Teknologi

Den nasjonale energiforsyninga



  

Nore I kraftverk i Rødberg øvst i Numedalen stod ferdig i 1928 for å gje elektrisk energi til hovudstaden. Røyrgata er ikkje i bruk, vatnet går no i tunnel til kraftverket.
Publisert Sist oppdatert

Eg vrengjer bilen brått til venstre. Kona, som etter kvart er vorten van med den impulsive åtferda mi, spør kva er det no? Framfor oss reiser det seg ein katedral som inneheld åtte såkalla peltonturbinar som vert brukte når fallhøgda for vatnet er stor.

Me går andektig mot ei av dei opne dørene og ser korleis turbinar og generatorar leverte av AEG er kopla saman for å generera elektrisk energi av den mekaniske energien vatnet har.

Det kona ikkje veit, er at eg har lese meg opp på Nore kraftverk, som ligg øvst i Numedalen. Kraftverket stod ferdig i 1928 og vart laga for å forsyna hovudstaden med energi. Faktisk vart den 93 kilometer lange jarnbanen mellom Kongsberg og Rødberg bygd berre med det føremålet å frakta dei åtte turbinane.

Me likar å tru at det var me som bygde landet, men det vart sjølvsagt gjort av utlendingar. Sjølv er eg av svensk rallarslekt og kjenner på klassehatet når eg får vita at skuleplassen på Rødberg vart delt i to, slik at rallarungane ikkje fekk mengja seg med lokalbefolkninga.

Nore kraftverk produserer i dag eit årsgjennomsnitt på 1173 GWh. Fallhøgda frå den oppdemde Tunhovdfjorden er 361 meter, og kraftverket kan svelgja unna 72 kubikkmeter vatn i sekundet.

Nore er ikkje det einaste i landet. Sjølv har eg vitja fleire enn eg har tal på. Dersom du ynskjer å få eit oversyn over alle kraftsystem i Noreg, er det berre å opne NVE Atlas. Der finn du så mykje informasjon at ein spion ville ha gråte av glede. Med vår utamde trong for stadig meir energi er det knapt ein plass att på kartet der det ikkje er gjort inngrep. I fjor vart det produsert 140 TWh elektrisk energi i Noreg. Litt under 10 prosent kjem frå vindturbinar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement