JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Skulebiblioteket treng ei lov

Grunnskulane forvaltar skulebiblioteka sjølve. Derfor er det enorme variasjonar på dei ulike skulebiblioteka i landet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5746
20170623

Skulebibliotek

Sju av ti skular har ingen plan for bruk av skulebiblioteket

Berre ein liten del av dei 3000 grunnskulane i Noreg har eigen bibliotekar

I 2012 viste PISA-undersøkingane at norske elevar ligg under gjennomsnittet på lesekompetanse

Ei kartlegging frå 2011 syner at 300.000 nordmenn les for dårleg. Det fører til fråfall i skulen og arbeidsløyse, ifølge undersøkinga.

Kjelde: NRK og
Universitetet i Agder

elovereide@gmail.com

I mars møttest representantar frå ulike bibliotekorganisasjonar for å diskutere skulebibliotekordninga med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Dei var kritiske til at skulebiblioteka ikkje er ein del av utdanningspolitikken, og at manglande forankring i politisk leiing i stor grad overlèt biblioteket til enkelte eldsjeler ved skulane. På den måten får norske elevar ulike tilbod, alt etter kor dei bur.

– Skulebiblioteka burde vore ein sosialt utjamnande faktor, seier skulebibliotekar ved Teinå skole i Stavanger, Helle Jomaas.

Satsingsområde

Teinå er ein av skulane som Dag og Tid har blitt tipsa om etter å ha kommentert bibliotekordninga på leiarplass. Ved Teinå skole har dei ein bibliotekar i halv stilling, og årleg blir 20.000 kroner frå skulebudsjettet brukt på biblioteket. Det meiner både Jomaas og rektor Gro Tøsdal er for lite, men dei viser til at skulen har lite å rutte med.

– Samanlikna med det totale budsjettet, er skulebiblioteket her eit satsingsområde. Svært mange skular har ikkje bibliotek, endå mindre ein bibliotekar. Lærarar og elevar kan rydde og organisere bøker sjølv, men noko av det viktigaste er jo formidlinga av litteraturen, seier Jomaas.

Bibliotekaren ved Teinå skole går ofte innom klassene for å lese høgt eller for å presentere nyinnkjøpte bøker. Elevane låner bøkene titt og ofte. I fjor var utlånet på 10.114 bøker totalt. Inkludert lærebøkene har biblioteket på skulen om lag 16.400 bøker i hyllene.

– Eg synest det er viktig med ferske og relevante bøker, i staden for å fylle opp hyllene mest mogleg. Men vi har jo så klart klassikarane frå Astrid Lindgren og Roald Dahl, seier bibliotekaren.

Prioriterte biblioteket

Både engelske bøker og litteratur på nynorsk er med i samlinga, sjølv om eit par av lærarane var skeptiske til nynorsk i starten. I tillegg har Jomaas prioritert litteratur tilpassa dei eldste i år, medan ho i fjor henta inn meir lettlesne bøker. Om sommaren har dei dessutan lesekonkurransar.

I 1990-åra kjempa skulen mot fagforeininga, som ville bruke pengar på ein ekstra lærar, medan rektoren heller ville prioritere eit godt bibliotek med eigen bibliotekar. Det meiner dagens rektor, Gro Tøsdal, var ein god investering.

– Biblioteket er miljøskapande. På Teinå har vi eit ope og tilgjengeleg bibliotek som skapar relasjonar. Elevane har ein fast time i veka på biblioteket, men kan også kome og gå som dei vil. Bibliotekaren hjelper elevane med å finne bøker som passar den enkelte, fortel Tøsdal.

Formidling

Det som gjer ein skulebibliotekar viktig, ifølge Jomaas, er formidlinga.

– Samarbeidet mellom meg og lærarane er essensielt. Medan dei kan undervisning, er det vi som kan litteraturformidling. I tillegg har vi kunnskap om informasjonssøk og digitale kjelder, noko eg gjerne skulle brukt meir av arbeidstida mi på, seier ho.

Skulebiblioteket skal stimulere til leselyst og heve kompetansen på lesing og skriving. Då er det viktig med eit oppdatert bibliotek som har utval av både fagbøker og skjønnlitteratur.

– Biblioteka skal vere ein arena for læring. Men då treng dei midlar frå skulen, kommunen og frå øvste hald, staten.

Treng ny lov

Krav til skulebibliotek er nedfelt i Læreplanen, men fleire interesseorganisasjonar jobbar no med aksjonar for å få ei lov om skulebibliotek. Ein av organisasjonane er Norsk Forfattersentrum.

– Når alt kjem til alt, er skulebiblioteket opp til den enkelte skule. Det er enorme forskjellar på skulebiblioteka i landet. Medan somme har store, opne bibliotek, har andre berre ei kasse med bøker. Det skapar forskjellar når det gjeld kompetanseutviklinga til elevane. Derfor treng vi ei lov, seier leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog.

– Kva vil ei slik lov innebere?

– Lova må regulere kor mykje plass biblioteket skal ha på ein skule. Dessutan bør ein prosentdel av budsjettet gå til biblioteket, og skular som har over eit visst tal elevar, bør tilsette ein bibliotekar. I tillegg bør biblioteka vere tilgjengelege.

Norsk Forfattersentrum har over lengre tid bede forfattarar om å fotografere skulebiblioteka dei vitjar. Resultatet er slåande: Det er store forskjellar mellom dei ulike skulane. Dersom skulen har dårleg råd, nedprioriterer dei ofte også bøker på nynorsk, fortel Herzog.

– Den viktigaste måten å lære nynorsk på er å lese bøker. Om den eine nynorskboka skulen har er frå 1969, er ikkje det godt nok.

Overskriftssamfunnet

Herzog er også uroa over om kommunesamanslåingar vil føre til at enkelte skulebibliotek blir fjerna. Det blir i så fall katastrofalt for elevane ved den skulen som ligg eitt stykke borte frå sentrumskjernen.

– Vi lever i overskriftssamfunnet. Skal ein forstå samfunnet og vere ein del av demokratiet, må ein lese artiklar og forstå brosjyrar, ikkje berre kunne lese overskrifter. Elevar må ha tilgang på litteratur. Skulebiblioteka kan ikkje basere seg på eldsjeler.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg synest det er viktig

med ferske og relevante

bøker, i staden for å fylle opp

hyllene mest mogleg.

Helle Jomaas, skulebibliotekar

– Biblioteket er miljøskapande.

På Teinå har vi eit ope og

tilgjengeleg bibliotek som

skapar relasjonar.

Gro Tøsdal, rektor

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis