk steig. Det vart spørsmål etter fleire hender. Restaurering og nye byggverk tok Haakon og fleire andre på seg, kvar for seg eller i samarbeid. Men meir og meir vart han leiar av kurs for urøynde. Dette drog han rundt i det meste av landet, med oppdrag frå private, organisasjonar og institusjonar.

Pilegrimsvegen over Dovre og kongevegen opp frå Lærdal til Filefjellet ber no preg av hans hovud og hender. På Nes ved Hardangerfjorden, heilt sør i Kvam kommune, står ei ny kvelvingsbru som ein heil skokk av personar var med på å byggje i 2018, på gamlemåten.

I den bratte Stalheimskleiva har Berit Bruvik, som først lærte av Haakon, leia vølinga av murar som held vegen oppe. Sjølv om ikkje alle som har vore med på ulike arbeid for å lære, er drivne i faget, er dei i stand til å løyse enklare oppgåver. Tradisjonen er berga.

Tusenårsstaden for Austrheim kommune, murt av Haakon Aase.

Tusenårsstaden for Austrheim kommune, murt av Haakon Aase.

Foto: Erik Solheim

Muraren frå Meland

Når muraren frå Meland fekk utretta så mykje – og fekk så mange til å konsentrere seg om stein i dagevis – var det også fordi han likte dei han hadde med seg. Rapporten han skreiv om tida i handverkinstituttet, ber tittelen «Fem år med folk og stein». Menneska og steinen skulle på sitt vis klinge i lag. Det var om å gjere å halde arbeidet jamt gåande, ikkje kave seg opp for å nå større tempo.

Heile seg

Attestane han får, er gode. Han var heile tida med i arbeidet med heile seg, sjølv etter at han var svekt av sjukdom. Det var ikkje nok å peike og snakke. Elevane måtte få sjå korleis dei kunne gjere det.

Og så hadde han ei smittande glede av alt som var bygt i stein, også den enklaste steingarden. Dette er kulturminne som ikkje berre skal ligge der til minne om kultur, men stå som ein del av eit landskap som er i orden, vakkert.

Kunnskapsrik, grundig, interessert i folk, ute etter kva som bur i dei, lun humor og gode replikkar – det er attestar han får.

Erik Solheim

Også i ein steingard må delane passe i hop. Garden vart bygd opp att på nytt i Botnane i 2013.

Også i ein steingard må delane passe i hop. Garden vart bygd opp att på nytt i Botnane i 2013.

Foto: Kjersti Straume-Sande

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén
Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge
Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge