Teknologi

Røntgenstrålar

Ifylgje Shakira så lyg ikkje hoftene. Mine var aldeles utmerkte, så no går turen vidare til fysioterapeut for å verta kvitt smertene.
Publisert

Kvar byrja alderdomen? I trappa ein stad mellom andre og tredje etasje. Eg vrei foten og kjende ein ny type smerte i hofta. Eg har no pingsa i vekevis, og ein kollega har alt gitt meg dommen.

– Du er beinskøyr og må ha hofteoperasjon.

At eg er skøyr, kan eg leva med, men i beina?

Fastlegen tinga eit røntgenbilete, og idet eg gjekk ut døra, fekk eg ein telefon frå privatklinikken. Eg kunne få ta bilete om ein time. Ein kan seia kva ein vil om privatisering av helsetenester, men pengar verkar. Eg bad om utsetjing ei veke, slik at eg kunne lesa meg opp på røntgenstrålar.

W.C. Röntgens artikkel «Ueber eine neue Art von Strahlen» frå 1896 er fascinerande lesnad. På nokre få sider fortel han korleis han lagar apparatet sitt for å få mest mogleg energi ut. Det er ingen formlar. Röntgen berre fortel i ein særs munnleg stil om korleis han går fram i undersøkingane sine.

Han brukar eit røyr fylt med gass, der elektron vert akselererte med høg spenning før dei treffer ei plate av platina. Idet elektrona treffer plata, slår dei laus elektron i platinaet, og når dei vert erstatta, vert det sendt ut foton med høg energi. Éin artikkel var nok til å få Nobelprisen i fysikk i 1901.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement