Frå sjakkverda

13 sigarettar

Ingen i sjakkhistoria kunne røykja som verdsmeisteren Mikhail Tal (1936–1992) frå Riga.
  

Mikhail Tal og den trettande sigaretten.
Publisert Sist oppdatert

Vladimir Nabokov var ein meister i språklege detaljar. I sjakkromanen «Forsvaret», som han skreiv på russisk i eksil i Berlin i 1930, kan ein lesa: «I mellomtiden hadde Luzjin funnet seg en dyp lenestol ikke langt fra trappen, og der satt han og betraktet menneskestimmelen i ly av en søyle mens han røkte sin trettende sigarett.» Den norske omsetjinga ved Axel Amlie er gjord frå den engelske utgåva, som Nabokov sjølv stod for i 1964.

Eit søk på russisk internett syner at referansen har vorte vanleg i nyare litteratur (her i omsetjinga mi av ymse forfattarar): «… tenkte han medan han røykte sin trettande sigarett», «han tende sin trettande sigarett og stod lenge med hovudet på skakke», «eg gjekk langs vegen og røykte min trettande sigarett».

Det subtile grepet til Nabokov er å la Luzjin nesten umerkeleg koma til orde gjennom epitetet «trettande». Korkje forfattaren Nabokov eller lesaren har noka interesse av talet på sigarettar, men det har hovudpersonen Luzjin. Sjakkspelaren Luzjin kan berre skjøna verda gjennom tal og variantar. Så lesaren skjønar noko essensielt om karakteren Luzjin gjennom den trettande sigaretten.

Somme romanar øydelegg den minimalistiske elegansen hos Nabokov ved at forfattaren kjem med si eiga meining («alt») om sigarettane: «Ministeren røykte alt sin trettande sigarett med ei misnøgd mine», «han røykte alt sin trettande sigarett for dagen».

Ingen i sjakkhistoria kunne røykja som verdsmeisteren Mikhail Tal (1936–1992) frå Riga. Aleksej Sjirov (f. 1972) skulle føra den romantiske Riga-stilen vidare og var eit par tiår i verdseliten. Som elleveåring fekk han i 1983 audiens hos Tal. Aleksej vitja meisteren saman med far sin og Aleksandr Koblents, trenaren til Tal. Gutungen vart brydd då ein kjederøykjande Tal konsekvent nytta De-forma til han. Medan Aleksej nølande synte fram nokre sjakkvariantar til Tal, tende far til Aleksej òg ein sigarett. Det same gjorde Koblents. Tre vaksne menn fylte hovudet til elleveåringen med røyk. Aleksej kunne ikkje tenkja klart og la sigarettrøyk for hat.

Nokre veker seinare spela Tal eit oppvisingsparti mot ein annan Riga-stormeister. «Kvifor hugsar eg dette partiet?» spør Sjirov i boka Brettet i flammer. «Ein kamerat av meg talde sigarettane Tal røykte under seansen. Han kom berre til elleve. Eg trudde talet skulle vera høgare.»

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.