Frå bridgeverda
Ei lang reise
Harold Stirling Vanderbilt. Jarnbanedirektør, seglar, pilot, tennisspelar med meir, og far til kontraktbridgen.
For nokre veker sidan vart ei av dei mest prestisjetunge amerikanske lagtevlingane, Vanderbilt, spela i Memphis i Tennessee. Namnet har ho frå ein farsfigur for heile bridgen, Harold Stirling Vanderbilt.
Etternamnet er opphavleg nederlandsk; De Bilt er ein småby i provinsen Utrecht. Men det var i USAs «Gilded Age», gylne tidsalder, på andre halvdel av 1800-talet at amerikanskfødde Cornelius Vanderbilt slo seg opp innanfor skipsfart og jarnbane, og ikkje så reint lite politisk manipulasjon og renkespel, til patriark i ein ustyrteleg rik familie. Filantropar var dei unekteleg, og nokre av dei storslegne herregardane og hyttene deira er i dag vakre kulturminne. Då Cornelius døydde i 1877, var han verdas rikaste mann.
Harold Stirling Vanderbilt var tippoldebarnet hans, fødd i 1884. Han voks opp i luksus, reiste ofte til Europa og segla verda rundt på yachtane til faren. Ein briljant seglar var han unekteleg og vann store konkurransar i den sporten.
Kontraktbridgen kan seiast å ha ein fødselsdag, og han fyller om kort tid hundre år. Fødselen skjedde til sjøs. Harold S. var ivrig kortspelar, og hausten 1925 dreiv han og pusla med eit nytt rekneskapssystem for auksjonsbridgen. Under ei reise med dampskipet «Finland» frå Los Angeles til Havanna via Panamakanalen fekk han testa ut dei nye prinsippa i lag med tre vener, og gjort nokre siste viktige justeringar, mellom anna etter råd frå ein kvinneleg medpassasjer.
Den 1. november kunne firkløveret spela eit nytt og perfeksjonert spel, døypt «kontraktbridge» av Vanderbilt sjølv. Vidare gjorde han knapt anna enn å skrive ned detaljane og gje kopiar til kortglade vener heime i New York: Spelet synte seg å vera så sinnrikt og morosamt at det straks fekk luft under vengene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.