Frå bridgeverda

Om tenner og myntar



  

Foto: Privat
Øyvind «Tannlegen» Haga var ein av dei mest profilerte tannlækjarane i Bridge-Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Nyleg handla denne spalta om røyking. Ikkje før var ho gått i trykken, så hugsa eg ein anekdote som burde ha vore nemnd.

Fredag ettermiddag, klart for helgetevling på eit hotell. Ein elegant eldre spelar skal sjekke inn. «Kva er gebyret for røyking på rommet», spør han. «Tusen kroner per natt», svarar resepsjonisten. Bridgespelaren: «Då betalar eg to tusen ekstra med det same.»

Hovudrolleinnehavaren er Øyvind Haga frå Haugesund, populært kalla Tannlegen. Om det byrjar gå på stumpane i denne spalta, kan vi køyre ein serie om legendariske tannlækjarar i bridgen, for dei er talrike, og det er interessant at så mange tannlækjarar har valt ein hobby som er så lite tannhelsefremjande som bridge.

Også ein eventuell serie med nekrologar over bridgespelarar kan bli lang, for legendene fell ifrå fortare enn nye kjem til. Tannlegen døydde i oktober. Ven og makker Roger Træet vitja han fleire gonger på sjukehuset i den siste tida. Tannlegen kunne fortelja at han sov mykje, og at han brukte å kike under dyna kvar gong han vakna, for å sjå om det hadde kome lapp på tåa hans.

«Der eg ikkje er», brukte storspelaren Haga å seia, «manglar det ein mann.»

No kunne eg ha lista opp alskens merittar, men det eg helst vil hugse, er fylgjande: På ei tjåkfull uteservering ein sein aftan under den årlege bridgefestivalen har Tannlegen greidd å kapre ein stol, der han sit og nyt ein sigarett som vanleg. Så strekkjer han seg fram mot det fjerne bordet for å ta ein slurk, og i denne rørsla ryr eit berg av småpengar ut or lommene hans, utan at det ser ut til å affisere han. Ein av myntane, ein femkroning, landar ved skoa mine der eg står. Eg plukkar han opp og vil gje han attende. «Nei», seier Tannlegen på sin klingande haugalandsdialekt, «denne skal du ha, han vil bringe deg hell og lykke i eit langt bridgeliv.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement