Samfunn
Stolen barndom
Usbekiske sjakkpionerar og Lenin på 1930-talet. Foto: Max Penson
Eg-personen
vaks opp i sovjetiske Usbekistan: «Då eg var sju–åtte år, vart eg send til ein
pionerleir for sommaren, til fjella utanfor Tasjkent. Bibliotekaren var ei ung,
vakker kvinne med glødande auge. Ho lokka meg inn i ei sjakkgruppe. Kameraten
min Valerij var eitt år eldre og umogleg for meg å slå. Men bibliotekaren slo båe
to utan problem.
Sjakkpionerane
var privilegerte, vi hadde symjebassenget for oss sjølve i pausen. Sjakken blei
difor meir og meir populær, alle borna ville vera med. Bibliotekaren måtte
prioritera dei beste og varsla oss om ei silingsprøve med sjakkoppgåver.
Eg
foreslo for Valerij, natta før eksamen, at vi skulle stela oppgåvene og løysa
dei på førehand. Han vart med sjølv om han lett hadde klart prøva utan juks. Vi
smaug oss inn på biblioteket, fann oppgåvene i ein skuff, gjekk attende til
rommet og løyste alle saman før eg returnerte bunken.
Morgonen
etter var alle samla i biblioteket, men saman med bibliotekaren stod sjefen for
pionerleiren. Ho var 1,90 høg og tidlegare meister i kulestøyt. «Ein eller annan
har teke oppgåvene i natt», sa ho til vår skrekk. No mangla det eitt ark. Ho skulle
finna tjuvradden og kravde at den skuldige melde seg. Om ikkje ville ho kasta
ut alle saman frå sjakkgruppa.
Ho byrja
spørja ut den eine etter den andre. Så kom turen til Valerij. Bibliotekaren braut
inn og sa at den guten ikkje trong juksa for å løysa dei enkle oppgåvene. Eg
visste at eg kunne verta best i sjakkgruppa utan Valerij, og at eg ikkje ville
vera utan bassenget. Eg reiste meg og sa med klar røyst: «Ja, det er han!»
Ingen
trudde meg, stemninga var kaotisk. Men eg sa vidare: «Sjå på nattbordet hans!»
Bibliotekaren og direktøren sprang opp til rommet og fann det siste arket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.