Cottage cheese
Sjølv to alternativ kan av og til vere eitt for mykje.
Kvit som snø – og sunn som cottage cheese.
Foto: Pxhere.com
Finst det ei matvare heile verda er samd om er sunn? Det må jo vere ei grønsak, er det fyrste som slår meg, men så finst det faktisk ganske mange som meiner at ferske grønsaker inneheld for mykje av noko som heiter fytinsyre, og difor ikkje er så sunne å ete likevel.
Frukt kunne ein jo tru var allemannseige, men ein skal ikkje google lenge før ein kjem over dei som meiner det inneheld for mykje (frukt)sukker. Mange antroposofar unngår heilt tomat, potet og andre planter i søtvierfamilien – av litt uklare, men for dei viktige grunnar.
Nei, vi vert nok ikkje samde alle saman. Men om vi held oss til brorparten, til dømes dei av oss som bur i Noreg og på eitt eller anna nivå held oss til offisielle kosthaldsråd, har eg i det minste enno ikkje høyrt hevda at ferskosten cottage cheese er direkte usunn.
Snarare tvert om: Cottage cheese vert trekt fram som både slankemat og treningsmat. Eit produkt med lågt feittinnhald, høgt proteininnhald og nett høveleg karbohydratinnhald kan knappast verte sunnare, kan det det, då?
«Både vanleg og mager cottage cheese er altså sunne alternativ innanfor sin produktkategori.»
To tvillingar
Jau, ifylgje cottage cheese-produsent Tine kan det visst det. Dei produserer nemleg to typar cottage cheese: ein variant med 4,3 prosent feitt og ein mager variant med 2 prosent feitt.
Dette synest òg å vere den einaste skilnaden mellom dei to produkta. Innhaldslista er heilt lik: skumma mjølk, fløyte, mjølkesyrekultur, salt, konserveringsmiddel og mikrobiell løype pregar begge osteboksane. På Kiwien min er til og med prisen identisk – 31,90 kroner per boks eller 79,75 kroner per kilo.
På toppen av dette er begge variantane tildelte nøkkelholmerket: Både vanleg og mager cottage cheese er altså sunne alternativ innanfor sin produktkategori. Då klarar eg ikkje late vere å spørje: Kvifor treng vi to typar cottage cheese som er så like?
Eg kunne sjølvsagt byrja i andre enden – med å spørje om det er noko i vegen med å ha to ulike cottage cheese-variantar ved sida av kvarandre i butikkhylla? Det openberre svaret vert jo at sidan dei to produkta er så like, er det ingenting i vegen med nokon av dei, og difor heller ikkje noko problem med å late dei begge to eksistere. Det skadar ingen å kjøpe verken den eine eller den andre boksen.
Men ein liten skilnad er det jo – og den skilnaden utgjer 2,3 prosent feitt, rett og slett, verken meir eller mindre. Sidan begge variantane er ysta på skummamjølk og osten sidan er vend i ein dressing av fløyte (det er dette som gjer at osten nesten ligg i ein saus), går vi ut ifrå at desse feittprosentane er å finne i mengda fløyte som er brukt i denne dressingen.
På samvitet laus
Om vi omset dei prosentane til kaloriar, ser vi at vanleg cottage cheese har 96 kaloriar per 100 gram, medan magervarianten inneheld 79. 100 gram er om lag storleiken på éin porsjon – med andre ord sparer vi 19 kaloriar. Dette svarar til 2 gram feitt, som igjen ville fått plass i om lag ei tredjedels teskei.
Skilnaden mellom dei to variantane gjev med andre ord ikkje det heilt store utslaget på kaloriinntaket vårt. Men kan det ha større utslag på andre delar av oss?
Set at du slankar deg. For å sleppe å kutte ut matvarer du er skikkeleg glad i, byter du dei ut med magrare utgåver. Set at du byrjar med cottage cheese. Truleg skal det ganske mykje til for at det bytet gjer noko utslag på badevekta. Men nett det kan fort gje utslag mellom øyra, i form av kjensla av å mislukkast.
Eller omvendt: Set at du gjerne skulle ha slanka deg, men ikkje orkar. Kvar gong du vel den originale cottage cheese-varianten, får du bitte litt dårleg samvit.
Kan problemet med å ha to variantar av cottage cheese som er temmeleg like, men der den eine heiter «Mager» og den andre ikkje, vere nettopp det – at det skapar eit bilete av ein røyndom som ikkje eksisterer?
Valfridom er ikkje alltid eit gode, ikkje eingong i cottage cheese-verda.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.