Minneord

Håkon Bleken (1929–2025)

Kunsten hans vil leve lenge.

Håkon Bleken fotografert i samband med ei utstilling i Galleri Brandstrup.
Publisert Sist oppdatert

Det er underleg å skrive om Håkon Bleken i fortid. Trønderen har vore ein av dei fremste kunstnarane våre gjennom meir enn 60 år. Han hadde den sjeldne evna til å halde kunsten ung, den stadige revitaliseringa av uttrykket gjorde at han heldt seg aktuell. Heilt til det siste strøymde nye og friske måleri ut frå atelieret på Byåsen.

I fjor fylte han 95 år, eit jubileumsår som vart markert med heile ti utstillingar, mellom anna stormønstringa i samband med Bodø2024 og I stormen ved Nasjonalmuseet. Bleken er innlemma i alle sentrale samlingar, og han har fleire utsmykkingar, som dei store kolteikningane i Oslo Konserthus (1982–1983) og bibelhistoria han formidla gjennom heile 96 glasmåleri i Spjelkavik kyrkje (2007), for å nemne to.

«Selvportrett om femti år», 2001. Privat eige.

Håkon Bleken vart fødd i 1929 i Trondheim. Det var her han fekk den første kunstutdanninga, hos Oddvar Alstad ved Kunstskolen, før han drog til Oslo. Åra på Kunstakademiet såg han attende på med ulyst, han meinte dei hadde ført meir til stagnasjon enn til utvikling. Det var først då han vart lærar ved Noregs tekniske høgskule (i dag Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet) i 1960, at det kunstnarlege potensialet tok til å falde seg ut. Her fekk han inspirasjon frå kollegaer så vel som studentar. Saman med fire kunstnarkollegaer frå Arkitektavdelinga vart Bleken med i Gruppe 5, eit fellesskap som utforska det abstrakte måleriet.

Det nasjonale gjennombrotet kom i 1971, med ein serie store og eigenarta kolteikningar. I eit dramatisk, draumeliknande formspråk mana han fram motiv som fortalde om framandgjering og undertrykking. Som ein av få kunstnarar her til lands utvikla han ei bildeverd som ligg tett opp til surrealismen. Etter kvart kom han fram til det uttrykket han er kjent for, i det breie kryssingsfeltet mellom realisme og abstraksjon. Trass i at han har eksperimentert mykje med form og uttrykk, kjenner vi fort att eit Bleken-bilde når vi ser det, anten det er utført som måleri, collage, teikning eller grafikk.

Bleken hadde dessutan ein god penn, også bokstaveleg tala, han var ein av få som fekk lov til å sende Adresseavisa handskrivne artiklar. I desse tekstane flekka han tenner mot alt som kunne skade heimbyen Trondheim.

Han kunne slå ned med hard hand gjennom måleria sine. Som det spydige portrettet han laga av den tidlegare ordføraren i Trondheim, Rita Ottervik, i 2019. På denne tida storma det som verst i debatten kring den digre storbyhallen som skulle reisast på eit område som eigentleg er regulert til park. I måleriet er andletet til Ottervik redusert til eit digert blodraudt glis med kvasse tenner. Alt av menneskelege trekk er brent vekk, og det dyriske har fått frie taumar. Det er kanskje ikkje rart at det diktatorane først jagar vekk når dei kjem til makta, er kunstnarane. Ottervik, derimot, tok det med godt humør. For det er noko med Bleken. Det var vanskeleg å vere sint på han lenge om gongen. Han var altfor spennande å snakke med til det.

Bleken er ein av få kunstnarar som har vore svært synlege i bybildet, i Oslo og særleg i Trondheim. Han var stadig å sjå i teateret, på opningar og ikkje minst på kafé. Det er nok mange kring i landet som kan fortelje om møta dei har hatt med han. Bleken var også svært sjenerøs om det kom unge kunstnarar til han for å få råd. Då inviterte han dei inn, tok seg tid.

Første gongen eg møtte Bleken, var som fersk konservator ved Trondheim kunstmuseum. På ei utstillingsopning stod han brått framfor meg. Olm i blikket lente han den høge, magre kroppen over meg og spurde korleis eg kunne finne på å lage utstillingstekstar om sjølvaste Bjarne Ness (1902–1927) på nynorsk! Folk flokka seg rundt oss, spente på korleis eg ville svare. Eg hugsar slett ikkje kva eg sa, men etter ei stund mjukna ansiktet hans i eit lite smil, han nikka og gjekk. Sidan har eg besøkt han i atelieret og skrive fleire artiklar om han, alltid på nynorsk, sjølvsagt.

Bleken etterlèt seg eit stort publikum. Det er eit gapande tomrom etter han. Kven kan vel fylle den plassen? Vi får trøyste oss med at han har sett djupe spor etter seg. Bleken er for lengst skriven inn i kunsthistoria, og han har også fått sin eigen utstillingsplass. Gråmølna er ei avdeling under Trondheim kunstmuseum, basert på ei stor kunstgåve frå Bleken.

Kvil i fred, Håkon Bleken. Kunsten din lever vidare. Dei slagkraftige verka dine kjem til å inspirere kunstnarar i lang tid framover.