Frå sjakkverda
Under bordet på hytta
Klassisk hyttesjakkbrett av låg kvalitet.
Med sjakkvenen min frå ungdomen spelar eg gjerne litt sjakk på hytta. Ein gong skreiv eg ei sjakkspalte i Aftenposten om eit slikt hytteparti og byrja spalta med orda: «Det spilles mye sjakk på norske hytter.» Dette er no blitt ei fast vending i gjengen vår. Vi klubbspelarar ser jo litt ned på hyttesjakken. Det er ikkje fint og seriøst nok, og nivået er dårleg. For ikkje å snakka om utstyret.
For nokre år sidan vart eg kontakta av ein forfattar som skulle skriva ein mini-påske-sjakk-krim på mjølkekartongen. Eg fortalde ei lita historie til inspirasjon. Han var ikkje synleg imponert, men lesaren får vurdera sjølv:
Dette var ei hytte som faktisk hadde nokre sjakkbøker i hylla. Bøkene vart aldri lesne, men kan henda fortalde dei historia om VM-kvalifiseringa mellom Tigran Petrosjan og Viktor Kortsjnoj. Dei hata kvarandre, og Kortsjnoj skulda Petrosjan for å sparka han på leggen under bordet.
Hytteverten var ein røynd klubbspelar, medan gjesten var ein glad amatør. Gjesten hadde drukke ein del, og no ville han spela sjakk. Men verten var på eit heilt anna sjakkfagleg nivå, og nesten heilt edru, så han baud i staden på kona. Ho tok motviljug plass ved bordet.
Verten fann fram hyttesjakkbrettet av tynn plast. Brettet hadde vore rulla saman og ute av bruk i mange år. Verten freista glatta ut brettet, men i midten, langs radene 4 og 5, danna det seg formasjonar som eit lite fjellparti.
Kona hadde kvit, medan verten var domar. Bonden gjekk nervøst frå e2 til e4, men fall. Han kom seg ikkje opp bakken. Verten drog i dei to hjørna a8 og h1 og fekk plassert bonden vaklevoren på e4. Slik gjekk partiet den neste halvtimen. Gjesten drakk tett, verten freista få brikkene til å stå rett, og kona tenkte djupt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.