JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2023
20171215
2023
20171215

Pipa kjem tilbake til moderlandet

René Magrittes (1898–1967) berømte bilde «La trahison des image», som er betre kjent som «Ceci n’est pas une pipe», blir no flytta heim til moderlandet etter 45 år i Los Angeles County Museum of Arts. Det ikoniske bildet vart måla mellom 1928 og 1929 av den belgiske Magritte, som då var 30 år. Måleriet viser ei pipe med teksten: «Dette er ikkje ei pipe.» Slik skapar kunstnaren, som er kjend for den surrealistiske stilen sin, medvit rundt kva objekt som er verkelege, og ikkje berre festa til papiret. Kunstverket var starten på ei rekkje kunstverk som stilte filosofiske spørsmål – til dømes om eit flagg er eit flagg når det er laga av gamalt avispapir. Bildet skal no stillast ut i Royal Museums of Fine Arts of Belgium.

Mobilen som tidsmaskin

Gjennom mobilapplikasjonar utvikla ved Universitetet i Oslo kan vi no observere D-dagen, keisartida i Roma eller klimaendringane i framtida. Gunnar Liestøl, professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, leier eit forskingsprosjekt kalla «Situerte simuleringar» med mål om å nytte teknologi til historieforteljing og formidling. Når du er inne i appen på ein bestemt stad, kan du sjå den tredimensjonale animasjonsfilmen for akkurat denne staden.

Vertikale byar kan vere framtida

Urbane høgblokkar har lenge vorte kritiserte for å skape einsemd og isolasjon. Byplanleggarar i Singapore har derfor eit ambisiøst prosjekt: Å ta i bruk element frå landsbyen når dei bygg – oppover. Slik vil dei ta vare på kjensla av landsbyen – ein såkalla kampong – i byen, med nær tilgang til familie og grøntområde, skriv BBC. Dei vertikale byane skal ifølge prosjektet ha både himmelterrassar, hage på taket, grøntområde på bakkeplan og ikkje minst fellesstover. I tillegg inngår det i ideen at eldreheimar og barnehagar blir plasserte i same bygg, slik at fleire generasjonar kan bu nært kvarandre. Så langt er sju «vertikale byar» planlagde i Singapore, for å teste om dette er framtidas byplanlegging.

Elise Løvereide

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis