Menneske framfor Klagemuren i Jerusalem der ein romersk bygning er funnen.
Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix
ROMERSK TEATER I JERUSALEM
Nye utgravingar ved Vestmuren – òg kjend som Klagemuren – i gamlebyen i Jerusalem har avdekt eit romersk teater frå antikken. Dette er fyrste gong ein offentleg romersk bygning er funnen i Jerusalem. Av di eit slikt teater er nemnd i skriftlege kjelder frå antikken, har arkeologar i 150 år hatt ein slik bygning i bakhovudet under dei mange utgravingane i byen. Bygningen, med 200 sitjeplassar, vart funnen åtte meter under det som er bakkenivå i dag, i eit område som har vorte tildekt sidan eit jordskjelv i det fjerde hundreåret.
Oppdaginga vert rekna som viktig, og av nokre forskarar omtala som sensasjonell, av di ein fram til no har visst lite om historia til Jerusalem i dei meir enn fem hundreåra mellom den romerske øydelegginga av byen i år 70 og den muslimske erobringa på 600-talet. Ekspertar trur at teateret vart reist på keisar Hadrians tid (76–138), og at det vart nytta til framføring av musikk- og skodespel.
HALVERING AV MELDINGAR
At dei tilsette ved Statistisk Sentralbyrå, grunna intern uro, har produsert særs lite dei siste vekene, tyder ikkje at statistikkproduksjonen har gått på s alle stader. I dagsavisa Klassekampen har dei rekna på utviklinga i talet på meldingar innanfor musikk, film, scenekunst, litteratur, biletkunst, dataspel og fjernsyn dei siste tiåra. Dei har tatt føre seg dei fire riksavisene VG, Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen, i tillegg til eiga avis, og statistikken syner at talet på meldingar har vorte meir enn halvert, frå 820 meldingar i september 2007 til 406 i september i år. Størst er nedgangen i VG der september i år baud på berre ein firedel av meldingane i september for ti år sidan.
Ei liknande dansk undersøking, gjort av avisa Information, syner same tendens, men i Danmark har nedgangen vore mindre dramatisk, med om lag ein tredel, medan nedgangen i dei største dagsavisene i Noreg altså har vore på om lag 50 prosent.
PAPIRKONSUM
Årleg vert det felt om lag fire milliardar tre for å skaffa råmaterialet til verdas produksjon og konsum av papir. Det er ein auke på 400 prosent frå 1970-talet. Kvart tredje tre som vert felt på jorda, vert nytta i papirproduksjon. Sidan tusenårsskiftet har den årlege mengda av produsert papir dobla seg, frå om lag 100 millionar tonn til meir enn 200 millionar tonn no.
Papirkonsumet varierer sterkt frå verdsdel til verdsdel. Høgast er konsumet i USA, der kvar innbyggjar i snitt nyttar om lag 230 kilo papir årleg, eller meir enn ein halv kilo om dagen. Som ein god nummer to kjem Vest-Europa der det månadlege papirkonsumet ligg på 15 kilo i snitt per innbyggjar. I Asia og Latin-Amerika er det gjennomsnittlege forbruket nokså eins, om lag 40 kilo årleg. Det lågaste forbruket finn ein i Afrika. Kvar afrikanar nyttar i snitt sju kilo papir i året. Med andre ord er det månadlege papirkonsumet for ein afrikanar det same som det daglege papirkonsumet for ein amerikanar: 600 gram.
Håvard Rem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.