Frå sjakkverda

Boris X

Den karismatiske og folkelege verdsmeisteren Boris Spasskij er død, 88 år gamal.

Boris Spasskij i Tilburg 1978.
Publisert Sist oppdatert

Boris Spasskij, den tiande verdsmeisteren i sjakk, døydde førre veke, 88 år gamal. Han var ein karismatisk personlegdom med X-faktor. Den elegante sovjetiske meisteren sympatiserte med den amerikanske rebellen Bobby Fischer, som slo han i den mest legendariske VM-kampen i historia, i Reykjavík i 1972. Russaren Spasskij lika ikkje KGB-oppassarane sine og ville til Vesten. Han gifte seg fransk og emigrerte til Frankrike i 1976 i ein stille protest mot Moskva-regimet.


Lenge før Putin gjorde nasjonalisme til katastrofal krigspolitikk, stod Spasskij fram som «russisk nasjonalist». Han var på merkeleg vis likevel godt likt av alle, kan henda av di han var folkeleg, ikkje pompøs eller sjølvgod. Det er vanskeleg å tenkja seg at han kunne gjera eit åndsarbeid eller ha eit arbeid i det heile. Jamvel om han formelt sett var utdanna journalist, makta han aldri publisera ein einaste tekst, ikkje eingong om sjakkmerittane sine. «Eg visste at eg sjølv var lat, men Spasskij tek latskapen til eit nytt nivå», sa seinare verdsmeister Anatolij Karpov då dei trena saman før VM-kampen mot Fischer.

36 år i Frankrike var heller ikkje nok til at han iddest læra seg skikkeleg fransk. Ein gong russar, alltid russar. Det var ein liten internasjonal skandale då Spasskij i 2012 vart «kidnappa» frå pleieheimen i Paris. Det viste seg snart at Spasskij friviljug hadde blitt med to russiske kvinner heim til Moskva. Den franske (eks-)kona var naturleg nok rasande. Spasskij kom aldri attende.


Spasskij kunne berre spela sjakk, men her var han verkeleg genial. Han var den fyrste universelle meisteren, ein som kunne spela alle stillingar like godt. Magnus Carlsen var den andre store universalisten. Spasskij sa om 14 år gamle Magnus i 2005: «Han ser heile brettet.» Det var ein presis observasjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement