Makt, sex og problemet med tabu
Skal ein få bukt med seksuell trakassering i litterære miljø, må også mennene engasjere seg.
#metoo-kampanjen som starta i USA, spreidde seg raskt til andre land.
Foto: Lucy Nicholson / Reuters LUCY NICHOLSON
Denne helga arrangerer Samlaget «litterær damesalong» både i Oslo og Bergen etter initiativ frå forfattar Olaug Nilssen. Tanken er å styrke samhaldet mellom unge og eldre kvinner i det litterære miljøet etter at unge kvinner i ein reportasje i Klassekampen 28. oktober fortalde at menn med makt ikkje så sjeldan nyttar makta til å kome med seksuelle tilnærmingar. Det kan vere svært vanskeleg for den som er ung og avhengig av eit godt sosialt nettverk for å kome seg opp og fram i bransjen.
Det er flott om kvinner kan bli flinkare til å gi kvarandre merksemd og hjelp. Men la oss setje av eit minutt for å kjenne på ironien i at det er dei «eldre» kvinnene som prøvar å gjere noko med situasjonen – dei som ikkje er part i saka når menn med prestisje og unge, lovande kvinner sirklar kvarandre inn på fest og nachspiel.
Bransjeorganisasjonane har varsla at dei vil gå saman om å lage retningslinjer for å førebyggje seksuell trakassering og handtere slike episodar. Det er bra. Emnet bør vere ein naturleg del av habilitetsdebatten, for rom for upassande seksuelle tilnærmingar oppstår enklare når medvit om rolleblanding manglar, slik at den profesjonelle og den private sfæren glir over i kvarandre.
Men i praksis er det reaksjonane etter at etiske overtramp er gjorde, som seier mest om kor sterke normene er. Skal ein døme etter sanksjonane Silje Stavrum Norevik møtte då ho vart teken for plagiat i Bergens Tidende, er det mindre toleranse blant litteratane for juks med tekst enn for å bruke posisjonen sin til å øve sexpress.
Så enkelt er det likevel ikkje; det er meir skam knytt til å bli utpeikt som «gamal gris» – trur eg. Men paradoksalt nok kan det at fallet potensielt er så stort, gjere sjansen mindre for at slik oppførsel faktisk får følgjer. Dermed hamnar vi i den same knipa som debatten rundt romanen Arv og miljø av Vigdis Hjorth har demonstrert: Når skuldspørsmålet aldri blir avgjort, blir det heller ikkje mogeleg å gjere opp og gå vidare. Vi blir fanga i ei moralsk hengemyr av rykte og sosiale tabu.
Eg trur at dei fleste mennene i det litterære miljøet ikkje trakkar over grensene til unge kvinner. Men inntrykket er at det finst ein kultur for å glatte over i staden for å reagere. Det er slik sosiale tabu fungerer; at eit tema er for flaut til å snakke om, lèt dei som har færre skruplar halde på i fred. Men menn har større makt til å påverke menn enn vi kvinner har. Difor må dei også tore å ta opp dette emnet.
Det er på sin plass å vere redd for å førehandsdøme på grunnlag av udokumenterte skuldingar. Men endar vi med å bagatellisere slikt som er alvorleg for dei ramma, har vi gått i motsett grøft. Om ein vil hindre at kvinner hengjer ut namngjevne menn i sosiale medium, kan ein starte med å ta opplevingane dei fortel om like alvorleg som plagiat.
Merete Røsvik Granlund er litteraturvitar og fast
bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Inntrykket er at det finst ein kultur for å glatte over i staden for å reagere.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.