E-sigarett
Rett inn i godtebutikken. Her har dei e-sigarettar i alle fasongar og med væskepatroner for stimuli av alle slag med ymse smakar. Foto: Per Thorvaldsen
Click to add byline
«Thank you for waisting my time.»
Plutseleg var stemninga dårleg i elektronikkbutikken i Syden. Seljaren skjøna at eg berre var ute etter å pumpa han for opplysningar og ikkje ville kjøpa noko som helst. Han hadde heilt rett. Eg hadde nokre minutt tidlegare sett eit par dampa på e-sigarettar og vart med eitt nyfiken på korleis dei verkar.
Vel, det er elektronikk på høgt plan. E-sigaretten har tre delar. Eit oppladbart litiumbatteri, ein tank for væske og eit fordampingskammer. Batteriet vert ladd med ein mobilladar via ein USB-port. Når ein trykkjer på ein liten knapp, vert ei lita mengd av væska send inn i fordampingskammeret samstundes som straum frå batteriet varmar opp eit motstandsmateriale.
Dette motstandsmaterialet er forma som spolar omgjevne av oljeleiande materiale, til dømes bomull. Motstanden i leiingstråden er med på å avgjera mengd og smak på dampen. Når motstanden er låg, får ein meir damp, men er motstanden stor, vert smaken betre. Materialet som vert brukt i leiingstråden, kan vera titan, nikkel eller rustfritt stål. På moderne e-sigarettar kan spenninga, effekten eller temperaturen til fordamparen regulerast.
Når knappen vert trykt inn, fordampar væska i kammeret på grunn av oppvarming, og brukaren kan kosa seg med damp blanda med ulike stoff frå ynskelista. Dess lenger knappen vert halden inne, dess meir damp får ein laga. Vel, eigentleg er det ikkje damp, men ørsmå forstøva, aerosolar, væskepartiklar som på grunn av den låge vekta sviv rundt i lufta og har slåande likskap med damp.
Fordampingseininga er forbruksvare, av di det legg seg belegg på spolane og bomulla ved bruk, slik at fordampinga vert dårlegare. Difor er eininga gjord så lita som råd og er enkel å byta ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.