Trykt og trekt tilbake
1918: Per Riste omsette Martin Luthers katekisme så fantasifullt at boka blei stoppa. Då hadde forlaget att to eksemplar.
Vanskeleg bodord. Ei dansk utgåve av Martin Luthers katekisme i 1756 blei forboden av di omsetjaren (med norsk far) hadde brukt «temmelig uforbeholdne Udtryk» i forklaringa av sjette bodordet. Luther måla av Lucas Cranach i 1528, utsnitt.
I Bokåret 2019 skriv Ottar Grepstad om viktige og uvanlege sider i litteraturen gjennom hundre år.

Å forby bøker har verdslege og religiøse makthavarar gjort i hundrevis av år. Ærekrenkingar, påstått sedløyse eller tukling med opphavsretten kan stoppe utgiving eller vidare sal. Arthur Thuesen fortel i Beslaglagte og supprimerte bøker vedrørende Norge (1960) om 316 tilfelle over fleire hundre år. Dessutan trekkjer forlag tilbake bøker når feila er blitt for mange. I 1918 var fem ord nok.
Katekismar har lenge vore viktige handbøker i truslivet. Alkuin, ein rådgivar for Karl den store, skal ha skrive den første seint på 700-talet. Då Martin Luther i 1529 gav ut to katekismar, fornya han denne tradisjonen. Han laga ei stor utgåve for prestane og ei lita for allmenta, med ulike teologiske tyngdepunkt. I den vesle gjorde han greie for dei ti bodorda, truvedkjenninga, sakramenta og bønene.
Den vesle katekismen bygde Luther opp med spørsmål og svar, 44 i talet. Få dreiv det lenger enn hoffpresten Erik Pontoppidan. I Sandhed til Gudfrygtighed frå 1737 samla han «alt det, som den, der vil blive salig, har Behov at vide og giøre». Med sine 759 spørsmål blei boka trykt i over 250 opplag berre for lesarar i Noreg.
Nordmenn måtte lenge lese katekismen på dansk. Sommaren 1891 godkjende regjeringa at Dr. Martin Luthers litle Katekisma av Elias Blix frå Det Norske Samlaget kunne brukast i religionsundervisninga. Blix-salmane blei først lovlege året etter.
Når Luther skulle forklare, spurde han berre: «Was ist das?» «Kva er det?» skreiv Blix. «Det er», skreiv Balestrand-presten Harald Ulrik Sverdrup i si omsetjing frå 1874. Mange tiår og opplag seinare blei Per Riste (1846–1930) beden om å lage ei nynorskutgåve, og Jacob Dybwad trykte 2500 eksemplar i april 1918.
Salet tok av då nokon oppdaga skandalen. Riste hadde erstatta «Det er» med «Kva godt skal me daa?». Det gjekk så nokolunde fram til sjette bodordet: «Du skal ikkje driva hor.»
Kirkedepartementet bad forlaget om å stoppe salet, men der var det berre att to eksemplar. Nokre år seinare kom ein del bøker i retur frå ein landhandlar, og desse eksemplara blei supprimerte.
Omsetjaren visste meir om det sjette bodordet enn dei fleste. Han og Synnøve Aarflot gifta seg i 1881, busette seg i Volda og blei foreldre til Olav tre år etter. I 1888 kom Synnøve, kalla opp etter mora, som døydde i barsel. Barnefaren var Rasmus Steinsvik, men Per Riste tok jenta til seg som si eiga. Livet gjennom trudde ho at han var far hennar, han som i 1918 skreiv seg vekk i det sjette bodordet.
Ottar Grepstad
Neste veke: Boka om Krigen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.