JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

«Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.

Foto: Pxhere.com

4188
20241011
4188
20241011

Vert det artigare å ete fisk om han kjem forma som sjøstjerner og anker? Det er iallfall tanken som ligg bak nyvinninga til Findus: Fish & Fun Fiskefigurer er ikkje berre forma som leikefigurar frå havet, men kjem òg i ein pakning med bilete av Kaptein Sabeltann-lakeien Pinky på framsida. «Med sin eventyrlystne, energiske og livlige personlighet ønsker Pinky å motivere yngre familiemedlemmer til å være modige og eventyrlystne ved å våge å spise Kaptein Findus sine nye og havinspirerte fiskefigurer», skriv Findus i ei pressemelding.

Jau. Skal tru om vi vågar å lese innhaldslista? Ho er ikkje så lang: Paneringa er laga av kveitemjøl, rapsolje, vatn, potetstivelse, krydder, salt og gjær. Greitt nok, det, men kva med fisken? Det er 51 prosent av han, ikkje noka imponerande mengde, men rarare – og nettopp litt skumlare – er det at han ikkje er gjeven opp som noko anna enn «fisk».

«Etter å ha tråla utvalet til Rema, Coop Extra og Spar finn eg ikkje ein einaste fiskepinne som er produsert i Noreg.»

Fisk kan vere så mangt – og kva for ein fisk som hamnar i fiskefigurane, er visst ikkje så nøye. På pakningen er det spesifisert at det kan vere nytta Alaska-pollock frå austlege Stillehavet eller frå vestlege Stillehavet, eller det kan vere nytta stillehavslysing.

Uansett er det snakk om fisk fiska langt unna våre eigne farvatn. Fiskefigurane er då også produserte i Tyskland – på ein av fabrikkane til eigaren av Findus, det europeiske frosenmatfirmaet Nomad Foods.

Pinnar på langtur

Ikkje mykje norsk ved dette fiskemåltidet, med andre ord. Og verken fiskefigurane eller Findus er aleine om denne måten å produsere panerte fiskepinnar på. Etter å ha tråla utvalet til Rema, Coop Extra og Spar finn eg ikkje ein einaste fiskepinne som er produsert i Noreg.

Ja, eg finn berre eit fåtal som tek seg bryet med å halde seg til éin type fisk i produksjonen sin. Trikset med å skrive «fisk» på innhaldslista og så spesifisere under at ulike kodar svarar til ulike fiskeslag som kan lesast av på Lot-koden ein annan stad på pakningen, synest gjennomgåande: Det er nytta på to variantar av Rema 1000s Fiskepinner produserte i Estland (ein variant vekslar mellom hoki, sei, Alaska-pollock, lysing og torsk) og Coop X-tra Fiskepinnar produserte i Polen (vekslar mellom Alaska-pollock og torsk).

På eller over grensa

To variantar som derimot er opne om at dei brukar bulkfisken Alaska-pollock i fiskepinneproduksjonen, er dei som vert selde hjå Spar under merkenamna Fiskemannen og First Price. Begge to er EMV-varer, altså merkevarer styrte av kjedeeigaren Norgesgruppen. Begge er også produserte på same fabrikk: Pickenpack Seafoods Group ligg fire mil frå den tyske sida av Vadehavet – rett nord for nasjonalparken Emsauen.

Vadehavet er eit morosamt hav der ein kan spasere barfot ut på øyane på lågvatn, men du må ikkje late deg lure: Floa kjem fort og gjer deg våt på føtene. Det var likevel ikkje poenget her: Poenget var dei to fiskepinnane som kjem frå same fabrikk. Har dei ikkje temmeleg like innnhaldslister òg dei to? 65 prosent Alaska-pollock, kveitemjøl, vatn, rapsolje, stivelse, salt, gjær og kryddera paprika og gurkemeie, står det på pakningen merkt Fiskemannen, og er ikkje det nøyaktig det same som det står på pakningen frå First Price? Er ikkje dette nøyaktig same fiskepinnar, berre pakka i to ulike pakningar – og gjevne ein temmeleg ulik kilopris?

Ja, og det siste er ikkje eingong å ta i. Fiskemannen Fiskepinner kostar 102 kroner per kilo. First Price kostar berre ein tredjedel: 37 kroner per kilo. Tredobbel pris for nøyaktig det same produktet. Pakningen er til og med lik i utforming – den absolutt einaste skilnaden her er kva trykk og kva marknadsføring fiskepinnane har fått.

Det er jammen ikkje berre Vadehavet som kan lure deg.

Kan det endåtil vere det er lov å bruke sterkare ord? Ifylgje Økokrim omfattar bedrageri å «lure til seg verdier man ikke har krav på». Om verdien av fiskepinnane svarar til prisen på varianten frå First Price, kan det vere at Fiskemannen-prisen nærmar seg bedrageri? Vi kan berre spørje – bevisbyrda ligg ein eller annan stad hjå produsenten.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis